Hopp til innhold

Snart skal rekkverket produsere straum

Sjå for deg rekkverket på den beste solplassen du veit om. Kva om kvar einaste meter rekkverk var laga av solcellepanel? Med nokre meter solcellepanel-rekkverk kan ein forsyne ein husstand med nok straum store deler av året.

Per Kristian Kile og Jon Arne Ask

Snart kan dette rekkverket skiftast ut med solceller. Den første prøvemodellen er klar og står i Bergen. Eit firma skal ta ideen vidare, og kan vere klar med dei første modulane på marknaden til våren 2017.

Foto: Terje Reite

Vi er på verandaen til gründer og idéutviklar Jon Arne Ask i Ulsteinvik. Saman med kamerat, kompanjong og tidlegare kollega Per Kristian Kile har han utvikla eit nytt tilskot til solcelle-marknaden i Noreg. Oppfinninga kan vere med og setje fart i bruken av sola som energikjelde både i bustadblokker, einebustader, rekkehus og andre bygg.

Framleis har Jon Arne Ask eit tradisjonelt rekkverk i tre på verandaen sin. Men den sydvendte verandaen med fritt utsyn over Ulsteinvik og over til Herøy er dette ei ideell plassering av eit solcelle-rekkverk.

– Når modellen er klar vert nok dette tre-rekkverket bytta ut med eit straumproduserande rekkverk ja, seier Jon Arne Ask.

Solcelle rekkverk

Denne prøve-modellen står montert i eit lokale i Bergen. Her er det montert lys-anlegg som hentar straum frå panelet.

Foto: Per Kristian Kile

Teknologien har utvikla seg og dei siste åra er fleire hus-tak blitt utstyrt med solcellepanel. Det er denne typen panel Kile og Ask har teke utgangspunkt i.

Per Kristian Kile

Per Kristian Kile.

Foto: Terje Reite / NRK

Jon Arne Ask

Jon Arne Ask.

Foto: Terje Reite / NRK
– Vi har fått bygt om solcellepanela og har laga eit opplegg der vi får dei plassert inn i eit design-rekkverk. Rekkverket består av solcelle-teknologi, ein moderne aluminiums-konstruksjon, glas, kabling og system for tilkopling til straumnettet i huset, seier Per Kristian Kile.

Rekkverket ser rett og slett ut som eit vanleg, moderne rekkverk, slik vi kjenner dei på moderne bygningar, med mykje glas og stål eller aluminium.

Målet er å gjere den solvende verandaen om til ein stad for produksjon av energi, seier Ask.

Dei to utviklarane hevdar at det er store fordelar med å ha solcelle som rekkverk i staden for å ha solcellene på taket eller på fasaden av eit hus. I Noreg står sola ofte lågt på himmelen. Dermed skal det vere meir effektivt å ha solcellepanel på rekkverk og fasadar enn på tak, ifølgje dei to.

– Vi ville utnytte den låge sola som er så spesiell i Norden. Takmonterte solcellepanel har ei vinkling som gjer dei mindre effektive enn vertikalt monterte solceller, seier Kile.

– Samtidig vil vi skåne taket mot ein installasjon der ein går inn på takstolar og skrur mange hol, legg Ask til.

Jon Arne Ask og Per Kristian Kile

Jon Arne Ask og Per Kristian Kile har drive med produktutvikling på fritida i fleire år. Dei har utvikla appar, og har vunne ein konkurranse om utvikling av systemovervaking for eit stor bilmerke.

Foto: Terje Reite / NRK

Dei to utviklarane legg også vekt på at eit rekkverk på ein terrasse eller veranda er lett å kome til for vedlikehald og reparasjon.

– Dette blir veldig enkelt. Du løyser det med eit par skruar. Dermed er det ei enkel sak å få utført service på eit slikt anlegg.

Solcellepanela er spesialdesigna for å sikre tryggleiken på verandaer høgt oppe på fasadar, på for eksempel bustadblokker.

– Der er eit sterkt glas inn mot verandaen som sikrar tryggleiken, seier Per Kristian Kile. Det skal tole orkan, det skal tole folk som dett inn mot rekkverket. Det er rett og slett Veritas-godkjent, legg han til.

Veranda rekkverk

Tenk om rekkverket kunne fange energien frå sola. Det var dette rekkverket som fekk gründerane til å tenkje på solceller i rekkverksmodular.

Foto: Per Kristian Kile