Hopp til innhold

Dette er første kyrkje som får solceller på taket

Strand kyrkje på Tau er første kyrkje i Norge som får solceller på taket for å bli sjølvforsynt med straum.

Produserer sin egen energi.

Den 150 år gamle kyrkja går nye tider i møte med eit avansert solcellepanel til ein prislapp på 1,6 millionar kroner.

– Dette er tredje dagen me held på. Og det har vore knallsol kvar dag. Det er bra, smiler dagleg leiar i Norsola Tor Sigurd Gilje, trygt plassert i ein lift ved taket på Strand kyrkje.

Den 150 år gamle kyrkja går nye tider i møte med eit avansert solcellepanel til ein prislapp på 1,6 millionar kroner. Det har ein effekt på 22.000 kilowattimar per år når det står ferdig.

Soknepresten meiner det er rett og rimeleg at kyrkja nå hentar energien dei treng direkte frå dei høgare makter.

– Nå utnyttar me energien Gud har gitt oss gjennom sola. Eg tenker også dette er ein del av forvaltaroppdraget me som menneske og kristne har fått, nemleg å ta vare på ressursane både for samtida og framtida, seier sokneprest Martin Ivar Arnesen.

Trudde ikkje dei ville få ja

Men det har ikkje vore nokon enkel prosess å få grønt lys for solcellepanel på kyrkjetaket. For det er strenge reglar når det er snakk om å tukla med 150 år gamle kyrkjebygg, fortel kyrkjeverje Trond Hjorteland.

– Det som starta som ein litt gal ide for to-tre år sidan er nå blitt ein realitet. Me trudde vel eigentleg Riksantikvaren og biskopen vil setja foten ned for prosjektet, men tvert imot har dei vore konstruktive og gitt oss lov til å gjennomføra dette prosjektet som er det første i Norge i sitt slag, fortel Hjorteland.

Strand kyrkje

Strand kyrkje på Tau er første kyrkje i landet som får solceller på taket.

Foto: Kaj Hjertenes

Nasjonalt pilotprosjekt

Nå er solcellene på Strand kyrkje blitt eit nasjonalt pilotprosjekt for å sjå om dette er løysinga også for andre, trekkfulle kyrkjer i Norge.

– Innimellom har det vore ganske kaldt og det bles litt gjennom heile kyrkja. Det vil det sikkert framleis gjera, men nå har me energi som kan gi oss ein god varme, meiner sokneprest Arnesen.

– Me har statistikk mange år tilbake i tid og eit snittforbruk på straum på 90.000 kilowattimar i året. Her har kråkene og flaggermusene hatt gode og varme tider, men det er det slutt på nå, humrar kyrkjeverje Hjorteland.