Hopp til innhold

Måtte ha vakthald under foredrag: – Eg lar meg ikkje skremme

Vakter blei leigd inn for å passe på forfattaren Tinashe Williamson etter rasistiske kommentarar før eit foredrag i Ålesund.

Tinashe Williamson holder foredrag om rasisme i Ålesund. Hun måtte ha vakthold etter å ha vært utsatt for rasistiske ytringer i forkant.

Tinashe Williamson måtte ha vakthald då ho heldt foredrag om rasisme og antirasisme i Ålesund.

Foto: Marthe Tafjord Jansen

– Det var sjølvsagt ubehageleg fordi det er eit ope arrangement og du veit ikkje kven som dukkar opp. Så du står jo på scenen med ein klump i halsen. Men det gjekk veldig fint, og alle i salen var fantastiske.

Tinashe Williamson var invitert til Ålesund torsdag for å snakke om rasisme og antirasisme. Ålesund kommune annonserte på førehand foredraget på Facebooksida si. Her blei kommentarfeltet raskt fylt opp med sterke ytringar.

Les også Rystet over rasisme-kommentar på Gardermoen: – ​​​​​​​ Vi tar denne saken svært alvorlig

Vixen awards 2021

Kommunen måtte stenge kommentarfeltet. Og Tinashe Williamson måtte ha vakthald under foredraget på biblioteket i Ålesund. Det var managementet hennar som meinte det var best at Securitas var til stades, skriv Sunnmørsposten som omtalte saka først.

– Det er jo ironisk at dei stadfestar bodskapen min på denne måten når eg kjem for å snakke om rasisme og antirasisme.

Mange hadde møtt opp for å høyre på Tinashe Williamson som er forfattar, skodespelar og modell. Familien hennar flytta frå Egypt til Noreg då ho var to månader gamal. Ho vaks opp med mykje rasisme i kvardagen.

Tinashe Williamson

Tinashe Williamson kom til Noreg då ho var to månader gamal.

Foto: Privat

Det var ikkje før ho som 24-åring blei gravid, at ho bestemte seg for å ta opp kampen. Nok var nok. Ho orka ikkje tanken på at borna hennar skulle vokse opp med rasismen.

– Veldig, veldig opprørande

For dei som hadde møtt opp for å høyre på foredraget blei det ei sterk oppleving. Marthe Tafjord Jansen jobbar i Sparebank 1 SMN som støtta arrangementet økonomisk. Ho hadde møtt opp for å høyre på bodskapen til Tinashe Williamson.

Dagen etter foredraget er Marthe Tafjord Jansen framleis sterkt prega av det som hende.

– Eg synest det var veldig, veldig opprørande. Det trefte meg midt i magen. At kommunen måtte stenge ned på grunn av kommentarane. At ho måtte ha vakthald fordi ho kjente seg utsett. Eg trudde vi var kome lenger i 2024.

Marthe Tafjord Jansen i Sparebank 1 SMN er opprørt etter at forfattere Tinashe Williamson ble utstat for rasisme i Ålesund.

Marthe Tafjord Jansen i Sparebank 1 SMN er sterkt etter at Tinashe Williamson blei utsett for rasisme i samband med foredraget i Ålesund.

Foto: Trond Vestre / NRK

Hadde ikkje kapasitet

Kommunikasjonssjefen i Ålesund kommune, Christine Rørvik, seier at kommentarane som kom inn på Facebooksida til kommunen ikkje var trugsmål som var retta mot Tinashe Williamson eller foredraget som ho skulle halde.

Men det kom mange sterke ytringar der nokre hadde rasistisk innhald. Og debatten eskalerte der mange fortalde om eigne opplevingar. For kommunen var det ikkje lenger mogleg å moderere innlegga.

– Vi hadde ikkje kapasitet til det så vi valde å stengje ned kommentarfeltet.

Kommentarfelt på Ålesund kommune sin Facebook-side.

I kommentarfeltet på Ålesund kommune si Facebookside kom det fleire rasistiske ytringar.

Foto: Skjermdump Ålesund kommune sin Facebookside

Roser kommunen

Hatem Ben Mansour er dagleg leiar for Antirasistisk Senter. Han meiner det er bra at Ålesund kommune valde å stenge ned kommentarfeltet.

– Det er skuffande at det blei slike kommentarar. Samtidig synest eg det er bra at kommunen tek ansvar og stengte ned kommentarfeltet. Heller det enn å la det stå. Det kan vere vanskeleg å moderere slike kommentarfelt og då er det fint at dei tok ansvar.

Mansour fortel at dei ofte opplever å få rasistiske kommentarar på sine arrangement i sosiale medium. Han trur at ein del av problemet er at mange skriv ting dei elles aldri hadde sagt til nokon.

Lederen i Antirasistisk Senter, Hatem Ben Mansour klør seg på haka.

Leiaren i Antirasistisk Senter, Hatem Ben Mansour meiner det var riktig av Ålesund kommune å stengje kommentarfeltet.

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Men Tinashe Williamson har ikkje tenkt å la seg kue etter det som skjedde i Ålesund torsdag. Ho meiner det er viktig å fram bodskapen. Difor vil ho ikkje teie om det ho har på hjartet.

– Eg skal stå på ei scene igjen veldig snart. Dette er sjølvsagt ubehageleg, men eg gir meg ikkje. Eg lar meg ikkje skremme.

Les også Hvordan svare på rasisme? Her er syv tips

Rasisme-demonstrasjon i Basel i Sveits