Hopp til innhold

Etter dødsbrannen har hurtigrutene fått nye brannsløkkingsanlegg

Brannsløkkingsanlegget om bord i Hurtigrutene har utgjort ein fare for menneskeliv. I dag har alle hurtigruteskip bortsett frå tre fått nye anlegg.

Brenn ved kai

To personar omkom då det starta å brenne i hurtigruteskipet M/S Nordlys under innseglinga til Ålesund. No er den endelege rapporten om årsaka til brannen klar.

Foto: Bjørn Ivar Voll / NRK

Maskinrommet i MS Nordlys

Brannen starta i maskinrommet fordi diesel spruta på varme uisolerte flater. No stiller Havarikommisjonen nye krav til isolasjon.

Foto: Statens havarikommisjon

To personar omkom då det starta å brenne i hovedmaskinrommet i hurtigruta Nordlys 11. september 2011. I dag kom Statens havarikommisjon for transport med sin endelege rapport. Dei konkluderer med at brannen oppsto fordi diesel spruta på ein svært varm, uisolert indikatorkran på hovudmotoren.

For Hurtigruten er det meste i rapporten kjent frå før og dei har allereie tatt fleire grep for å betre tryggleiken.

Farleg brannsløkkingsanlegg

Det aller viktigaste dei har gjort er å bytte ut det Co2-baserte brannsløkkingsanlegget. Havarikommisjonen føreslår at slike anlegg vert forbode.

– Det kan gå liv berre ved å bruke dette anlegget. Vi har bytta til vanntåkeanlegg på Nordlys og fleire søsterskip, seier Norum.

Tre skip står for tur til å få installert nye brannsløkkingsanlegg, og då skal alle Hurtigruter ha sløkkesystem basert på vasståke.

Statens havarikommisjon for transport konkluderer med at brannen på hurtigruten «Nordlys» oppsto som følge av at diesel sprutet på en svært varm, uisolert indikatorkran på styrbord hovedmotor. Nå foreslår kommisjonen omfattende endringer for å hindre lignende hendelser.

For dårleg trent

Ragnar Norum

Ragnar Norum meiner det er ein god rapport som har fokus på å lære av ulukka.

Foto: Dan Henrik Klausen/Arnstein Jensen / NRK

I rapporten vert det også peika på at dei tilsette ikkje hadde nok trening når nøkkelpersonell vart sett ut av spel. Stedfortredarar var utnemnt, men det var ikkje gjennomført øvingar der dei tok over rollene til nøkkelpersonellet. Norum seier at treninga no er betre.

– Vi har sett i gong eit program der lærlingar og andre får endå meir opplæring og bli kjende med skipet, seier Norum.

Hindre at det skjer igjen

Han seier at han rapporten er god og at reiarlaget er glade for at hovudfokuset er på korleis ein kan lære av ulukka.

– Det er ikkje berre viktig for bransjen, men også for styresmaktene slik at vi sikrar at det ikkje skjer igjen, seier Norum.

Video Hurtigrute brann utanfor sentrum i Ålesund

Hurtigrute brann utanfor sentrum i Ålesund

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL