Hopp til innhold

M/S Nordlys er i rute att om fem dagar

To personar omkom under brannen i hurtigruta M/S Nordlys. No er skipet snart i rute att.

M/S Nordlys

Om fem dagar skal M/S Nordlys i trafikk att.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Truls Bruland

Truls Bruland er kaptein ombord i M/S Nordlys.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

Maskinrommet i M/S Nordlys

Det har vorte gjort omfattande arbeid i maskinrommet

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK
– Det skal bli godt å kome vidare. Vi har hatt mange stunder til ettertanke, seier kaptein Truls Bruland ved hurtigruteskipet M/S Nordlys.
Rolf Fiskerstrand

Rolf Fiskerstrand er adm.dir ved Fiskerstrand Verft.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

I dag ryk det igjen normalt frå skorsteinen på skipet, som ligg ved Fiskerstrand verft i Sula. Reparasjonsarbeidet etter brannen 15. september har vore omfattande, men no er det berre små ting att før skipet er seilingsklart.

Les også:

To miste livet

To tilsette miste livet i brannen og fleire vart skadde. Sjølv om hurtigruta skal i rute att onsdag 28. mars, vil Bruland og dei andre alltid minnest dei som omkom.

– Vi kjem aldri til å gløyme våre gode vener og kollegaer. I kveld vil vi difor halde ei minnestund ombord, seier Bruland.

Omfattande skader

Det var Fiskerstrand verft på Sunnmøre som fekk arbeidet med å reparere hurtigruteskipet. Dei har brukt ca 100.000 arbeidstimar. Skipet fekk omfattande skadar i brannen, og i maskinrommet, der brannen starta, har det vorte gjort store reparasjonar.

No har begge motorane fått nye delar og blitt totaloverhalt. I tillegg er alt anna utstyr i motorrommet demontert, og delvis fornya.

Video Hurtigrutebrannen den tyngste for ny politimeister

Slik såg det ut då det brann ombord i hurtigruteskipet.

Foto: Nyhetsspiller

- Skrekken er brann

Det er også installert nytt brannslokkingsanlegg og to nye nødutgangar frå maskinrommet.

– Brann ombord i skipet er vår store skrekk, og det er slikt som kan skje, det har vi dessverre sett, seier Bruland.

Stolt av arbeidet

– Eg er mektig stolt over jobben vi har gjort. Det var mykje større omfang enn vi trudde. Rundt 200 personar har vore ombord heile tida, seier Rolf Fiskerstrand. Han er administrerande direktør ved Fiskerstrand verft.

Det er ikkje berre brannskadane som har blitt reparerte. Det er også gjort mykje vedlikehaldsarbeid og oppgradering av suitene.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL