Havila Kystruten fekk i 2018 i oppdrag å drifte fire av dei daglege rutene mellom Bergen og Kirkenes. Sidan oppstarten har selskapet vore prega av at ting ikkje har gått etter planen.
Bygginga av alle dei fire skipa til reiarlaget har vore betydeleg forseinka. Opphavleg skulle dei ha fire skip klare til 1. januar 2021. Til no er berre eitt skip i drift.
No har Havila støtt på nye skjer i sjøen:
Selskapet GTLK, som skulle stå som eigar av dei fire skipa, er råka av EU sine sanksjonar mot Russland.
Det skriv Havila Kystruten i ei børsmelding måndag.
GTLK er eit statleg russisk leasingselskap med kontor fleire stader i verda.
Dei fire skipa, som Havila Kystruten etter planen skal segle langs kysten, med har ein samla verdi på rundt 4 milliardar kroner.
Avtalen mellom Havila og GTLK gjekk ut på at russarane skal eige skipa, og leige dei ut til Havila i 10 år. Etter 10 års leige har Havila Kystruten opsjon på å kjøpe ut skipa.
Drøftar alternativ finansiering
Havila Kystruten skriv at dei legg til grunn at sanksjonane hindrar at GTLK kan finansiere skipa.
«Havila Capella» går no i fast rute mellom Bergen og Kirkenes.
Administrerande direktør i Havila Kystruten, Bent Martini, seier dei stiller seg bak alle sanksjonar og jobbar no med alternative løysingar for finansiering. Han vektlegg at dei jobbar med å refinansiere «Havila Capella» for å bryte alle band med sanksjonerte og russiskeigde selskap.
– «Havila Capella» er leasa frå GTLK, men no blir det nok ikkje er mogleg å føre over pengar til eit sanksjonert selskap. Då vil nok vår betaling for leiga bli overført til ein sperra konto, til dømes hos Noregs Bank, seier han.
DIREKTØR: Administrerande direktør Bent Martini seier at dei vil opprette eit eige selskap som skal ta over «Havila Castor». Han vil ikkje kommentere kva nye partnarar som no er med på finansieringa.
Foto: HavilaIfølgje Martini reknar dei med at skip nummer to, «Havila Castor», vil bli levert frå det tyrkiske verftet Tersan i løpet av denne veka.
– Vi vil opprette eit norsk selskap, eigd av Havila, som skal ta over det «Castor» i staden for GTLK, seier han.
Ifølgje Havila si heimeside skal «Havila Castor» segle jomfrutur frå Bergen 10. mai.
Per Sævik, konsernsjef i Havilagruppen, seier han ikkje er uroa for sanksjonane mot det russiske selskapet. Han fortel at det kan ta tid å få på plass ny finansiering for dei fire Kystruten-skipa, men at han har tru på at det skal la seg gjere.
Knytt til president Putin
Ifølgje E24 sit Vladimir Putin sin pressetalsmann, Dmitrij Peskov og fleire andre russiske regjeringstoppar i styret til GTLK.
GTLK er av dei største leasingselskapa i verda og leiger ut mellom anna fly, lasteskip og cruiseskip.
KREML: Dmitrij Peskov er ein russisk diplomat. Han jobbar som pressetalsmann for president Vladimir Putin.
Foto: SPUTNIK / Reuters