Hopp til innhold

Russiske bekymringar for Kystruten

Krig og sanksjonar gir meir trøbbel for den nye hurtigruta. Russisk statsselskap skal nemleg finansiere og leige ut skipa til Noreg.

Havila Kystruten

NORDLYS, MEN MÅNELYST: Alt ser ikkje like bra ut for Havila Kystruten som på dette pressebiletet.

Foto: Pressefoto

Havila Kystruten skal ta over trafikk frå Hurtigruten. Dei skulle hatt fire skip i drift mellom Bergen og Kirkenes for over eitt år sidan, men bygginga blei forsinka av både konkurs på verft og pandemi.

Kaptein Tom-Rune Einarsen og reiar Per Sævik

JOMFRUTUR: Kaptein Tom-Rune Einarsen og reiar Per Sævik prøvde stolane på brua på det nye hybridskipet Havila Capella.

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

– Det har vore ein utruleg lang og bratt motbakke. Men livet består ofte av motbakkar, og då går det oppover, smilte reiar Per Sævik (81) da det første skipet hadde si jomfruferd.

No har det komme nok ein stupbratt motbakke: Krig.

Russisk kjempe

– Me hadde ikkje lagt inn krig i Europa i våre føresetnader, nei. Det kan du rekne med, seier Sævik i dag.

Likevel hevdar han at han ikkje er bekymra.

Havila Capella til kai i Ålesund, 28. februar 2022.

FREDFULL: Havila Capella til kai i Ålesund den 28. februar

Foto: Øyvind I. Sandnes / NRK

Havila gjorde i 2019 ein avtale med det russiske statlege GTLK, som er blant verdas største leasingselskap. Gjennom dotterselskap i Irland og Hongkong bygger den russiske giganten fire nye hurtigruteskip som skal trafikkere norskekysten. Prisen er over 4 milliardar kroner.

Dei siste dagane har krig og sanksjonar meir enn halvert kursen på det russiske selskapet.

Aksjekursen for GTLK Europe

KURSRAS: Etter invasjonen har russiske GTLK Europe søkkt 65 prosent.

Foto: Business Insider

– På slike kurser indikeres det ein høy sannsyn for misleghald av gjelda, seier Thomas Larsen, analytikar i Pareto Asset Management, på generelt grunnlag til E24.

Samtidig har kursen på Havila Kystruten søkkt rundt 20 prosent frå toppnivået i januar.

Les også Kystruten klar med nytt «superskip»

Per Sævik

Hektisk Martini

Bent Martini er administrerande direktør i Havila Kystruten. Han fortel om svært hektiske dagar.

– Kva gjer det med dykk at eit russisk statsselskap skal levere skipa?

– Per no har me ikkje fått indikasjonar på at det skaper problem, men me følgjer godt med på situasjonen.

Bent Martini

MARTINI: Bent Martini forlét Hurtigruten etter koronautbrotet i 2020, og starta i Kystruten i august i fjor.

Foto: Havila

– Kva dialog har de med russarane?

– Heilt normal dialog gjennom kontaktpersonane me har hatt heile vegen.

Martini er bekymra for det kraftige kursraset på GTLK, men meiner at finansieringa av dei fire skipa er klar og ikkje blir påverka.

– Neste skip blir levert i mars og setjast i drift i mai.

Kystruten har kontrakt på å leige dei fire skipa i ti år.

Direktøren seier at selskapet må ta omsyn til allereie inngåtte avtalar, men at det ikkje er vanskeleg å forstå nødvendigheita av sanksjonar etter krigsutbrotet i Ukraina.

Havila Capella

NYTT SKIP: Kystruten føler seg trygg på at eit nytt hybridskip vil trafikkere norskekysten frå mai.

Foto: Havila