Hopp til innhold

80-åring endeleg klar med Hurtigrute-konkurrent: – Utruleg lang og bratt motbakke

Hurtigruten sin argaste konkurrent får i morgon endeleg vist fram det første, batteridrive skipet i flåten. Ekspert meiner elektrifiseringa i skipsfarten går alt for seint.

Per Sævik

Per Sævik (80) turde å utfordre Hurtigruten langs norskekysten. Eitt år forsinka går skipet frå kai søndag.

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

CO₂ i atmosfæren
420.2 ppm
1,5-gradersmålet
+1.02°C
Les mer  om klima

Hurtigruten får selskap frå Bergen og nordover langs kysten i natt. For første gong seglar også konkurrenten, som har namnet Kystruten, i ruta nordover mot Kirkenes.

Djupt nede i skipet ligg ein omfattande batteribank, tilsvarande krafta frå over 600 Tesla-er. Saman med gass skal batteria sørge for at turistar frå inn- og utland kjem seg fram.

– Dette er ein ny generasjon skip, og ein del anna utstyr, så det blir veldig spennande å ta dette i bruk, seier kaptein Tom-Rune Einarsen.

Kaptein Tom-Rune Einarsen og reiar Per Sævik

Kaptein Tom-Rune Einarsen og reiar Per Sævik prøvde stolane på brua før første avgang søndag kveld

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

Kjempa i motvind

Bak skipet i kvitt, svart og gull står sunnmørsreiar Per Sævik (80). Det har ikkje vore enkelt for han å bryte monopolet til Hurtigruten. I 2017 bestemte han seg for å utfordre og vann eitt av anboda på strekninga.

Men så gjekk eitt av verfta som bygde skipa konkurs, og så kom koronaen. Det har ført til store forsinkingar.

– Det har vore ein utruleg lang og bratt motbakke. Men livet består ofte av motbakkar, og då går det oppover, seier den snart 81 år gamle reiaren Per Sævik med eit smil om munnen.

Her ligger Havilas kystruteskip - i dokka til det spanske verftet Barreras i Vigo.

Det såg lenge mørkt ut for bygginga av dei nye Kystrute-skipa. Både konkurs og korona skapte uventa trøbbel.

Foto: Faro de Vigo

Misfornøgd med takta

Havila oppgir at skipet Havila Capella kan segle fire timar utan å bruke fossildrivstoff, sjølv med ei marsjfart på 14-15 knop. Ifølgje reiarlaget har ingen andre norske passasjerskip tilsvarande kapasitet.

For, med unntak av ferjene, går det grøne skiftet treigt i norsk skipsfart. Medan det blir selt elbilar som aldri før, bruker under ein prosent av alle fartøy i norsk farvatn elektrisitet som energikjelde.

Tabell som viser energikilde hos fartøy som oppholder seg i norsk økonomisk sone.

Tabellen viser energikjelde hos fartøy i norsk økonomisk sone i 2019.

Foto: DNVGL

Direktør Narve Mjøs i grønt skipsfartsprogram hos Det Norske Veritas seier omstillinga går alt for seint.

– Det er ikkje godt nok. Vi klarer ikkje å nå dei måla som vi har sett oss, verken i skipsfarten eller i andre sektorar, seier han.

Han er difor glad for den flåten som Per Sævik og Havila no er i ferd med å setje på sjøen.

– Dei skal ha all honnør for dette. Skipet går på naturgass og ladbare batteri. Det fører til at ein får ei betre løysing enn rein naturgass, som har vore vanlege. Det er absolutt ei løysing som andre reiarlag kan lære av, seier han.

Regjeringa har sett som mål å halvere utsleppa frå innanriks skipsfart og fiske før 2030 samanlikna med 2005.

– Brukt ein halv milliard ekstra

Sunnmørsreiaren Per Sævik planlegg å ha totalt fire skip i drift langs norskekysten i løpet av neste år.

Ifølgje reiarlaget fører batteri- og gassdrift til 90 prosent mindre NOx-utslepp og 25 prosent utslepp av CO2 . Sævik hevdar at selskapet har brukt ein halv milliard meir enn det som var nødvendig for å fylle krava til Samferdselsdepartementet.

– Den som ikkje satsar på miljø, blir ikkje ein del av vinnarlaget, seier han.

Havila Capella

Havila Capella til kai i Bergen. Natt til måndag startar første turen nordover mot Kirkenes. Skipet har plass til 640 passasjerar.

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK