Havila-skip i opplag
Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Havila kystruten

Oppsummert

Frå 2021 skal Havila Kystruten segle mellom Bergen og Kirkenes med fire skip. To nye skip er under bygging ved det tyrkiske verftet Tersan, og to nye er bestilt.

  • Seglingsklare til sommaren

    Dei nye skipa til Havila Kystruten kjem til å kome i drift frå sommaren av. Det melder Havila etter at verftet i Tyrkia har kome med nye leveringsdatoar i månadsskiftet mai/juni. Skipa skulle segle frå nyttår, men verftet har fått utfordringar i samfand med koronapandemien.

    Når skipa er leverte trengs det nokre veker å få dei til Noreg og klargjort for drift.

    Havila Kystruten
    Foto: den-belitsky / Getty Images/iStockphoto
  • I drift frå sommaren

    Dei nye skipa til Havila Kystruten kjem ikkje i drift før til sommaren. Skipa skulle segle langs norskekysten frå 1. januar, men verftet i Tyrkia er forseinkinga med bygginga på grunn av koronaepidemien. Administrerande direktør i Havila Kystruten, Arild Myrvoll, seier i ei pressemelding at han er skuffa og beklagar forseinkingane. Samstundes har han forståing for situasjonen til verftet.

    De to første Havila-kystrutene er sjøsatt
    Foto: Havila
  • To skip skal snart vere klare

    Dei to første kystruteskipa til Havila Kystruten skal bli levert til Noreg i februar og mars. Det seier Per Sævik i Havila til Skipsrevyen. Kystruten skulle opphavleg ha starta seglingane sine i Noreg 1. januar i år. Samferdselsdepartementet gav Kystruten moglegheit til seinare oppstart som følgje av koronasituasjonen og forseinkingane for Havila. Når Kystruten endeleg vil starte seglingane sine i Noreg, er førebels ikkje klart (NPK).

    De to første Havila-kystrutene er sjøsatt
    Foto: Havila
  • Har inngått avtale med Skogstad

    Havila Kystruten har inngått avtale med Skogstad i Innvik i Stryn om kle til sal i butikken om bord i skipa og til dei tilsette. Utvalet og omfanget vil bli utvikla, men alt frå starten med drift av fire kystruteskip er kontrakten på eit betydeleg volum, skriv Havila i ei pressemelding.

Havila i Herøy får drive fire skip på kystruta mellom Bergen og Kirkenes.