Hopp til innhold

Hurtigruten-konkurrent må utsette oppstart – igjen

Havila kystruten får ikkje to skip i gang innan fristen regjeringa sette for dei. No er det kome eit nytt krav frå regjeringa, som dei meiner at dei skal halde.

Havila Kystruten-skipene Capella og Castor hos Tersan

Dette biletet er frå februar 2021. Dei to skipa bak i biletet er dei Havila vil ha til å segle langs kysten før nyttår.

Foto: Tersan / Skjermdump

Nett no skulle eigentleg fire blå skip med «Havila kystruten» på sida segla utanfor kysten og konkurrert med dei ikoniske raude Hurtigrutene.

Men konkursar og korona har senka desse planane, og igjen har reiarlaget måtte utsette å få skipa sine i drift.

Men innan oktober skal eitt av skipa legge til kai og late reisande stige om bord for første gong.

So lenge alt går etter planen denne gong.

Nok ei utsetjing

Då det vart kjend at ingen av Havila sine skip vart klare til å starte opp som planlagt, vurderte selskapet å setje inn ei gamal bilferje og eit cruiseskip som erstatning.

Samferdsledepartementet gav reiarane fritak frå å bruke dei gamle skipa, mot at dei hadde to av dei nye i drift innan starten av oktober.

Det kjem dei ikkje til å ha.

Havila Kystruten

Sånn skal skipene sjå ut til slutt.

Foto: Havila

– So det vil seie at båe skipa framleis er på verftet i Tyrkia?

– Jada, det er dei. Den første vert vel malt i dag, trur eg.

Arne Johan Dale er konstituert administrerande direktør i Havila Kystruten.

Han seier det er svært vanskeleg å vere presise om ferdigstilling av skipa, grunna covid-19-situasjonen i Tyrkia.

– Avtalen med Samferdsledepartementet no er at vi skal gå med eitt skip i løpet av tredje kvartal og nummer to i fjerde kvartal, seier Dale.

– Han reknar at selskapet rundt 20. juli vil kunne gi meir presis informasjon om fyrste rundtur frå Bergen.

So Havila Capella, det første skipet, har Havila lova at skal vere i drift innan slutten av september.

NRK har vore i kontakt med Samferdselsdepartementet, som bekreftar informasjonen.

«Havila Kystruten AS har oppgitt at de anser det overveiende sikkert at selskapet har et skip i drift i 3. kvartal 2021 og at de har to skip i drift i 4. kvartal 2021. På bakgrunn av dette har departementet fritatt Havila Kystruten AS fra å stille med erstatningsskip for de to første skipene, Havila Capella og Havila Castor», opplyser fagseksjonen i departementet.

De to første Havila-kystrutene er sjøsatt

Dei første to skipa, Capella og Castor, vart sjøsett i september 2020. Snart skal dei vere klare for å segle langs norskekysten.

Foto: Havila

Håpar på full drift neste år

Men sjølv om dei to første skipa vonleg vil vere i gang innan nyttår, er det framleis to plassar å fylle.

Og desse skipa er meir forsinka enn Capella og Castor.

Men Dale har ambisjonar om å få fart på sakene.

– Vi gjer det vi kan, men situasjonen med korona og ferdigstilling er relativt vanskeleg å vere presis på.

Men ein kan faktisk bestille reiser med eit skip som enno ikkje er måla ferdig og står på eit verft i Tyrkia.

Booking på Havila Kystruten

Seinare i juli har Dale håp om at Havila kan vere meir presise med kva tid Capella er i drift.

Illustrasjon: Skjermdump