Hopp til innhold

Fryktar langtidskonsekvensane og at lokalt eigarskap vert svekt

Interesseorganisasjon fryktar konsekvensane dersom lokale bedrifter vert kjøpt opp frå utlandet.

Havila-bygget i Herøy. Er det ei lysande framtid for lokalt eigarskap i næringslivsbesdrifter langs kysten? MAFOSS er uroa over framtidsutsiktene.

BEKYMRA: Havila-bygget i Herøy. Er det ei lysande framtid for lokalt eigarskap i næringslivsbedrifter langs kysten? MAFOSS er uroa over framtidsutsiktene.

Foto: Arne Flatin / NRK

Dagleg leiar Jan Thormodsæter i Maritim foreining for Søre Sunnmøre, MAFOSS, viser konkret til det ferske salet av Fjord1 frå Havila til internasjonale fond.

– Vi kan ikkje jobbe for at folk i starten av yrkeslivet flyttar hit til vår del av landet eller satsar på utdanningar innanfor den maritime næringa når sentrale bedrifter på sikt kan kome til å legge ned, eller flytte all produksjon til utlandet, seier Thormodsæter.

Han er uroa over at ein ikkje får til ei løysing på formuesskatten som lokale bedriftseigarar meiner dei kan leve med. Det at Fjord1 vert selt ut av landet er ikkje berre ei krise for lokalt eigarskap, men også ei fallitterklæring for AS Noreg, meiner han.

Fleire industriland i Europa har klart å legge bort denne ekstra skattlegginga, og vi meiner Noreg må følge etter, seier den daglege leiaren i MAFOSS.

Les også Bråk om formuesskatten etter ferjesalet

Midt-Norsk Havbruk

Meiner den totale formuesskattlegginga ikkje er spesielt høg

Ein av dei som har makt til å gjere noko med skattepolitikken er stortingsrepresentant Per Vidar Kjølmoen (Ap).

A752C942-5C4F-4615-98FC-B0A707C18422

Per Vidar Kjølmoen, stortingsrepresentant (Ap)

Foto: Trine Jørgensen Aandahl / NRK

Han synest det er synd at Fjord1 vart selt til store utanlandske fond.

– Arbeidarpartiet var imot å selje selskapet ut av fylkeskommunen i si tid, og vi skulle gjerne sett at det framleis var deleigd av norske eigarar.

Kjølmoen vil ikkje svare direkte på at Havila oppgir formuesskatten som hovudårsak til salet.

Eg er kjend med at Havila har hatt økonomiske utfordringar i andre delar av selskapet, men tenker det må vere opp til dei å grunngje dette salet. Det er heller ikkje slik at den totale formuesskattlegginga i Noreg er spesielt høg samanlikna med andre land, seier han.

Dermed deler ikkje Kjølmoen uroa til MAFOSS med tanke på framtida for lokalt norsk eigarskap.

Lærlingar, illustrasjonsfoto

I maritim næring er det mange lærlingar. MAFOSS fryktar at desse arbeidsplassane vert mindre attraktive i framtida med svekt lokalt eigarskap.

Foto: Arne Flatin / NRK

Høgre med eit heilt anna syn

I opposisjonen på Stortinget er blant andre Helge Orten frå Høgre. Han er meir bekymra enn det Kjølmoen er.

Helge Orten, stortingsrepresentant på bedriftsbesøk

Helge Orten frå Høgre, her på eitt av mange bedriftsbesøk i den maritime næringa på Sunnmøre

Foto: Arne Flatin / NRK

Eit sterkt lokalt eigarskap har vore heilt avgjerande for utviklinga av vår region. Det handlar om å ha ein næringspolitikk som stimulerer til innovasjon og utvikling, samtidig som vi har ein skattepolitikk som gjer det attraktivt å bu i Noreg og eige norske bedrifter, seier Orten.

Dagen regjering har gjort det vesentleg dyrare å vere norsk eigar, samtidig som det er skapt betydeleg usikkerheit til skattepolitikken, seier Høgre-politikaren.

Orten seier vidare at dette viser svært tydleg at doblinga av formuesskatten på arbeidande kapital som regjeringa har gjennomført i løpet av dei siste to åra har konsekvensar.

Formuesskatten er ein særnorsk skatt som rammar norsk eigarskap og som i realiteten er ein meirkostnad for norskeigde bedrifter. Når Sævik er så tydeleg på at dette er ei sterkt medverkande årsak til salet, så bør det ringe ei alarmklokke hos Støre og Vedum, seier Orten.

Les også Fem professorer går ut mot formuesskatt-rapport

NHOs årskonferanse 9. januar 2018.

– Svært uheldig forskjellsbehandling

Ei anna interesseforeining er Rederiforbundet der Havila er ein av medlemmene.

Adm.dir. Harald Solberg seier dei er generelt uroa over at det norske private eigarskapet i maritim næring vert svekt.

Harald Solberg, adm.dir, Rederiforbundet

Harald Solberg er adm.dir. i Rederiforbundet

Foto: Rederiforbundet

Vi ser at Fjord1-salet er eitt av fleire i ei lang rekke sal som kombinert med utflytting av norske eigarar bør vere eit varsku til politikarane.

Solberg er heller ikkje særleg glad i formuesskatt på arbeidande kapital.

Vi meiner formuesskatten skaper ein svært uheldig forskjell i korleis norske private eigarar vert skattlagde for sitt eigarskap, samanlikna med utanlandske eigarar eller offentleg eigde bedrifter. Denne forskjellen vil over tid svekke norsk privat eigarskap. Dette er svært uheldig. Det er stor forskjell på om dei strategiske avgjerdene vert tekne i Fosnavåg eller i London og Shanghai, seier toppsjefen i Rederiforbundet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL