Hopp til innhold

Ber om 5 og 4,5 års fengsel for to gutar for valdtekt av jente under 14 år

Ein gutegjeng på fem skal ha valdteke den unge jenta grovt utanfor Molde domkyrkje i fjor sommar. No ber aktor om at to av dei blir straffa med fengsel i fleire år.

Molde Domkirke

Den unge jenta blei valdtekta ved ein av inngangane til Molde domkyrkje i fjor sommar.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Det er berre dei to eldste av tenåringsgutane som er gamle nok til å bli straffa for skuldingane om valdtekt av ei jente under 14 år i fjor sommar.

Tysdag formiddag ba aktor, Jogeir Nogva, om fengsel i 4,5 år for ein 18-åring. Samtidig ba han om 5 års fengsel for ein 17-åring, halvparten av straffa på vilkår og med ei prøvetid på 5 år.

Dei to tenåringane har ikkje vist nokon reaksjon under prosedyren til aktor. Begge to følgjer rettsaka saman med forsvararane sine.

– Trur ikkje på det

Aktor, statsadvokat Jogeir Nogva, karakteriserte overgrepet som svært grovt då han heldt si prosedyre tysdag formiddag Han sa rett ut at han ikkje trur på dei tiltalte og at målet openbert var å skjenke den unge jenta for å utnytte henne seksuelt.

– Det er ei svært stygg handling fornærma har vore utsett for, sa han i retten tysdag føremiddag.

Nogva meiner det ikkje er aktuelt med ungdomsstraff, og viser til kor grovt overgrepet var.

Aktor Jogeir Nogva

Aktor Jogeir Nogva ber om fengsel i fleire år for begge dei to tiltalte tenåringsgutane.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ber om 400 000 kroner i oppreising

Bistandsadvokat Curt Andre Lier ber om at tenåringsgutane må betale 400 000 kroner i oppreising til den unge jenta. Lier stilte stilte spørsmål ved om målet for sommardagen heile tida var å skjenke og valdta henne. Han meiner advokatane har gjort eit nummer av at gutane har hatt ein tøff start i livet.

– Det er ikkje seks offer i denne saka, det er kun eitt, sa han bestemt i retten tysdag.

Mor til den unge jenta har følgt heile rettsaka, og sit plassert berre nokre få meter frå dei to tiltalte.

Curt Andre Lier

Bistandsadvokat Curt Andre Lier seier saka har vore ei stor påkjenning for den unge jenta.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ber om mildare straff for gutane

Forsvarar Axel Villard Lange ber om at 18-åringen blir frifunnen for medverknad til valdtekt. Lange seier 18-åringen meiner det er urettferdig at han blir straffa, medan fleire av dei andre går fri.

Han streka under at den unge mannen berre hadde vore i landet nokre få månader, berre hadde eitt års skulegang og ikkje har vore vand med å ha fritid.

– Han kjenner ikkje norsk kultur, har ikkje fått opplæring i norsk samfunn, sa Lange i si prosedyre tysdag.

Forsvararen til 17-åringen, Erik Rolfsen, understreka at jenta ikkje har ansvaret, men sa i si prosedyre at det ikkje berre var gutane som tok initiativ då dei møttes. Han meiner aktor og bistansadvokaten ikkje har framstilt saka balansert, og ber retten om å dømme 17-åringen til ungdomsstraff.

Han viser mellom anna til at 17-åringen har hatt ein vanskeleg barndom, har vore kort tid i Noreg og at valdtektssaka har gått veldig inn på han.

Ingen av dei to har norsk statsborgarskap.

Erik Rolfsen og Axel Villads Lange

Erik Rolfsen til venstre og Axel Villard Lange er forsvararar for dei to tiltalte.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Filmar delt over heile landet

Jenta og dei fem tenåringsgutane skal ha møttest tilfeldig på eit kjøpesenter i Molde. Etter kort tid skal ha dei gått til Molde domkyrkje og sett seg ved ein av inngangane til kyrkja. Jenta skal først ha blitt tvinga til å drikke sprit og røyke hasj, før gutegjengen skal ha forgripe seg mot henne midt på lyse dagen.

Undervegs blei overgrepa filma, og seinare delt både i nærmiljøet og over heile landet.

Aktor ba også om at dei må gje frå seg mobiltelefonane sine og stengjer Snapchat-kontoane deira.

Overgrepssak Molde

Her ved ein av inngangane til Molde domkyrkje blei den unge jenta valdteken.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Vedgår delvis straffskuld

Dei to tenåringane, som var 17 og 18 år gamle i fjor sommar, blei tiltalt tidlegare i vår. Begge nekta for valdtekt eller medverknad til valdtekt då saka mot dei starta i Møre og Romsdal tingrett sist veke. 17-åringen har likevel vedgått handlingar som etter straffelova blir rekna som valdtekt.

Han vedgjekk at det var fleire av gutane som forgreip seg mot henne, og at dei skjønte at det var gale.

– Eg angrar mykje, sa han i retten sist veke.

Overgrepssak Molde

Her på sørsida av Molde domkyrkje blei den unge jenta valdteken.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Oppretta «valdtektsgruppe» på Snapchat

I retten sist veke la politiet fram skjermdumpar som viste at det blei oppretta ei snapchat-gruppe mellom gutane kort tid etter valdtekta. Gruppa skal først ha fått eit namn som best kan omsetjast til «valdtektsgruppe». Deretter fekk den stadig nye namn som antyda kva som skal ha skjedd.

I gruppa skal fleire av dei grove filmane frå valdtekta ha blitt delt. Desse skal også ha sett politiet på sporet etter dei unge gjerningsmennene.

18-åringen som er tiltalt forklarte via tolk i retten at han trudde ho deltok frivillig, og at han ikkje forstod norsk godt nok til å skjøne kva ho meinte.

Molde Domkirke

Midt på lyse dagen samla gutegjengen seg utanfor Molde domkyrkje med den unge jenta. No risikerer dei to eldste lange fengselsstraffer.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Skal ha blitt nekta å hente jenta

Ei av venninnene til den unge jenta forklarte at ho forstod at noko var gale og gjekk for å finne henne. Ho skal fleire gonger skal ha blitt stoppa av gutane då ho kom opp til domkyrkja. Dette skal ha skjedd medan overgrepet gjekk føre seg.

– Tre gonger må venninnene kome, men dei blir jaga vekk, sa aktor Jogeir Nogva i si prosedyre tysdag.

Då jenta til slutt kom seg derifrå var ho sterkt medtatt, og blei køyrt rett til sjukehuset.

Den unge jenta blir no varetatt av barnevernet og har flytta til ein annan kant av landet. Ho møter ikkje sjølv i retten.

Det er varsla dom i saka om to veker.