Hopp til innhold

Frykta at dei måtte legge ned kristen barneskule: – Vi er letta

Regjeringa endrar tilskotet til private skular. Det blir møtt med jubel ved Møre barne- og ungdomsskule i Ålesund.

Eit klasserom med elevar ved Møre barne- og ungdomsskule

Det går 170 elevar ved Møre barne- og ungdomsskule i Ålesund. Skulen er kristen og har elevar frå 1.–10. klasse

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Den kristne friskulen i Ålesund har investert stort med nybygg, nytt leikeområde og fotballbane. Men eit nedleggingsspøkelse har hengt over skulen dei siste månadane. I dag kunne foreldre og tilsette puste letta ut.

– No ser heldigvis regjeringa at fornufta må sigre, seier rektor Øystein Engås.

Det skapte ramaskrik då regjeringa foreslo å kutte tilskota ved 150 kombinerte barne- og ungdomsskular. Fleire stader i landet var det demonstrasjonar.

Friskulane ville ha mista 515 millionar over fem år. No snur regjeringa og vil endre tilskotsmodellen, slik at friskulane blir kompensert med 484 millionar kroner.

Øystein Engås er rektor ved Møre barne- og ungdomsskule

Øystein Engås er glad for at skulen ikkje mister mange millionar kroner, slik det først vart varsla.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Foreldre og tilsette er letta

Rektoren i Ålesund var redd for å måtte legge ned tilbodet til barneskuleelevane. Ved å ha kombinert barne- og ungdomsskule stod dei i fare for miste 5 millionar kroner. I dag jubla han.

– Vi kan halde fram slik vi hadde planlagt og det skulle berre mangle. Det var eit sjokk som kom over oss då. No har styresmaktene brukt tal og kunnskap som bakgrunn for å gjere ei god vurdering, seier Engås.

Etter dei kraftige protestane vart det sett ned ei arbeidsgruppe som skulle sjå på kutta.

Også elev Daniel Shargorodskyy har fått med seg den gode nyhenda.

– Staten bestemte at dei ikkje skulle ta frå oss pengane. Det var veldig bra, seier 5.-klassingen. Han likar seg godt på skulen og har mange vener. Han skryt også av lærarane.

Daniel Shargorodskyy ved Møre barne- og ungdomsskule

Daniel Shargorodskyy har norsk på timeplanen. Han er glad for at skulen ikkje blir lagt ned.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Blanda kjensler

Fungerande generalsekretær i Kristne Friskolers Forbund, Helge Vatne, seier dei mottok beskjeden med blanda kjensler.

– Vi er glade for at regjeringa rettar opp kuttet frå i fjor haust og at nesten alle pengane kjem tilbake. Samtidig er dette pengar vi trudde vi hadde og som blei tatt frå oss, så nokon kraftig jubel i taket er det ikkje, seier Vatne.

Meir rettferdig system

Skulepolitisk talsperson i Senterpartiet, Marit Knutsdatter Strand, er fornøgd med løysinga.

– Vi meiner den nye modellen gir ei betre fordeling mellom skolar. Ein hadde ein overkompensasjon av nokre skolar, medan det var ein underkompensasjon av andre skolar.

Regjeringa vil framleis fjerne det doble tilskotet for friskulane med både barne- og ungdomstrinn. Det nye er at dei skal auke tilskota på andre område for desse skulane.

Stortingspolitikar Øystein Mathisen (Ap) meiner denne løysinga gir lik behandling for alle skulane og er meir rettferdig.

– Vi sette oss ned med partane og fekk gode innspel og dialog med dei. Dette systemet vi legg fram kan stå seg over tid, seier Mathisen.

Leikeplassen til Møre barne-og ungomsskule i Ålesund

Møre barne- og ungdomsskule har nyleg renovert uteområdet.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK