Hopp til innhold

Etter to månader i Bergen kan «Havila Capella» sigle igjen

Kystruteskipet «Havila Capella» har lege stille i over to månader. No får dei endeleg sigle langs kysten igjen, straks ei ny forsikring er på plass.

MS Havila Capella ved kai i Bergen

FÅR BRUKSRETT: Når Havila Kystruten får forsikra skipet, kan dei endeleg losne fortøyingane og sette kursen mot Kirkenes igjen.

Foto: Atle Markeng / NRK

For over to månader sidan måtte passasjerane om bord på «Havila Capella» ta med seg kofferten og gå på land igjen. Sidan har fleire turar blitt avlyste.

Russisk eigarskap har gjort det umogleg for hurtigrutekonkurrenten Havila Kystruten å bruke «Havila Capella».

Etter krigen mot Ukraina innførte Noreg og EU sanksjonar mot Russland, og kystruteskipet blei liggande stille. Havila fekk ikkje drive eit skip som var russisk eigd.

Tek skipet med tvang

Sidan 12. april har selskapet prøvd å finne ei løysing på problemet.

Måndag skriv Kystruten i ei pressemelding at Hordaland Tingrett, etter krav frå selskapet, har teke arrest i skipet. Havila Kystruten har fått rett til å bruke det i to år.

– Det er viktig for dei tilsette å kome i gang igjen, og det er viktig for kysten at fleire skip betener kystruta. No håpar vi verkeleg at vi lykkast, og får fleire skip i drift gjennom sommarsesongen, seier Bent Martini i Havila Kystruten.

Bent Martini

Administrerande direktør i Havila Kystruten, Bent Martini, meiner det er viktig at dei får «Havila Capella» i gang igjen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

No står det berre att å få på plass ei forsikring, før «Havila Capella» igjen kan kaste loss og forlate Bergen. Martini i Kystruten seier dei ikkje veit nøyaktig kor lang tid dette vil ta.

– Det kan vere alt ifrå ein time til nokre dagar. Det er ein del formalitetar som må avklarast.

Fekk dispensasjon

Havila Kystruten fekk tidlegare dispensasjon frå Utanriksdepartementet, slik at dei skulle få sigle, sjølv om eit russisk selskap eigde skipet deira. Men forsikringsselskapet fekk ikkje same løyvet.

Ifølgje eit «Hemmeleg» brev frå UD fekk forsikringsselskapet nei på grunn av faren for at forsikringspengar skulle hamne i Russland.

Havila Capella ligger fortøyd til kaien på Bontelabo.

Den ferske utfordraren til Hurtigruten hadde berre sigla nokre månader langs norskekysten då dei støtte på problem.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Jobbar med refinansiering

Bruksretten som no er på plass er berre mellombels. Kystruten jobbar med å få tatt over eigarskapet til «Havila Capella», ved å kjøpe ut det russiske leasingselskapet som står som formelle eigarar. Men Noreg skal ikkje handle med Russland.

Havila prøver difor å finne ut om dei kan overføre pengane på ein måte som gir dei eigarskap til skipet, samtidig som dei følgjer sanksjonsreglane. Til dømes ved å føre over pengane til ein frosen konto, slik at pengane ikkje står til disposisjon for det russiske selskapet.

– Dette arbeidet er i gang. Vi håpar at vi har ei avgjerd her i løpet av nokre veker eller månader, slik at vi får rett til å kjøpe ut skipet, seier Martini.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL