Hopp til innhold

Avviste forslag om strakstiltak

Fylkesordføraren i Møre og Romsdal ville ikkje behandle forslaget om 50 millionar kroner til strakstiltak for Trollstigen i fylkesutvalet i dag. Frp vil at fylket skal ta opp lån for å få i gang arbeidet så fort som mogleg.

Fylkesutvalgsmøte

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal diskuterte kva som må skje for å sikre Trollstigen mot ras.

Foto: Roar Strøm

Anders Riise brukte fullmakta si som fylkesordførar og forklarte kvifor forslaget blei avvist. Han vil ta opp saka med samferdselsministeren no på onsdag.

– Vi har eit ønske om at staten vil gjere ei ny vurdering av situasjonen etter møtet.

Fylkesordfører Anders Riise (H) i debatten om kutt i budsjettet til Møre og Romsdal fylkeskommune november 2023.

Anders Riise vil vente med ei avgjerd inntil møtte med samferdselsministeren på onsdag.

Foto: Remi Sagen / NRK

Trollstigen har vore stengd på grunn av rasfare sidan måndag i førre veke.

Les også Stein trefte bil på Trollstigen - vegen er stengd på uviss tid

Trollstigen

Skal møte samferdselsministeren

Saman med fylkesvegsjefen ønsker politikarane i Møre og Romsdal at staten skal kome med pengar.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) skal på rundreise i Møre og Romsdal onsdag og torsdag.

Onsdag ettermiddag er det sett opp eit møte mellom samferdselsministeren og representantar frå fylkeskommunen og kommunane Rauma og Fjord.

Les også Trollstigen: Treng 50 millionar for å gjennomføre strakstiltak

Trollstigen stengt

Treng fleire avklaringar

Politikarane var samla måndag formiddag i Molde for å diskutere den mykje omtalte turistvegen.

Fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen orienterte fylkesutvalet om situasjonen.

Han seier at dei uansett ikkje kan starte arbeidet no, for reglar om konkurranseutsetting må avklarast. Tønnesen understrekar at dei må ta omsyn til tryggleiken til dei som skal jobbe i fjellet.

– Det som er viktig er å beskrive til samferdselsministeren kva betydning vegen har. Naturen er i endring, og vi har store utfordringar på Trollstigen.

Ole Jan Tønnesen

Fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen orienterer fylkesutvalet om kva som må til av tiltak ved Trollstigvegen.

Foto: Roar Strøm / NRK

Fylkeskommunen manglar pengar til å setje i gang strakstiltak i Trollstigen. Frp-politikar Hans Olav Myklebust meiner det hastar.

– Vi har vore tydelege på at vi manglar pengar, og at vi treng pengane for å kome i gang straks. Vi gir oss ikkje, seier Myklebust.

Rasområde i Trollstigen

Illustrasjonar laga av Statens vegvesen for å vise kva som er nødvendige strakstiltak.

Foto: Statens vegvesen / Møre og Romsdal fylkeskommune