Hopp til innhold

Rosar Solberg-regjeringa

– Den nye regjeringa har fått til det Senterpartiet ikkje makta, seier Oddbjørn Vatne (Sp) om gjeninnføringa av rentekompensasjonsordninga. Den kan vere gull verdt for Nordøyvegen.

Oddbjørn Vatne

Leiar i samferdsleutvalet i Møre og Romsdal, Oddbjørn Vatne (Sp), har i mange år vore forkjempar for Nordøyvegen, som skal binde øyane i Haram og Sandøy til fastlandet.

Foto: Trond Vestre / NRK

Nordøyvegen kan spare 100 millionar kroner når den nye regjeringa gjeninnfører rentekompensasjonsordninga.

Den raudgrøne regjeringa ville avvikle denne ordninga i vår, men i Erna Solberg og Siv Jensen sitt endringsforslag til statsbudsjettet er ordninga tatt inn i varmen igjen.

Les også:

100 millionar til Nordøyvegen

Veg var ein av dei store vinnarane i den nye regjeringa sitt budsjettforslag som vart lagt fram fredag føremiddag.

Les:

Eitt av forslaga er at rentekompensasjonsordninga skal tilbake. Regjeringa set av 236 millionar kroner til dette, noko som betyr at fylka kan låne inntil 2 milliarder kroner rentefritt til investeringar i fylkesvegnettet.

Med andre ord kan fylkeskommunen låne meir pengar til Nordøyvegen og staten tar rekninga for renteutgiftene.

– For Nordøyvegen kan dette bety ein god del, seier Oddbjørn Vatne (Sp), som er leiar i samferdsleutvalet i Møre og Romsdal.

Ifølgje Vatne kan rentekompensasjonordninga fort bety 100 millionar kroner for Nordøyvegen.

Nordøyvegen

Nordøyvegen består av bruer å tunnelar som går mellom øyane i Sandøy og Haram og til fastlandet.

Foto: NRK

Skryt av den nye regjeringa

Dermed måtte Vatne sitt eige parti, Senterpartiet, få drahjelp frå den nye regjeringa for å få på plass ordninga.

– Det er beklageleg at Senterpartiet ikkje makta å få gjennom dette hos den raudgrøne regjeringa, vedgår Vatne.

Han rosar den nye regjeringa for endringsforslaget.

– Eg vil kort og greitt rose den nye regjeringa for at dei får rentekompensasjonsordninga på plass igjen. Eg synest det er fint.

Les også:

Byggjestart i 2015

Med rentekompensasjonsordninga på veg tilbake trur Vatne at Nordøyvegen, som skal binde øyane i Haram og Sandøy til fastlandet, er endå eit steg nærare realisering.

– Eg har god tru på at Nordøyvegen vert realisert. Økonomien er rimeleg bra i dette prosjektet, seier samferdsleleiar Vatne.

Han har også god tru på at det er realistisk med byggjestart i 2015.

No er neste steg å få på plass søknad om løyve til å ta inn bompengar på Nordøyvegen.

– Eg håper bompengesøknaden er klar til fylkestinget i desember. Då kan saka byrje å gå i Vegdirektoratet og i departementet, slik at søknaden truleg vil kunne verte avgjort i løpet av 2014.

– Seinare skal Nordøyvegen ut på anbod, slik at byggjestarten vil kome i 2015. Etter det vil det i alle fall ta tre-fire år før prosjektet er heilt ferdig.

Les også:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL