Hopp til innhold

Krev fortgang i arbeidet med Nordøyvegen

Eit samrøystes fylkesutval gjekk måndag kveld inn for å gå vidare med Nordøyveg-prosjektet, og seier dermed nei til fylkesrådmannen sitt ønskje om fleire utgreiingar.

Fylkesutvalet

Fylkesutvalet gjekk måndag samrøystes inn for å gå videre med Nordøyvegen utan fleire utgreiingar.

Foto: Trond Vestre / NRK

Helge Orten

Helge Orten (H) meiner, i motsetnad til fylkesrådmannen, at Nordøyvegprosjektet har ein robust finansieringsplan

Foto: Trond Vestre / NRK
Ottar Brage Guttelvik

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik ville at politikarane skulle vente til oktobertinget med å behandle Nordøyvegen. Han meiner økonomien i prosjektet er for usikker.

Foto: Trond Vestre / NRK
Nordøyvegen

Nordøyvegen skal binde øyane i Sandøy og Haram med fastlandet ved hjelp av bruer og tunnelar.

Randi Frisvoll

Randi Frisvoll (KrF) er lei av runde etter runde med utgreiingar, no vil ho ha fortgang i prosjektet.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Det er eit samrøystes fylkesutval som no går inn og jobbar vidare med prosjektet. Dette er eit godt prosjekt med ein robust finansieringsplan, seier Helge Orten (H).

Han og dei andre fylkespolitikarane er denne veka samla i Geiranger, blant anna for å diskutere det store samferdsleprosjektet Nordøyvegen.

Gjekk imot fylkesrådmannen

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik har vore kritisk til økonomien i prosjektet og bad om at politikarane vente til oktober med å gi eit endeleg klarsignal for tunnel- og brusambandet som skal knyte øyane i Sandøy og Haram til fastlandet.

Les:

Slik gjekk det ikkje. Politikarane vil ikkje utsette handsaminga, og sa måndag eit klart ja til å gå vidare med Nordøyvegprosjektet.

Førre veke gjekk også eit stort fleirtal av samferdsleutvalet inn for å ikkje utsette avgerdsla om å bygge Nordøyvegen.

Etter runde på runde med utgreiingar og vedtak, vil politikarane no ha fortgang i arbeidet med Nordøyvegen.

– No må vi berre gå vidare. Uansett kor langt ein kjem, kan ein alltid finne ting å sette fingeren på som ein kan utgreie meir og meir og meir, meiner Randi Frisvoll (KrF).

Ferjesubsidiar og renteutvikling

Fylkesrådmann Guttelvik er framleis i tvil om at det var rett å fatte dette vedtaket i dag.

– Det er ikkje så mange usikkerheitsmoment igjen, men det må utgreiast vidare. Den største usikkerheita i prosjektet er ferjesubsidiane og renteutviklinga.

Men politikarane understreka med dagens vedtak at dei no legg høgt trykk på framdrifta for Nordøyvegen.

Les også:

Bompengesøknad

No er det neste steget å få ferdig bompengesøknad til fylkestinget i oktober.

Guttelvik er i tvil om ein rekk å få søknaden ferdig til då.

– Det er Statens vegvesen som på våre vegne skal utarbeide den bompengesøknaden, og eg innbiller meg at det blir eit stort tidspress for å no oktobertinget. Det er eit omfattande arbeid som skal gjerast.

Fylkesrådmannen peikar på at Nordøyveg-prosjektet tyngar økonomien til fylkeskommunen.

– Det er eit stort prosjekt vi no skal gjennom og vi må låne mykje pengar.

«Vi vågar meir»

Fylkespolitikar Randi Frisvoll (KrF) har forståing for at dei gjentekne rundene med utgreiingar skjer fordi det har vore usikkerheit rundt prosjektet.

Ja, eg ser den. Dette er vel det største prosjektet fylkeskommunen har hatt ansvaret for. Men det står i fylkesplanen vår at «Vi vågar meir» og det gjer vi. Vi vil ha Nordøyvegen.

Saka skal handsamast i Fylkestinget i morgon.