Hopp til innhold

Røkke: – Eg er stolt og imponert

Årets seriegull til Molde er ein siger som runger langt utanfor stadion i byen. Det skriv Kjell Inge Røkke, han hyllar gullgutane og håpar det ikkje er 100 år til neste gong.

Hundreårsjubilanten Molde FK kunne sleppe gulljubelen laus sundag 30. oktober. For sjølv om supporterane vart snytt for gullfesten på stadion i kampen mot Strømsgodset, kunne det smykka seg med meisterskapsgull etter at Brann knuste erkerivalen til Molde, Rosenborg, 6–1 seinare på kvelden.

LES ÒG:

I dag skal gullgutane feirast i Molde. Festen er i gang med kaffi, metervis med kake og underhaldning på Rådhusplassen.

Sundag klokka 20:00 tek spelarane imot gullmedaljane.

Brevhyllest frå Røkke

I samband med gullfeiringa har Kjell Inge Røkke sendt brev til Romsdals Budstikke og delt tankane sine om klubben sitt aller første seriegull.

– Suksess er ferskvare. La det ikkje bli 100 år til neste gong me feirar eit meisterskap, skriv Kjell Inge Røkke.

Kjell Inge Røkke jubler over seier over Lillestrøm i cupfinalen i 2005

Kjell Inge Røkke eig gjennom sitt private selskap TRG Holding majoriteten av aksjane i Aker AS, som eig Molde Fotball AS.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix

Røkke skriv i brevet til avisa at det er tusenvis av folk som fortener hyllest.

– Alle som lojalt har stilt opp for klubben i medgang og motgang.

Ingen skal vere gløymd når Røkke ramser opp alle som har betydd noko for klubben. Det er trenarar og spelarar, frå barnehage til A-lag, rollemodellar, støtteapparatet, tilsette, tillitsvalde i Molde FK og sjølvsagt supporterskaren Tornekrattet, alle dei som stiller opp for lokalmiljøet og er glad i klubben, dei frivillige i Stadions Venner, eldsjelene, sponsorane og mangfaldet i distriktet av lag og foreiningar.

– Dykk skapar engasjement, tilknyting og eit levande lokalmiljø. Takk, alle saman! skriv Kjell Inge Røkke i brev til Romsdals Budstikke.

LES ÒG:

Forretningsmannen og industrieigaren er sjølv sjeldan å sjå på kampane til Molde, men det betyr ikkje at han har slutta å følgje klubben, som han har donert ein stadion og årlege pengesummar til.

– Eg er stolt og imponert – og det er måten me har vunne på i jubileumsåret som imponerer meg. Eg føler med Molde FK og brenner for klubben, sjølv om eg altfor sjeldan er på Aker Stadion

Seriegullet skal nytast til det fulle

Kjell Inge Røkke i brev til Romsdals Budstikke

Hyllar Molde-manageren

Røkke skriv vidare at Molde-manager Ole Gunnar Solskjær har gjort Molde FK til eit gullag, og at han er sikker på at fleirtalet av fotballnoreg unner klubben seriemeisterskapen.

– Ole Gunnar Solskjær har sett ein standard både på og utanfor banen. Han er eit forbilde. Solskjær inspirerer og motiverer trenarteamet, spelarane, administrasjonen og medlemmer, og også folk som er heilt uinteressert i fotball, skriv Røkke.

Kjell Inge Røkke på Aker Stadion

Kjell Inge Røkke på stadion i Molde.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL