Hopp til innhold

Full gullfest i Molde

Molde har venta sidan før første verdskrig. I kveld feirar byen eit historisk seriegull.

Molde-gull

GULLSMILET: Molde-supporterane smilar breitt for klubben sitt første seriegull.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

– Jaaaaaaaaaaaaa!

Temperaturen i supporterpuben i Molde når uante høgder. Brann har nettopp lagt på til 6–1 over erkerivalen til Molde, Rosenborg. Fleire hundre folk reiser seg i det vesle lokalet og hyler ut for full hals.

Molde-gull

HØG TEMPERATUR: Supporterane jublar etter at Brann slo RBK på Lerkendal.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

Molde har greidd det. Seriegullet er det første i klubben si 100 år lange historie.

– Det vart ein liten nedtur på stadion i kveld, men for ein opptur dette er, stemmer Atle Lien og Jan Inge Thorseth i.

LES ÒG:

Molde-gull

GULLFEIRING: Atle Lien og Jan Inge Thorseth feire Molde sitt aller første seriegull.

Dei er to av fleire tusen romsdalingar som no fyller gatene i Molde.

– Eg har følgt laget sidan 1974, og dette er bare ubeskriveleg. Dette er betre enn cupfinalane, seier Lien.

No ventar Champions League kvalifisering neste år for Molde.

– Me har broten ein stor barriere i dag. Å ta seriegull er heilt enormt. Endeleg er det vi som vinnar etter sju sølv.

Seint på jobb

– Me kjem nok litt seint på jobb i morgon ja. For denne festen skal vik ikkje gå glipp av, seier Lien.

Samstundes går sjefen forbi, og skyt inn, med glimt i auge, at han ventar oppmøte 8.30 som normalt.

Men det er nok mange som kjem for seint på jobb i Molde i morgon. Heile byen er ute og feirar. Sjenketidene er utvida med ein time, og tappekranen går for fullt.

Ut på gata møter vi to unge som skal ut å vere med på feiringa.

– Dette var ein kjempeopptur, seier Thomas Røkke. Han og venninna Karoline Solheimsdal vaiar med eit stort Molde-flagg, og ventar på at spelarane skal komme for å ta imot hyllesta.

– Men eg kjem nok til å vere forsiktig med feiringa. Eg skal ha køyretime i morgon tidleg, seier Thomas Røkke som er ganske sikker på at onkel Kjell-Inge er svært nøgd i kveld.

Molde-gull

FORSIKTIG FEIRING: Thomas Røkke og Karoline Solheimsdal.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

Fekk Brann-hjelp

Supporterane vart snytt for feiringa på stadion då det vart uavgjort mellom Molde og Strømsgodset. Molde måtte vinne for at gulldraktene kunne takast på.

LES ÒG:

Vonbroten supporterar tok turen på pub for å sjå om Brann kunne gi dei ei handsrekking i gullkampen. Brann måtte ta poeng mot Rosenborg på Lerkendal for at Molde skulle bli seriemeistrar to rundar før serieslutt.

Og medan Brann rundspelte RBK på eige gras, byrja Molde-fans feire deira første seriegull.

Skal feire med fansen

Kvart over ti i kveld tek Molde-spelarane imot hyllest frå byen ved Hotel Alexandra. Det er venta mykje folk til sentrum for å feire saman med spelarane.