Hopp til innhold

Molde-fans snytt for festen

Skuffa supporterar kallar uavgjortkampen mot Strømsgodset for tidenes nedtur.

Etter uavgjort mot Strømsgodset heime på Molde stadion var supporterane vonbrotne.

– Tidenes nederlag, uttrykte Molde-supporterar som ikkje fekk feire gull på eige gras.

For at Molde skal bli seriemeistrar er dei avhengige av at Brann tek poeng mot Rosenborg på Lerkendal.

Den kampen vert vist på storskjerm fleire stadar i Molde. No inntek supporterane pubane og håpar å kunne feire seriemeisterskapen etter kampslutt.

Skjenketida i Molde er utvida med ein time, og om Brann skulle ta poeng mot RBK vert det folkevandring mot byen. Det fortel supporterar, på veg heim for å sjå kamp, til NRK.

Viss Brann tek poeng kjem Molde-spelarane til Hotel Alexandra klokka 22:15 i kveld for å møte fansen og ta imot hyllest. Der vert det òg fyrverkeri for å feire gullet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL