Hopp til innhold

Drøymer om å ta seriegull

Seriegullet gir stor inspirasjon for unge Molde-fans.

Video 5094cd79-a3fe-4d58-970d-babcb93f8099.jpg

Ser opp til Molde-spelarane

På Cecilienfryd kunstgress i Molde er fotballgjengen samla.
Etter at Molde tok seiregull, leikar dei at dei er Magne Hoseth og Daniel Berg Hestad.

– Dei blei mykje betre da Ole Gunnar Solskjær kom, seier Mathias Bolme.

Mathias Bolme

Mathias Bolme er inspirert av Molde-spelarane og vil sjølv gjerne ta seriegull ein dag.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ifølgje sjuåringen er forklaringa at Solskjær er streng og derfor har spelerane skjerpa seg.

Vil bli like god

Førsteplassen gir stor inspirasjon for unge Molde-fans, og kanskje kan desse smågutspelarane ta seriegull om nokre år?

– Eg har tatt gull med Træff og fått ganske mange pokalar og diplomar, seier Mathias som har Mattias Moström som favorittspelar.

– Kvifor akkurat Moström?

– Fordi han har samme namn som meg, sier han.

Håper på reprise

Dei unge spelarane er spent på om Molde vil klare å ta blir gull neste år også.

– Eg håper at Molde vinner heile greia, seier Martin.

Fotballeik på Cecilienfryd kunstgress i Molde

Vill jubel frå smågutspelarane etter at Molde tok seriegull.

Foto: Remi Sagen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL