Håkon Solli Brogstad
Foto: Birthe Bringsvor / NRKEmil Tidemann Greff
Foto: Birthe Bringsvor / NRKDet blei ein skuledag utanom det vanlege på Tøndergård skole og ressurssenter i Molde. Tavla var pynta, kaka stod på bordet og alle fekk kvar si gullbrus frå den lokale brusprodusenten.
Jublar
Temaet rundt bordet var sjølvsagt at laget i deira hjerte har teke seriegull.Gutta kunne alle juble over at favorittlaget deira etter 100 år har klart å vinne serien.
Høyr kva dei hadde å seie i radiosaka:
Feira med bingo
På dagsenteret på Kirkebakken omsorgssenter kopla 90 år gamle Åse Nilsen av med bingo dagen derpå. Ho er MFK-tilhengjar på sin hals:
– Eg ser fram til dagane det er fotballkamp. Eg har vore på alle kampane og hadde sesongkort i fjor, seier Nilsen som gleder seg over sigeren.
Artikkelen held fram under bilete
Åse Nilsen jublar for seriegull til Molde. – Det er storarta. Eg fekk det ikkje med meg i går fordi eg måtte legge meg tidleg, seier ho.
Foto: Birthe Bringsvor / NRKHøyrde fyrverkeriet
Tore Jan Sæther feira gullet på Kirkebakken omsorgssenter.
Foto: Birthe Bringsvor / NRKTore Sæter vart halden oppe av dei mange supporterane som hylla fotballheltane i gatene i Molde i går kveld.
– Eg høyrte smella frå fyrverkeriet, fortel Sæter som synes seriegullet er stort.
– Molde har fått sølv monge gonger, so no var det artig at dei tok gull. Særleg sidan det er 100-års jublileum for klubben, seier han.
Stor stemning på Kirkebakken omsorgssenter
Foto: Birthe Bringsvor / NRKNRK gjer merksam på at denne saka har blitt endra i ettertid.