Hopp til innhold
Stortingsbygningen.
Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Revidert nasjonalbudsjett 2018 MR

Oppsummert

Tysdag 15.mai legg finansminister Siv Jensen fram forslaga til revidert nasjonalbudsjett. Her er dei viktigaste punkta som gjeld Møre og Romsdal.

  • Helsekort for gravide

    Helse Midt-Noreg sitt arbeid med journalløysinga «Helseplattforma», kan danne grunnlag for å etablere elektronisk helsekort for gravide. Det framgår av revidert nasjonalbudsjett som blei presentert i dag. Stortinget vedtok i 2015 at arbeid med elektronisk helsekort for gravide skal prioriterast. Målet for «Helseplattforma» er at kvar innbyggjar i Midt-Noreg skal ha éin journal uansett kva område at helsetenesta ein har kontakt med. Denne journalløysinga kan bli landsomfattande etter ein prøveperiode i Midt-Noreg.

  • Dovrefjell og Sundalsfjella

    Utvidinga av Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark er omtalt i revidert nasjonalbudsjett. Men kostnadene i samband med utviding og istandsetjing må likevel dekkast innan løyvingane som alt er vedtekne. Kostnadene knyter seg i første rekkje til utbetringar ved dei nedlagde skytefelta på Hjerkinn, Fokstugu. Også vegen til Vesllie og Rollstadsætra skal fjernast.

  • Auke for GIEK

    Regjeringa foreslår å auke rammene for byggelånsgaranti-ordninga for bygging av skip. Raummen skal aukast frå 5 til 7 milliardar kroner. Formålet med garantiordninga er å sikre at norske skipsverft kan tilby ei tryggare finansiering av skip som skal byggast. Verfta blir dermed meir konkurransedyktige ved at dei er i betre stand til å tilby finansiering av skipa.

  • Stor Nato-øving

    Den store Nato-øvinga Trident Juncture, som mellom anna skal gå føre seg i Møre og Romsdal i haust, utløyser ei ekstraløyving til politiet si tryggingsteneste PST. Ekstraløyvinga er på 12,8 millionar kroner. Løyvinga knyter seg til etterretning, livvakt- og vernetiltak av myndigheitspersonar og handtering av etterretningstrussel, framgår det av forslaga til revidert nasjonalbudsjett.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL