NRK Meny
St. Olavs Hospital
Foto: St. Olavs Hospital

Helse Midt-Norge

  • St. Olav manglar ferievikarar

    Tillitsvalde ved St. Olavs hospital i Trondheim er uroa over at sjukehuset ikkje har fått dekka behovet for ferievikarar, og at det er mange hol i turnusen. Bladet Sykepleien skriv at Fagforbundet og Delta har sendt varsel til sjukehusdirektøren.

  • Helsekort for gravide

    Helse Midt-Noreg sitt arbeid med journalløysinga «Helseplattforma», kan danne grunnlag for å etablere elektronisk helsekort for gravide. Det framgår av revidert nasjonalbudsjett som blei presentert i dag. Stortinget vedtok i 2015 at arbeid med elektronisk helsekort for gravide skal prioriterast. Målet for «Helseplattforma» er at kvar innbyggjar i Midt-Noreg skal ha éin journal uansett kva område at helsetenesta ein har kontakt med. Denne journalløysinga kan bli landsomfattande etter ein prøveperiode i Midt-Noreg.

  • Omfattande investeringar

    Store deler av investeringsplanen er lagt når Helse Midt-Noreg startar arbeidet med langtidsbudsjettet for perioden 2019 til 2030. Det nye sjukehuset i Molde og Helseplattforma er dei store, dominerande investeringane. I tillegg skal det byggast nytt tryggingsbygg for psykiatrien ved St. Olavs hospital. Fasadane ved Ålesund sjukehus skal fornyast. Det går føre seg eit «psykiatriløft» ved sjukehuset i Levanger. Og St. Olavs hospital (bildet) planlegg eit senter for psykisk helse i tilknyting til dei omfattande utbyggingane ved NTNU i Trondheim. Den bygningsmessige utviklinga av sjukehusa i Ålesund og Volda kjem i tillegg til alt dette.

    St. Olavs Hospital i Trondheim.
    Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
  • Nytt utdanningssystem

    Helseføretaka må i langt større grad enn før ta inn over seg at dei blir utdanningsinstitusjonar. Det framgår av ei orientering som styret i Helse Midt-Noreg får komande veke. Det er systema for utdanning av spesialistlegar som er under utvikling, og mykje av opplæringa skal skje lokalt. Helse Midt-Noreg kritiserer det nasjonale prosjektet for lite framdrift og har frykta svekka omdømme om omlegginga får ein vanskeleg start. Helse Midt-Noreg har difor blant anna oppretta ei eige prosjekt som skal få fart på omlegginga i regionen og som skal sikre at helseføretaka blir godkjende som utdanningsinstitusjonar for legespesialistar.

  • Nærare kontrakt for Helseplattforma

    Helse Midt-Noreg er i ferd med å sluttføre dialogmøta med dei to gjenverande selskapa som konkurrerer om å lage det nye journal- og administrasjonssystemet Helseplattforma. Helseplattforma skal sørge for at alle pasientar skal ha berre éin journal å forhalde seg til, uansett kva del av helsevesenet dei har kontakt med. Det er selskapa Cerner Norge AS og Epic Systems Corportation som konkurrerer om kontrakten. Dialogmøta skal vere ferdige til påske, heiter det i ei orientering til styret i Helse Midt-Noreg. Det er Helse Midt-Noreg og Trondheim kommune som utviklar systemet som etter kvart skal innførast over heile landet.