Hopp til innhold

Strikkeaksjonistar skuldar regjeringa for løftebrot

Innbyggjarane langs E39 mellom Betna og Stormyra føler seg svikne av regjeringspartia fordi det ikkje kom pengar til dei forventa trafikktryggingstiltaka i statsbudsjettet.

Gulstripeaksjonistar E39 Betna Stormyra

Gulstripeaksjonistane Solvår Skogen Sæterbø og Helga Hjorthol Grønset er skuffa over at regjeringa ikkje løyver pengar til E39 Betna Stormyra gjennom statsbudsjettet.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Det er ikkje berre opposisjonen som reagerer på at E39 Betna Stormyra ikkje er lagt inn i statsbudsjettet for 2018. Aksjonistane som strikka gulstripe for å nå fram med bodskapet sitt om at vegstrekninga må bli tryggare var budd på å juble, men i statsbudsjettet stod det ingenting om kampen dei hadde kjempa.

– Eg er forferdeleg skuffa. Politikarane vi har hatt kontakt med siste året har signalisert noko heilt anna, seier gulstripeaksjonist Solvår Skogen Sæterbø.

Ikkje sett av pengar

E39 Betna Stormyra

Det er trangt om plassen når tungtransport møtast på E39 Betna Stormyra.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

I vår blei regjeringspartia, Venstre og KrF samde om å oppruste E39 Betna-Stormyra som er hovedfartsåren mellom Nordmøre og Trøndelag i løpet av den første perioden i Nasjonal Transportplan på seks år. Dette blei også vedtatt i Stortinget

Etter den kraftige lokale mobiliseringa, med strikking av gulstripe og besøk av stortingspolitikarar, blei det sett av 2,1 milliardar kroner til flaskehalsen på E39 i NTP. I statsbudsjettet for 2018 som blei lagt fram torsdag, er det ikkje sett av pengar.

– Løftebrot er eit ord som er brukt av fleire i dag, og det må vi seie at vi heng oss på, seier gulstripeaksjonist Helga Hjorthol Grønset.

– Vi aksjonerte ikkje for underhaldninga sin del

2,6 mil av E39 frå Halsa og inn mot Sør-Trøndelag er for smal for dagens trafikkbilde. Ein flaksehals der tungtransport, lokaltrafikk og skoleveg blir skvisa i hop. Det var også stortingspolitikar Helge Orten (H) samd i etter å ha vore på besøk, og saman med andre stortingspolitikarar lova han å finne raske penga til prosjektet.

Helge Orten

Stortingsrepresentant Heleg Orten (H) lovar at det vil kome pengar til strekninga.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Vi vil sjølvsagt kome med pengar til dette ved neste korsveg, for dette prosjektet er meir eller mindre gryteklart, lovar stortingspolitikar Helge Orten (H) på nytt etter at statsbudsjettet er lagt fram.


Hjorthol Grønset lurer på om Orten og dei andre politikarane ikkje forstod alvoret i strikkeaksjonen dei hadde i 2016.

– Vi aksjonerte ikkje for underhaldninga sin del. Det var ein tanke bak det, og det er trafikktryggleik på ei strekning som er full av tungtrafikk. No går vi igjen mot ein vinter der vi ikkje ser enden på dette.

De vil strikke 24.500 meter gullstripe på E39 mellom Betna og Stormyra for å få en bedre vei å frakte ungene sin på.

Slik såg det ut då aksjonsgruppa testa den heimestrikka gulstripa.