NRK Meny
Normal

«Remøy»-saka: – Ein uverkeleg situasjon for mannskap og reiarlag

Styreleiar Olav Remøy i Remøy Havfiske seier det kom som lyn frå klar himmel at reketrålaren «Remøy» skulle bli halden tilbake i Murmansk.

Olav Remøy, styreleiar i Remøy Havfiske

Styreleiar Olav Remøy i Remøy Havfiske orienterte pressa om situasjonen for reiarlag og mannskap.

Foto: Arne Flatin / NRK

Det var natt til onsdag 10.mai skipper Kjetil Ervik ringde til styreleiaren og fortalde at det var noko uklart i lisensdokumenta.

Det viste seg raskt at Fiskeridirektoratet hadde kryssa av feil i eit skjema, som gjorde at «Remøy» ikkje hadde lisens for rekefiske. Trålaren fekk difor ikkje gå til Tromsø, men blei tatt til Murmansk.

– For oss kom dette som lyn frå klår himmel, og har utvikla seg til ein uverkeleg situasjon, fortel styreleiar Olav Remøy.

Reiarlaget til reketrålaren Remøy som ligg i arrest i Murmansk informerer om 
situasjonen

Trudde på rask løysing

Då han fekk høyre kva som var feil, rekna han med at dette kunne og burde bli løyst raskt, slik at mannskapet kunne avslutte turen som planlagt. Dei hadde då lagt bak seg ein tur med godt fiske.

– Kvar dag hadde båten levert fangstmelding både til norske- og russiske styresmakter, og elles følgd lovar og reglar til punkt og prikke.

Remøy hadde framleis tru på ei rask løysing då Fiskeridirektoratet også kom raskt på bana. No ønskjer ikkje reiarlaget å spekulere i kvifor det har blitt så innvikla. Men dei var ikkje førebudde på eit krav om ein garanti på 90 millionar kroner for å la trålaren gå.

– Det er ein vanskeleg situasjon for både reiarlag og mannskap. Begge taper pengar kvar dag som går utan at båten er i aktivt fiske. Reiarlaget brukar dessutan store ressursar på denne saka, mellom anna advokathjelp både i Noreg og Russland, fortel styreleiaren.

Rosar mannskapet

Også påtroppande mannskap taper pengar, og dessutan er familiane til mannskapet i Murmansk urolege og utolmodige.

– Det er all grunn til å rose mannskapet og skipper Kjetil Ervik for korleis dei har takla situasjonen, seier både styreleiaren Olav Remøy og dagleg leiar Kristin Remøy.

Leiinga i reiarlaget set pris på at saka har fått merksemd, og at mange har engasjert seg i saka. Likevel tør dei ikkje spekulere i når og korleis saka kan få ein ende.

– Mest realistisk er det nok med ein politisk dialog, seier styreleiar Olav Remøy.