Hopp til innhold

Staten betaler 11,2 millionar kroner til reiarlaget i Remøy-saka

Remøy Havfiske får dekket bøter og deler av sakskostnadane for 11,2 millionar kroner i eit forlik med staten. Reieriets båt låg tre veker i russisk arrest.

Remøy holdt tilbake av FSB i Murmansk

Reketrålaren «Remøy» blei tatt i arrest av russisk kystvakt 10. mai i fjor.

Foto: Bård Wormdal

Reiarlaget melder sjølv om forliket onsdag. Avtalen som er inngått mellom reiarlaget og norske styresmakter har ei ramme på 11,2 millionar norske kroner. Remøy Havfiske får dekt utgiftene til bøtene for reiarlag og skipper, men berre delar av sakskostnadane i samband med arresten i Russland.

– Etter ei heilskapsvurdering har vi kome til at dette er ein avtale vi kan klare å leve med, sjølv om vi på langt nær har fått kompensert tapa våre i samband med denne saka, seier styreleiar Olav Remøy.

Reiarlaget i Fosnavåg i Møre og Romsdal tapte fangstinntekter og pådrog seg hamne- og advokatutgifter då trålaren låg tre veker i russisk arrest.

Tre veker i arrest

Det var 10. mai i fjor at den moderne norske reketrålaren «Remøy» blei arrestert av den russiske kystvakta i ein kontroll i Barentshavet aust for Vardø. Fiskeridirektoratet hadde nemleg gjort ein feil ved utfylling av eit lisensskjema til russiske styresmakter.

Skjemaet som blei feil

Feltet som Fiskeridirektoratet seier dei gløymde å fylle ut, skapte store problem for reketrålaren «Remøy». "SHR" refererer til felleskvoten for reker i russisk sektor. Han står tom, medan det ved ein feil er fylt ut for både torsk, hyse, blåkveite og steinbit.

Foto: NRK

Fartøyet fiska på norsk kvote i russisk sone, og rapporterte dagleg fangsten til norske og russiske myndigheiter, slik reglane krev. Men Fiskeridirektoratet hadde gløymd å krysse av for rekefiske på skjemaet. «Remøy» blei beordra inn til Murmansk, der det blei stilt krav om 90 millionar kroner i kausjon for å sette båten fri.

Etter tre veker i arrest fekk Remøy forlate Murmansk. Dette etter at norske styresmakter stilte garanti for at ei eventuell straffeforfølging ville bli gjort opp. Delar av mannskapet fekk reise heim 26. mai, medan båten og resten av mannskapet blei sett fri 1. juni.

– Fleire rundar i retten

Saka har vore oppe for russisk rett fem gongar. Russiske styresmakter reduserte kravet på 90 millionar til 30, men reiarlaget anka summen. I desember 2017 fekk Remøy Havfiske ei bot på 5,4 millionar kroner, medan skipperen blei pålagt ei bot på 2,7 millionar kroner. Reiarlaget bestemte seg då for å ikkje gå vidare med saka.

Odd Kristian Dahle

Informasjonsleiar i Fiskebåt, Odd Kristian Dahle, håper ein kan unngå liknande situasjonar i framtida.

Foto: Pressefoto

Informasjonsleiar i Fiskebåt, Odd Kristian Dahle, meiner at saka aldri burde gått så langt.

– Dette burde blitt løyst med ein telefonsamtale. Utgangspunktet var ein bagatell og saka burde aldri vore oppe. Men vi måtte sette ein sluttstrek for å kunne gå vidare, seier han.

Dahle håper at ein kan unngå liknande situasjonar i framtida.

– Dette skal og bør ikkje skje. I forhold til det norsk-russiske samarbeidet så er lærdomen at ein må prøve å halde dialogen i gang og unngå at dette skjer igjen.

Stor kostnad

Olav Remøy, styreleiar i Remøy Havfiske

Olav Remøy, styreleiar i Remøy Havfiske AS, er glad for at dei kan legge saka bak seg.

Foto: Arne Flatin / NRK

I tillegg til bøtene har reiarlaget hatt store utgifter til sakskostnader og advokatutgifter. Tre veker i arrest førte også til betydelege tapte fangstinntekter.

– Vi er glade for at vi endeleg kan legge denne saka bak oss. Det samla tapet for reiarlag og mannskap er stort, men dette var så langt det var mogleg å kome, seier Remøy i ei pressemelding.

Les alt om saka her: