Hopp til innhold

Krev at styresmaktene stiller milliongaranti

Stortingsrepresentant Oskar Grimstad (Frp) krev at styresmaktene stiller garanti for dei 90 millionane som russarane krev. 17 sjøfolk på reketrålaren «Remøy» blir framleis haldne tilbake.

Oskar Grimstad

Stortingsrepresesentant Oskar Grimstad (Frp) vedgår at det kan kome til å koste styresmaktene mykje å gje etter for kausjonskravet. Han meiner likevel det må til.

Foto: Frode Berg / NRK

Dei norske sjøfolka i Murmansk fekk ikkje feire 17. mai heime som planlagt, men no ser det ufrivillige opphaldet til å vare endå lenger. Sidan 10. mai har den norske fiskebåten blitt halden tilbake i Murmansk, etter at norske styresmakter kryssa feil i eit skjema.

Stortingsrepresentant Oskar Grimstad (Frp) krev no at styresmaktene stiller garanti for dei 90 millionane som russarane vil ha for å sleppe båten.

Det offentlege får berre gå inn no og sørge for at dei stiller nødvendige garantiar. Om det er 90 millionar eller kva det er, er i grunn underordna. Dei må i alle fall sørge for å løyse saka no, seier Grimstad.

Kryssa feil

Tråleren Remøy

Mannskapet på reketrålaren «Remøy» har blitt haldne tilbake i snart 14 dagar. No reiser leiinga til Murmansk så snart det er praktisk mogleg.

Foto: fiskebat.no

Fiskeridirektoratet har vedgått at dei ved ein feil ikkje kryssa av for rekefiske for reketrålaren «Remøy». Dermed starta problema. Etter nokre dagar kravde russiske styresmakter 90 millionar kroner i kausjon for å sleppe trålaren.

Reiarlaget har gitt beskjed om at det ikkje er aktuelt å stille ein slik garanti.

Administrerande direktør Audun Maråk i Fiskebåt meiner også at norske styresmakter må vere villige til å stille garantiar dersom saka trekk ut.

– Vi meiner at norske styresmakter må stille opp med ein garanti som gjer at fartøyet kan kome i fiske igjen, dersom alternative løysingar ikkje fører fram i løpet av kort tid, seier han.

Knappe kommentarar

Harald Tom Nesvik

Stortingsrepresentant Harald Tom Nesvik er involvert i arbeidet med å få frigitt trålaren i Murmansk. han vil ikkje seie kommentere kausjonsspørsmålet.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Partifelle Harald Nesvik i utanriks- og forsvarskomiteen er involvert i arbeidet med å få frigitt reketrålaren, og var mellom anna med på eit møte med Fiskebåt og reiarlaget før helga. Han seier dei jobbar på ulike måtar, og seier han ikkje kan seie noko om eit eventuelt kausjonskrav.

Helge Orten

Stortingsrepresentant Helge Orten (H) er usikker på konsekvensane dersom norske styresmakter stiller garantiar for 90 millionar.

Foto: Trond Vestre / NRK

Stortingsrepresentant Helge Orten frå Høgre seier det å stille kausjon kan bli problematisk for norske styresmakter.

– Det kan sjølvsagt vere problematisk, det er eit ekstremt urimeleg beløp det er stilt krav om, og utfordringa er sjølvsagt konsekvensane av å stille garantiar, seier Orten.

Trur saka kan koste dyrt

Fiskebat.no har tidlegare skrive at kausjonskravet er meir enn ti gongar høgare enn fangstverdien, og at det ikkje står i forhold til realitetane i saka.

Grimstad vedgår at det å stille garanti for 90 millionar, kan kome til å koste styresmaktene dyrt.

Det kan det nok bli. Vi ser at ein er veldig striks på regelverket når mannskap og skipper gjer feil på fangstmeldingar, då er det betydelege bøter. Så at det kan kome til å koste dyrt for direktoratet eller det offentlege, det kan det nok, seier Grimstad.

Vil ikkje svare på kausjonskrav

På spørsmål til Utanriksdepartementet om det er aktuelt å stille garanti, skriv pressetalsperson Astrid Sehl i ein epost at departementet vurderer fleire alternativ og er i dialog med representantar for reiarlaget.

Vi vil på det noverande tidspunkt ikkje gå nærare inn på detaljar, skriv Sehl. Ho strekar under at saka er under behandling i det russiske rettsvesenet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL