Hopp til innhold

UD følgjer arbeidet med å få sett fri norsk trålar

Norske styresmakter er no orientert om reketrålaren «Remøy» som vert halden tilbake i Murmansk på ubestemt tid. Russland krev 90 millionar kroner i kausjon for å setje skipet og mannskapet fri.

Audun Maråk

Audun Maråk i organisasjonen Fiskebåt var i dag i møte i UD. No tyder alt på at norske styresmakter skal inn i arbeidet med å få frigitt både skipet og mannskapet.

Foto: NRK

Reketrålaren «Remøy» hadde søkt lisens for rekefiske i russisk farvatn. I lisensen var det imidlertid ikkje kryssa av for «reker». Reketrålaren blei dermed beordra til hamn i Murmansk. Der ligg trålaren framleis med eit mannskap på 17 om bord.

– Konstruktivt møte

Situasjonen ser ut til å vere fastlåst. I dag møtte organisasjonen Fiskebåt det norske Utanriksdepartementet og Næring- og fiskeridepartementet.

– Det var eit konstruktivt møte der vi hadde eitt felles mål. Det er å få løyst saka så raskt som mogleg, seier administrerande direktør Audun Maråk i organisasjonen Fiskebåt.

Fredag kveld sende UD ein skriftleg kommentar etter møtet.

– Saka er under behandling i det russiske rettsvesenet. Norske styresmakter følgjer saka nøye. Utanriksdepartementet og generalkonsulatet i Murmansk vil halde fram med å gje reiarlaget og mannskapet konsulær bistand. Vi har i ettermiddag hatt ein nyttig gjennomgang av saka i eit møte med Utanriksdepartementet, Næring- og fiskeridepartementet, reiarlaget og næringa, skriv pressetalsperson Astrid Sehl i ein e-post til NRK.

– Mannskapet vil heim

Organisasjonen Fiskebåt har bede om at norske styresmakter må hjelpe til med å få løyst saka. Konflikten med Russland har kome opp på eit nivå der det har blitt uråd for reiarlaget å kome nokon veg.

– Det som er viktig no er å få løyst saka. Vi vil ha heim att 17 mann på fartøyet i tillegg til sjølve skipet. Dette er ein svært vanskeleg situasjon for reiarlaget, som har kome opp i denne situasjonen utan skuld, seier Audun Maråk.

Reketråleren Remøy

Her ligg reketrålaren «Remøy» for anker utanfor Murmansk.

Foto: Privat

– Vil ha rask løysing

«Remøy har no over 500 tonn frosne reker i lasterommet. Kausjonskravet på 90 millionar kroner skal vere 10 gonger større enn verdien på fangsten.

Under møtet i dag bad organisasjonen Fiskebåt UD og Næring- og fiskeridepartementet om hjelp til å få løyst situasjonen. Aller helst vil fiskarane kome heim at alt i dag. Det kjem truleg ikkje til å skje.

– Det er viktig å få ei rask løysing slik at vi kan få båten i fiske igjen. Dei 17 som er på skipet no skulle heim og 17 nye skulle om bord.

– Ein glipp

Fiskeridirektoratet har tidlegare vedgått at dei ved ein feil ikkje kryssa av for rekefiske i søknaden som gjekk til dei russiske fiskeristyresmaktene. Systemet fungerer slik at norske fartøy treng ein spesiell lisens om dei skal fiske reker i russisk del av Barentshavet. Det er Fiskeridirektoratet som søkte slik lisens på vegner av trålrederiet Remøy Havfiske.

– Det skjedde ein glipp i samband med lisensiering av fartøyet. Fartøyet hadde søkt om lisens for rekefiske i russisk sone. Dei fekk ein lisens tilbake. Men det sto dessverre ikkje reke på lisensskjemaet. Dette førte til den situasjonen som skipet no er oppe i, seier Maråk til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Redningsaksjon i Åndalsnes

Redningsaksjon i Åndalsnes

– Det er et rent helseoppdrag, og ikke noe politiet er involvert i, sier politiets operasjonsleder til Romsdals Budstikke. Ifølge vitner på stedet ble personen hentet opp fra stien ved Rampestreken rundt klokken 10. Ifølge avisen skal personen ha skadet seg, og trengt hjelp til å komme seg ned fra fjellet.