Hopp til innhold

Vil krevje nullutslepp for hurtigbåtar innan to år – fylke er redd for å verte snytt

Regjeringa vil krevje utsleppsfrie hurtigbåtar og ferjer innan få år og lovar pengar. I ferjefylket Møre og Romsdal er dei redd for å gå på ein økonomisk smell utan meir handfaste garantiar.

Hurtigbåten Nørvøy på veg frå Langevåg over til Ålesund. Hurtigbåten går sakte på eit roleg hav, og skodde dekkar delvis dei snødekka sunnmørsfjella i bakgrunnen.

Med veldig få unnatak er hurtigbåtane i Noreg framleis fossildrive, som Nørvøy som går mellom Langevåg og Ålesund. Desse båtane slepp ut veldig mykje CO₂ per kilometer per passasjer.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Null utslepp frå hurtigbåtar innan 2025 og det same for ferjene so raskt som råd. Det er forslaget Samferdsledepartementet legg fram i dag.

Det er eit veldig effektivt verkemiddel, seier samferdsleminister frå Arbeidarpartiet, Jon-Ivar Nygård.

Om lag 200 ferjer og 80 hurtigbåtar går fram og attende langs kysten av Noreg. Årleg slepp dei ut høvesvis 580.000 tonn og 130.000 tonn CO₂.

Det syner ein rapport Direktoratet for forvalting og økonomistyring (DFØ) har laga på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet.

Det er desse utsleppa regjeringa no vil til livs, men enn so lenge er berre eit par hurtigbåtar i Noreg utsleppsfrie.

Ifølgje tankesmia Norsk Klimastifting er under ein fjerdedel av ferjene i Noreg elektriske i dag.

Espen Barth Eide og Jon-Ivar Nygård står i dress på ei kai i Oslo. I bakgrunnen ser vi ei elektrisk passasjerferje som legg til kai.

Klima- og miljøministeren og samferdsleministeren meiner eit krav i offentlege innkjøp vil vere eit godt verkemiddel for å få transportsektoren i ei grønare retning.

Foto: Tom Balgaard / NRK

Meiner krav vil drive teknologien

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide, også frå Arbeidarpartiet, meiner eit krav om utsleppsfrie ferjer og hurtigbåtar vil sette fart på utviklinga.

Vi veit at offentlege anskaffingar – når vi stiller krav i dei – so bidreg det til teknologiutvikling. Det gjer at desse løysingane kjem fortare fram og vert betre, seier Eide.

Han meiner at eit krav frå regjeringa vil vere naudsynt for eit grønt skifte i sektoren.

Det å bruke den muskelen som er offentlege innkjøp, er ein veldig viktig del av klimapolitikken, og eg er veldig glad for at vi får desse krava ut no.

Espen Barth Eide står i dress på ei kai i Oslo. I bakgrunnen ser vi ei elektrisk passasjerferje som legg til kai.

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide seier transportsektoren står for om lag 30 prosent av utsleppa i Noreg, og at utsleppsfrie ferjer og hurtigbåtar verkeleg vil monne i det store biletet.

Foto: Tom Balgaard / NRK

Forslaget er altso at alle nye kontraktar som vert inngått, skal krevje utsleppsfrie båtar.

So tek det jo litt tid å byte ut alle dei kontraktane ein har. Vi respekterer jo inngåtte avtalar, men over tid skal alle samband vere utsleppsfrie, seier Barth Eide.

Han legg også til at det kan vere nokre samband som slepp dette nye kravet.

Det er sjølvsagt nokre unnataksbestemmingar der infrastrukturen ikkje er på plass enno, seier klimaministeren.

Droppa elferjer i fjor

Mange ferjer, spesielt langs dei kortare overgangane på vestlandet, er allereie elektriske, og har vore det i årevis. Nokre lengre overgangar, som i Nordland, går på gass.

Då Trøndelag skulle lyse ut åtte ferjestrekningar på anbod hausten 2022, måtte dei droppe kravet om elektriske ferjer. Det vart rett og slett for dyrt utan økonomisk støtte frå staten, meinte fylkespolitikarane.

Jon-Ivar Nygård står i dress på ei kai i Oslo. I bakgrunnen ser vi ei elektrisk passasjerferje som legg til kai.

Samferdsleminister Jon-Ivar Nygård seier regjeringa er innstilt på å kompensere fylkeskommunane for meirkostnadar ved å leggje om til utsleppsfri kollektivtransport på sjøen.

Foto: Tom Balgaard / NRK

Samferdsleminister lovar at det vil følgje med ein kompensasjon frå staten med dei nye krava dei føreslår.

Likevel meiner han at elektriske ferjer, til dømes, allereie er konkurransedyktige nokre stadar.

Det er ikkje gjeve at ein vil få meirkostnadar, men Regjeringa er innstilt på å kompensere for meirutgifter, og det vil vi sjølvsagt følgje opp i komande statsbudsjett, seier Nygård.

Les også Dropper elferjer på flere strekninger fordi de ikke får støtte

Olav Duun Holfes Lund

Er redd for å verte snytt

I mars kom det forslag om kutt i ferje- og hurtigbåtruter i Møre og Romsdal som vart skildra som ein massakre av ferjetilbodet.

Alle ferjesamband (utanom ei einaste sommarrute) og nesten alle hurtigbåtane vart føreslege kutta i. Nokre lokalsamfunn ville miste kollektivtransporten sin heilt, medan andre mista transport på ettermiddagane eller i helgene.

Leiar av samferdsleutvalet i fylket, Kristin Sørheim frå Senterpartiet, fryktar at krav om nullutslepp for ferjene og hurtigbåtane kan verte katastrofalt om ikkje staten stiller med nok pengar til dei som allereie slit økonomisk.

Ho meiner Møre og Romsdal vil måtte kutte i ferje- og hurtigbåttilbodet som det er i dag, ikkje minst om det vert lovfesta krav om utsleppsfriheit.

– Kanskje til og med leggje ned hurtigbåtdrifta, og det vil vi jo ikkje.

– Men samferdsleministeren seier at dei har planar om å kompensere for dette, trur du ikkje på han når han seier det?

– Nei, vi har jo bestandig vorte snytt på vekta når staten har sagt slike ting, seier Sørheim.

Kristin Sørheim står på ei kai i Tingvoll. Bak ho ser vi fjorden og bygda på andre sida.

Kristin Sørheim er glad for kravet om nullutslepp, men vil ha ein handfast garanti om pengar på bordet.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Første elektriske hurtigbåt i drift

Hurtigbåtar har lenge vore klimaverstingar.

Om ein målar utsleppa som kjem av å transportere ein passasjer ein kilometer, fann ein TØI- og CICERO-rapport frå 2014 at hurtigbåtar hadde langt større utslepp enn fleire andre måtar å reise på:

Våren 2022 vart verdas første elektriske hurtigbåt, Medstraum, sett i drift i Stavanger. Den kosta 110 millionar kroner å byggje, og EU sponsa halvparten for å få prosjektet i mål.

I byrjinga sleit båten med å gå turar i ordinær rute. Mellom anna sleit båten med tang og tare i hamnebassenget i Stavanger.

Les også Hurtigbåtar har vore klimaverstingar – fram til i dag

medstraum

Forslaget frå regjeringa er sendt ut på høyring, og har høyringsfrist 1. oktober.