Hopp til innhold

Hurtigbåtar har vore klimaverstingar – fram til i dag

Dei brukar fleire millionar liter diesel i året og slepp ut tonnevis med CO₂. Men i sommar kjem verdas første elektriske hurtigbåt til Stavanger.

medstraum

Medstraum ved Fjellstrand Verft på Omastrand ved Hardangerfjorden

Foto: Arild Eskeland / NRK

Rundt 200 hurtigbåtar går langs kysten av Noreg. Dei verste av dei brukar 600 liter diesel i timen. CO₂ utsleppa for å frakte ein passasjer ein kilometer er langt høgare enn for fly.

Berre Kolumbus sine ti båtar brukte i fjor over 4,6 millionar liter diesel, meir enn selskapet sine 450 bussar. Båtane står for utslepp av over 20.000 tonn CO₂ kvart år.

Men torsdag kom det ei ny løysing – heilelektriske Medstraum.

I sommar kjem verdas første elektriske hurtigbåt som skal gå i ordinær rute, i drift utanfor Stavanger.

Les også: Byggjer verdas første elektriske hurtigbåt i sitt slag: – Store moglegheiter for norsk industri

Elektrisk hurtigbåt
Elektrisk hurtigbåt

Millionar på pumpa

– Eg har vel betalt drivstoffrekningar på over millionen, så det går ein del drivstoff på ordinære hurtigbåtar, seier Eli Sjøen.

Ho er driftsleiar i Kolumbus og er med på Medstraum si første ferd frå verftet mot den nye heimen i Stavanger.

– Hurtigbåtane er utan tvil verstingane. Dei har eit enormt forbruk og utslepp. Så desse heilelektriske hurtigbåtane kan ein bruke med mykje betre samvit, seier ho.

Med på turen er fylkesordførar i Rogaland Marianne Chesak (Ap), som har teke rekninga for båten.

– Det er jo litt spesielt å vere eigar av verdas første heilelektriske hurtigbåt, seier Chesak.

Marianne Chesak, fylkesordfører i Rogaland

– Det lukter ny båt, seier fylkesordførar i Rogaland, Marianne Chesak då ho gjekk om bord i båten.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Prislappen kom på 110 millionar kronar.

– Det er mykje pengar, men EU har også bidratt med halve summen, seier ho.

Båten blei utvikla og bygd med stønad frå eit EU-prosjekt på 112 millionar kronar, men mykje av dette gjekk også med på å utvikle teknologien, og å bygge anlegga som trengst for å lage ein slik båt.

Den heilelektriske hurtigbåten skal settast i trafikk mellom byøyane, Hommersåk og Stavanger frå sommaren av.

– Eg trur det vert ei fantastisk oppleving å sette seg inn i denne båten. Vanlegvis bråkar det jo litt i hurtigbåtar, men no kan du altso få ein stille tur på sjøen til sommaren.

Ein time på ei lading

Medstraum har ein batterikapasitet tilsvarande 15 av dei aller største elbilbatteria. Med dei skal to motorar få båten opp i ein fart på 23 knop.

medstraum

Batteria skal kunne halde båten i gang i litt over ein time med ein hastigheit på 23 knop.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Den farta skal båten kunne halde i litt over ein time før han blir nøydd til å lada igjen.

– Det vil alltid vere litt rekkevidd-angst. Men ruta kan jo tilpassast for å få det til å passa, seier Edmund Tolo, salssjef i Fjellstrand verft.

Men Medstraum er bokstaveleg talt først i sin klasse. Og Sjøen trur dette berre er starten på ein revolusjon innan el-hurtigbåtar.

Eli Sjøen, driftsleder i Kolumbus

Eli Sjøen, driftsleiar i Kolumbus.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Fleire reiarlag jobbar både med betre lading av båtar og utskiftbare batteri, nett slik ein handverkar alltid har eitt batteri til drillen ståande til lading, seier ho og fortset:

– Det gjer at ein kan gå både lengre og fortare og i heilt andre farvatn enn der Medstraum skal gå.

Det siste som står att på båten no er dåpen som kjem til å skje i Stavanger på Sankthans. Der er både statsministeren, og kronprinsen invitert.