NRK Meny
Normal

Partane i sjukehussaka står langt frå kvarandre

Det var to heilt motsette syn som fekk bryne seg mot kvarandre under sjukehussaka i Frostating lagmannsrett i dag.

Sjukehusrettssaka i Lagmannsretten

Camilla Selman er advokat for Kristiansund kommune. Erik Bratterud hos regjeringsadvokaten representerer Helse Midt-Noreg.

Foto: Terje Reite / NRK

Kristiansund kommune baserer saka si på at det har vore feil i faktagrunnlaget i saksførebuingane, at vesentlege moment i saka ikkje har vore greidde godt nok ut, at sjølve gjennomføringa av sluttfasen i prosessen har vore uforsvarleg og at Helse Midt-Noreg har drive ulovleg eigarstyring.

Alt dette blei avvist av advokaten til Helse Midt-Noreg.

– Feil faktagrunnlag

Advokat for Kristiansund kommune, Camilla Selman, hevda at feil faktagrunnlag fekk avgjerande innverknad på resultatet i saka.

– Utrekningane av arealbehov var basert på feil. Kostnadene blei vesentleg for høge. Vedtak skal baserast på faktisk grunnlag. Svik ti faktagrunnlaget kan føre til ugyldigheit, sa Selman i si prosedyre.

Både Kristiansund kommune og Helse Midt-Noreg er samde i at overslaga for areal og investeringskostnader er sett for høgt i idefaserapporten. Feilen stammar frå ei svakheit i dataprogrammet som blei brukt for å få oversyn over arealbehov og kostnader. Alle desimalar blei runda konsekvent oppover.

Helse Midt-Noreg sin advokat, Erik Bratterud avviste påstandane om at feil faktagrunnlag hadde innverknad på valet av tomt. Han la vekt på at utrekningane var like for begge alternativa, og at areal og økonomi dermed var ein nøytral verdi i valet mellom tomtene.

– Areal og byggekostnad var ikkje eit moment som kunne skilje alternativa, la han til. Kommunen og Helse Midt-Noreg er samde i at utrekning av areal og kostnad var feil. Men desse opplysningane var ikkje lagt til grunn for valet mellom dei to tomtealternativa, sa Bratterud.

– Feil saksbehandling

Advokat Camilla Selman hevda også at saksbehandlinga var feil. På vegner av Kristiansund kommune hevda ho at det ikkje var greidd ut kva økonomiske følgjer ei plassering på Hjelset ville ha.

Advokat Erik Bratterud hevda at forvaltningslova ikkje gjeld i dette tilfellet. Det er ikkje snakk om noko inngrep i folk sine rettar eller plikter. I all hovudsak meinte han at heile sjukehussaka var svært godt greidd ut.

– Sjukehussaka i Møre og Romsdal har vore grundig greidd ut. Det har vore utgreiingar i Helse Møre og Romsdal og i Helse Midt-Noreg. Kommunane har gjort sine utgreiingar og det har vore brukt eksterne selskap. Det har vore debattar, folkemøte, høyringar og grundig mediedekning. Kvar stein er snudd, sa Helse Midt-Noreg sin advokat Erik Bratterud.

Kristiansund kommune er også sterkt kritiske til at saka blei behandla i styra i Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Noreg og i tillegg i føretaksmøte hjå Bent Høie i tre påfølgande dagar. Dette gjorde det umogleg å reparere feil og manglar hevda advokatane.

Helse Midt-Noreg sin advokat viste til at det kanskje ikkje var gunstig, men at det ikkje finst noko lovmessig hinder for å gjennomføre prosessen på denne måten.

– Ikkje belyst godt nok

Advokat Camilla Selman meinte også at nærleiken til Ålesund burde ha vore greidd ut. Tanken om at det nye sjukehuset skulle stå i eit svært nært forhold til sjukehuset i Ålesund var ny, også for administrerande direktør Astrid Eidsvik, så dette kom opp under slutten av arbeidet med idefaserapporten.

Camilla Selman meinte at éin eller fleire styremedlemer tok utgangspunkt i tanken om eit klyngesjukehus (clustersjukehus) og brukte dette i økonomi-vurderingar, utan at dette var greidd ut.

– Dette, som blei tillagt så stor vekt, blei ikkje greidd ut, sa Selman. Ei utgreiing ville vise om nærleiken faktisk hadde noko betydning eller ikkje. Ein måtte sjå på om det utgjorde nokon forskjell. Det er mykje ein ikkje veit om framtida. Men ein veit at teknologien fører til at dei som skal samarbeide ikkje lenger treng å møtes fysisk slik som før. Kva betydning ville det ha, spurte Selman.

Advokat Erik Bratterud hevda at Kristiansund kommune tek feil når dei tillegg manglande utgreiing av nærleik til Ålesund avgjerande vekt.

– Det er ikkje naudsynt å greie ut at nærleik gjer samarbeid lettare, sa Bratterud.

Bratterud viste til at det offentlege har lagt stadig større vekt på at sjukehus må samarbeide. Han hevda også at det var ingen haldepunkt for at styremedlemene ville ha stemt annleis enn dei gjorde med den kunnskapen dei har i dag.

– Mange har brukt mykje tid på saka. Ingen har endra oppfatning. Dei ville ha stemt det same i dag, sa Bratterud.

– Ulovleg eigarstyring

Eit av dei omfattande ankepunkta frå Kristiansund si side er at Helse Midt-Noreg utførte ulovleg eigarstyring ved å nærast bestille ei bestemt innstilling i saka om tomteval.

– Det blei gjeve ei bestilling om ein konklusjon om Hjelset som plasseringsstad. Dette er å sjå på som ein saksbehandlingsfeil, sa Selman.

Helse Midt-Noreg sin advokat, Erik Bratterud avviste dette, og hevda at tidlegare administrerande direktør Astrid Eidsvik sto fritt til å innstille på det alternativet ho tykte var best.

Han trekte også opp at det er forskjell på dialog og styringssignal på den eine sida og eigarstyring som skal utførast gjennom føretaksmøte på den andre.

– Det vil alltid vere løpande dialog mellom det regionale helseføretaket og det lokale helseføretaket. Men vi må skilje mellom styringssignal og eigarstyring. Eigarstyring skal få føre seg i føretaksmøte. Då er eigaren ansvarleg. Men det er lov å gje styringssignal. Då kan for eksempel Helse Møre og Romsdal velje å følgje styringssignala, eller å ikkje følgje dei, og vere ansvarleg for dette sjølv, sa Bratterud.

Bratterud viste til møta mellom leiinga i Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Noreg. Han sa at Helse Midt-Noreg meinte ikkje ønskte å binde Helse Møre og Romsdal.

– Men det var eit felles ønskje om å få ei felles innstilling om dette var mogleg. Dette er ikkje ulovleg eigarstyring, sa Bratterud.