NRK Meny
Normal

– Tungt og vanskeleg då Eidsvik valde å gå

Administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal vitna for første gong i rettsprosessen i sjukehussaka. Han skildra tøffe dagar i forkant av vedtaket om kva tomt sjukehuset skulle ligge på.

Espen Remme

Espen Remme var sentral som strategi- og utviklingsdirektør i planleggingsarbeidet med det nye sjukehuset.

Foto: Terje Reite / NRK

Espen Remme var ikkje innkalla til vitne då saka var oppe i tingretten for litt over eit år sidan, sjølv om Remme var tungt inne i planlegginga av det nye sjukehuset heilt frå byrjinga av.

– Vanskeleg, trist og tungt

I den tidlege fasen i planlegginga var Espen Remme strategi- og utviklingssjef, og blei titulert som direktør eit stykke ut i planleggingsfasen. Han var dermed ein av dei næraste medarbeidarane til Astrid Eidsvik i denne fasen.

Etter at det var klart at Helse Midt-Noreg uansett ville gå for Hjelset valde Astrid Eidsvik å forlate posten som administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal.

– Det vart plutseleg vanskeleg, trist og tungt. Vi hadde jobba lenge for å lande prosjektet på ein måte der vi kunne gå vidare. Eg opplevde at vi stod i ein vanskeleg situasjon som helseføretak der og då. Samtidig påkvilte det oss eit samfunnsansvar om å levere, sa Espen Remme om situasjonen som oppstod då Astrid Eidsvik trekte seg frå prosessen 4. desember 2014.

– Dei gjekk i forskjellig retning

Espen Remme forklarte seg også om møteverksemda rett i forkant av at Astrid Eidsvik trekte seg. Det nærma seg tida for at både Helse Møre og Romsdal, Helse Midt-Noreg og helseministeren skulle gjere vedtaka sine.

Frå Helse Midt-Noreg kom det signal om at eit vedtak ville ha størst mogleg legitimitet om både Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Noreg til slutt hamna på det same tomtealternativet.

– Eg visste ikkje kva Astrid Eidsvik ville ende opp med til slutt. Men ut frå argumentasjonen var det tydeleg at ho og administrerande direktør i Helse Midt-Noreg gjekk i forskjellige retningar. Det var på ein måte eit press på oss alle. Alle som var der opplevde dette som vanskeleg, sa Remme.

– Ubehageleg stemning

Frå Helse Møre og Romsdal møtte ei heil gruppe til dette møtet. Det var i stor grad stabsdirektørar. Dåverande fagdirektør Odd Jarle Veddeng skreiv eit notat etter møtet. I Frostating lagmannsrett var han den som brukte sterkast ord om innhaldet i dette møtet.

Under vitneforklaringa via telefon sa han at han oppfatta det som om administrerande direktør i Helse Midt-Noreg, Daniel Haga, kom med ei «bestilling» om at Astrid Eidsvik skulle gå inn for Hjelset som lokaliseringsstad for sjukehuset.

Odd Veddeng

Odd Jarle Veddeng sa at det var ubehageleg stemning og at han oppfatta utsegnene frå Daniel Haga som eigarstyring utanfor føretaksmøte.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Det var ei ubehageleg stemning på møtet. Konklusjonen var at Eidsvik for så vidt kunne innstille på det ho ville. Men det kom klart fram at det var Helse Midt-Noreg sitt val av Hjelset som kom til å bli ståande, sa Veddeng.

– Manglande respekt

Veddeng sa at han oppfatta utsegnene frå Haga som eigarstyring i strid med lova om helseføretak. Eigarstyring skal ifølgje lova berre skje under føretaksmøte, og dette møtet hadde ikkje desse formalitetane på plass.

– Dette var manglande respekt for det arbeidet som var utført av Helse Møre og Romsdal, sa Veddeng.

I si forklaring valde Espen Remme å ta kritikk for to forhold. Det eine var modellane eit innleigd konsulentbyrå brukte for å gje overslag over arealbehovet i eit nytt sjukehus og dermed også for investeringskostnadene. Systemet runda alle desimalar oppover, og ein enda opp med eit sjukehus på 80.000 kvadratmeter, mot 60.000 kvadratmeter som meir nøyaktige utrekningar viser.

– Burde hatt betre tid

I ettertid ser også Remme at framdriftsplanen for vedtak i saka med fordel kunne ha vore annleis. Han sa at det burde vere meir avstand i tid mellom styremøta i Helse Møre og Romsdal og i Helse Midt-Noreg.

– Eg er ikkje i tvil om dette når vi ser dette no i ettertid, sa Remme. Mange har lært av dette, la han til.