Hopp til innhold

– Eg er pragmatikar og vil skape resultat

Han er korrekt kledd. Også slipsknuten er upåklageleg. Oskar Grimstad tek imot på Løvebakken. Sveisarkjeledressen ligg att heime. Her på Stortinget lever han politikarlivet.

Oskar Grimstad

Oskar Grimstad viser oss rundt i Lagtingsalen i Stortinget. No vil han gå på ein ny periode som stortingsrepresentant.

Foto: Terje Reite / NRK

Oskar Grimstad viser veg opp trappene på Stortinget. Her har han vore innom sidan 1997, og som fast representant frå 2009. Han er godt kjend i denne norske maktborga.

Eg er pragmatikar og vil ha resultat.

Oskar Grimstad

Vi går opp her, seier han, så finn vi oss eit bord i restauranten.

Det er tidleg formiddag, og ikkje heilt lunchtid enno. Ei svak summing kjem likevel frå fleire bord. Kjende ansikt kikar opp, både politikarar, journalistar og folk frå organisasjonslivet.

Oskar Grimstad på veg til Stortinget

NRK følgde Oskar Grimstad på første turen til Stortinget etter at han kunne ta plass på Mørebenken.

Foto: Andreas Sundby / NRK

– Nyttar ikkje å berre stå på kvar si tue og hyle

Nokre slappar nok av. Andre driv politisk handverk, har kontakt og samtalar. Oskar Grimstad er ein av dei som likar å sjå resultat av det politiske arbeidet han driv.

Enkelte trur at Frp trivest best med å vere i opposisjon. Men det nyttar ikkje å berre stå på kvar si tue og hyle. Eg er pragmatikar og vil skape resultat, seier Oskar Grimstad, mens kaffien framleis er litt for varm.

Livet i Vestisen var tøft. På selfangstskutene fekk vi eit litt spesielt forhold til hygiene.

Oskar Grimstad

I den siste perioden på Stortinget har han vore med i ein komite som har eit svært vidt spekter av arbeidsoppgåver. Energi- og miljøkomiteen arbeider med både dei mjukaste verne- og miljøsakene til dei største olje- og gass-sakene.

Eg var for eksempel saksordførar då partia på Stortinget inngjekk rovdyrforliket. Her klarte vi å snu den raudgrøne regjeringa, seier Oskar Grimstad stolt. Dette er eit av dei få forlika i denne perioden. Alle partia signerte avtalane.

– Eit tøft liv i Vestisen

Oskar Grimstad er ein av dei som har hatt naturkreftene nærare inn på seg enn dei fleste. Han byrja det yrkesaktive livet som fiskar ved Grønland og som selfangar i Vestisen.

Eg var med selfangstskuta «Brandal» på ein av dei siste turane. Det var tøft, og eit veldig spesielt miljø.

Vi kjempa oss gjennom den tunge tida. Å miste dottera vår i brann var knusande destruktivt.

Oskar Grimstad

Han må rett og slett smile og riste på hovudet når han skal skildre opplevingane sine frå desse båtane på tidleg sekstital. Det er eit langt sprang frå det glattpolerte politiske miljøet til livet på ei selfangstskute.

Det var vel eit litt spesielt forhold til personleg hygiene om bord. Dei sanitære forholda var eigentleg forferdelege. Det var lite vatn, vi hadde ei pøs vi kunne vaske oss i. Men det var likt for alle, minnest han. Å kome om bord i desse skutene var som å bli sendt fleirfaldige år tilbake i tid, konkluderer han.

Harald Nesvik, Oskar Grimstad og Mette Hanekamhaug.

Oskar Grimstad flankert av dei andre to faste Møre-representantane til Frp, Harald Tom Nesvik og Mette Hanekamhaug.

Foto: Rune Hustad / NRK

– Greenpeace har gjort folk og natur ein bjørneteneste

Erfaringane frå Vestisen og Grønland gjev han personlege bakgrunn for å kunne delta i miljødebatten. Han er tilhengar av å kunne hauste frå naturen.

– Ein organisasjon som Greenpeace gjer både folk og natur ei bjørneteneste. Dei har også teke frå inuitane moglegheita til å drive ei fornuftig seljakt. Bileta frå selfangsten, med raudt blod mot kvit snø, såg nok forferdeleg ut. Men selfangsten var ikkje noko verre enn anna hausting frå naturen, seier han.

– Eg nyt båtlivet

Livet som selfangar, smørjar, messegut, og arbeidet i utanriksfart, har knytt Oskar Grimstad til sjøen og havet. Det er ei stund sidan han eigde sin eigen båt. No vil han snart dyrke båtlivet igjen.

Eg har hatt båt gjennom nesten heile livet. Eg har for eksempel gått med fritidsbåten min over til Shetland. No har eg vore båtlaus ein periode. Men med leilegheit i Hareid sentrum og med flytebrygg like nedanfor, så skal det bli båt snart igjen, seier han med håp i blikket, og legg til at det er ein havseglar som er den store draumen.

– Vi treng ikkje dommedagsprofetiar

Men med bakgrunn i eit svært klimautsett område på kloden, og som fiskar, er han likevel ikkje redd for å opne for leiting etter både olje og gass på eit av dei mest kontroversielle felta langs norskekysten, Møreblokkene.

Å seie nei fremjar ikkje kunnskap. Vi er blant verdas fremste til å stille miljøkrav. Og det er mogleg å få til avanserte teknologiske løysingar som gjer boringa heilt trygg. Det er fantastisk å sjå kva som skjer i den teknologiske utviklinga no, seier han.

Oskar Grimstad blir ivrig. Han pratar om at boringa ikkje lenger treng å skje frå ein plattform som ligg og flyt midt blant gytande sild. Boringa kan skje horisontalt på lang, lang avstand, seier han.

Eg aksepterer at vi har organisasjonar som er vaktbikkjer. Den rolla er viktig. Men det må ikkje bli dommedagsprofetiar. Og vi ser at naturen har ei stor evne til å ta seg tilbake når ting har gått gale, seier han.

Oskar Grimstad

Oskar Grimstad på talarstolen på Stortinget. Dette biletet er frå den dagen Stortinget vedtok å føre Aasta Hansteen-gassen i land på Nyhamna i Aukra.

Foto: NRK

– Nasjonane må samarbeide om miljøløysingar

Oskar Grimstad vil gjerne at Noreg skal halde fram med å hente ut rikdomane som ligg under havoverflata. Han ser også for seg at Noreg, som ein aktiv produsent av olje og gass, skal spele ei rolle overfor andre land.

Noreg driv oljeutvinning med ein høg miljøstandard. Dette legg sjølvsagt press på andre oljeproduserande land. Måten Noreg gjer dette på fører til at andre land kjem etter.

I tillegg manar han til meir miljøsamarbeid mellom dei oljeproduserande landa. Alle land som driv med oljeutvinning står overfor dei same utfordringane, og burde samarbeide om teknologi for CO2-handtering, meiner han.

Skal kvart land utvikle si eiga månelanding? Kvifor kan ikkje dei oljeproduserande landa utvikle dette i fellesskap? Det skulle vere nok pengar i dette systemet til å kunne samle forskarmiljøa frå fleire oljeproduserande nasjonar, seier han.

– Det var knusande destruktivt

14. desember 2008 opplevde Oskar Grimstad noko av det aller verste som kan ramme eit menneske. Han miste dotter si, Kamilla, i ein brann på Flusund i Herøy.

– Det er så knusande destruktivt. Vi miste den yngste i familien vår. Det er ikkje alltid eg har klart å prate om det. Men eg har funne hjelp i å prate, og eg snakkar om det no når nokon spør, seier han.

Oskar Grimstad får ei anna skjelving i stemma når han snakkar om dette. Brått er det ikkje lenger berre politikaren som sit ved bordet på stortingsrestauranten, men ei menneske som fortel ope, ærleg og hjarteskjerande.

Han fortel om den første meldinga på telefonen. Han og kona var i Kristiansund. Han fortel om reaksjonane. Det vanvittig uventa. Om livstråden som blei kutta. Han fortel om jenta som skapte liv i heimen. Og om kor stille det vart då ho blei borte.

– Kjempa seg gjennom den tunge tida

Han fortel også om slaga familien fekk, då dei skjønte at politiet ikkje kunne ha fortalt sanninga om brannen.

Historia politiet fortalde oss var ikkje sann. Ungdommane hadde ikkje sovne i sengene sine då dei blei tekne av brannen. Det var fleire ting som ikkje stemte. No har vi fått orsaking frå politiet, og det vert ny etterforsking, seier han.

MINNEGUDSTJENESTE

Oskar Grimstad heldt minnetale for dottera Kamilla, under minnegudstenesta i Herøy kyrkje etter brannen i Flusund.

Foto: ÅNSTAD, NILS HARALD / NTB scanpix

Oskar Grimstad kjempa seg gjennom den tunge tida i stor grad gjennom arbeidet. Men samstundes har han også kjempa for å få teke opp att etterforskinga.

På eit tidspunkt må ein kome ut av den vonde spiralen også etter noko slikt som dette. Eg bruker å seie at kvardagen skal vere den gode dagen, kvardagen gjev meg styrke til å ta den andre delen, seier han.

Oskar Grimstad sin kvardag inneber lange arbeidsdagar på Stortinget. Ofte er han i stortingsbygningen frå klokka 8 om morgonen til 20.30 om kvelden.

Å bli sitjande åleine på stortingshybelen er ikkje noko særleg, seier han.

– Vil ha fleirtal

Frå bordet på stortingsrestauranten har vi godt utsyn mot Karl Johan, Spikersuppa og opp over mot Slottet. Oskar Grimstad trivast godt på Stortinget, og ikkje minst med arbeidet i komiteen. Noko av det siste han var med på før Stortinget tok ferie var å sikre at gassen frå Aasta Hansten-feltet skal kome i land på Nyhamna i Aukra.

Arbeidet i komiteen er viktig. Oljen og gassen er ei gåve frå naturen, og det er viktig å få til ei fornuftig forvalting av desse ressursane, seier han.

Meiningsmålingane i sommar viser at det slett ikkje er sikkert at Oskar Grimstad får halde fram på Stortinget. Men sjansane er der, og Grimstad sitt kandidatur skal det kjempast for.

Eg ser at det er mogleg at vi skal kome i regjeringsposisjon. Eg er ein pragmatisk politikar som er ute etter resultat. Og med eit fleirtal bak oss har vi langt større høve til å vere med og forme landet, seier Grimstad.

Det har altså vore frustrerande å vere i mindretal dei siste fire åra?

Ja, tidvis har det vore slik at eg har kjent på at vi har hatt for liten innverknad. Eg vil helst vere der det skjer og der vi kan påverke fram mot eit resultat.

Men det er jo langt frå sikkert at vi får eit resultat der regjeringa blir skifta ut ...

Nei, vi kan slett ikkje vere sikre på det. Og det er innbyggjarane i landet som avgjer dette. Og vi skal ha stor respekt for dei vala som innbyggjarane gjer, seier Grimstad.

Du står på ein kampplass. Legg du opp valkampen i forhold til dette?

Ja, meiningsmålingane viser at vi må kjempe. Vi skal vere tydelege på prioriteringane våre. Vi skal synleggjere forskjellane mellom partia. Vi ser også at Høgre har god margin for sine representantar, så ..... Kanskje er der nokre veljarar som stemmer taktisk, seier Grimstad med eit lurt smil.

– Høyrer eg ei oppmoding om taktisk stemmegjeving?

– Nei, he-he. Kvar einskild får gjere seg opp ei meining om kven dei vil røyste på. Men det er klart at det ikkje er forbode å stemme taktisk, seier Grimstad med nok eit lurt smil.