Storstilt feiring for gigantprosjektet Aasta Haansten

Alle partia, utanom Venstre, går inn for Aasta Hansteen-utbygginga. Den endelege voteringa skjer seinare i dag, men jubelen er for lengst sleppt laus.

Riksfjord og Dahl

Aukra-ordførar Bernhard Riksfjord (Ap) og Høgre-stortingspolitikar Torgeir Dahl feirar Aasta Hansteen.

Foto: Terje Reite / NRK

Aasta Hansteen-kake

Aasta Hansteen-utbygginga blei feira med kake.

Foto: Terje Reite / NRK

– Dette er ein stor dag for heile fylket, Midt-Noreg og heile Noreg. Dette har vi venta på i mange, mange år, og no blir det nesten einstemmig på Stortinget, seier Aukra-ordførar Bernhard Riksfjord til NRK.

Han følgde den siste debatten om Aasta Hansteen-utbygginga på Stortinget fredag formiddag. Berre Venstre er negative til utbygginga.

Etter debatten stod Aasta Hansteen-kake og -ananasbrus klar, og Riksfjord sjølv heldt tale.

– Dette er ein måte å sjå kva samarbeid kan bli til, sa ordføraren.

– Eg seier hjarteleg tusen takk til alle som har teke imot meg og mine. Vi blei kjent, fekk til eit godt vedtak, og dette vil gagne Noreg, Møre og Romsdal og sjølvsagt Aukra. Gratulerer til alle saman, heldt Riksfjord fram.

Oskar Grimstad

Oskar Grimstad (Frp) meiner straumnettet på Nyhamna må utbetrast.

Foto: NRK

– Viktig steg vidare nordover

Frå talarstolen på Stortinget gjekk debatten – eller praten – i nærare to timar.

– Utbygginga av Aasta Hansteen og Polarled inneber investeringar i ny infrastruktur som vil opne opp for ein ny gassregion i den nordlege delen av Norskehavet, og det er eit viktig steg nordover.

Det sa stortingsrepresentant Oskar Grimstad frå Framstegspartiet.

Den 480 kilometer lange røyrleidningen Polarled skal kople gassen frå Aasta Hansteen-anlegget i nord til prosessanlegget på Nyhamna i Aukra.

– Aasta Hansteen-feltet, Polarled og utvidingar på Nyhamna står for ei samla investering på om lag 77 milliardar kroner.

– Det er derfor svært gledeleg når media kan fortelje at lokale bedrifter står i kø for å få vere med på gigantutbygginga, sa Grimstad, før han kritiserte for dårleg straumnett i Nyhamna.

Saka held fram under bildet.

Else-May Botten

Else-May Botten

Foto: NRK

– Ein historisk dag

– Dette er ein historisk dag, byrja stortingspolitikar Else-May Botten (Ap) frå talarstolen.

– Vi i Arbeidarpartiet brukar slagordet «Vi tek Noreg vidare», og det meiner eg absolutt at vi gjer i denne saka. I dag står ei sterk kvinne i front. Gassfeltet vi i dag skal behandle er kalla opp etter ein kvinneleg kunstmålar som hadde stor suksess og blei ein markant samfunnsdebatant.

Dagens utgåve av Aasta Hansteen er eit funn med tre hovud, slo Botten fast. Luva, Haklang og Snefrid Sør er namna.

– Ho ligg på 1300 meters djup og den innhaldsrike gassen skal sendast 480 kilometer i røyr til Nyhamna. Investeringane vil bidra til enorm inntening og vil gagne gassmarknaden og samfunnet sine innbyggjarar, sa Botten.

Ho peikte òg på kraftsituasjonen. Kraftforbruket vil auke, og kraftlinja frå Ørskog til Sogndal blir viktig, meinte både Ap-politikaren og andre.

Les også:

Riksfjord på galleriet

Aukra-ordførar Bernhard Riksfjord følgde spent den siste Aasta Hansteen-debatten på Stortinget.

Foto: Alf-Jørgen H. Tyssing / NRK