I politisk samanheng er det lenge til valdagen i september, og mykje kan skje. Men meingnsmålingane har berre gått oppover siste tida, og når Senterpartiet no er samla til landsmøte er det optimismen som rår.
– Vi har åtte års erfaring med regjeringssamarbeid med Arbeidarpartiet - då også med Sosialistisk Ventreparti. Den gongen hadde vi ei oppslutning på pluss minus seks prosent. Då meiner eg vi fikk til veldig mykje, seier stortingsrepresentant Jenny Klinge.
Ho og partiet veit, og er innstilt på, at samarbeid med andre gjer at ein må kompromisse på eigne standpunkt.
– Det er ein del av politikken. Men viss vi til hausten skulle gjere noko slikt som eit dobbelt så godt val som sist vi sat i regjering, har vi større styrke til å få til enda meir. Vi går difor optimistisk inn i valkampen.
- Les også:
- Les også:
- Les også: