Hopp til innhold

Fryktar at Helseplattforma går ut over eldre og multisjuke

Ordføraren i Ålesund er så uroa at han bed Helse Midt-Noreg om å utsetje innføringa av Helseplattforma ved sjukehusa i Møre og Romsdal. Han fryktar auke lidingar og tapt helse som følgje av datasystemet.

Håkon Lykkebø Strand (Frp) er ordfører i Ålesund kommune.

Håkon Lykkebø Strand (Frp) er ordførar i Ålesund. No er han uroa over om innføring av Helseplattforma skal skape problem for både pasientar, sjukehusa og kommunehelsetenesta.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Håkon Lykkebø Strand (Frp) er ordførar i Møre og Romsdals største by, Ålesund. Kommunen han er ordførar i har sjølv innført den kommunale delen av Helseplattforma.

Men planane om å innføre dette systemet ved sjukehusa i Møre og Romsdal gjer han svært uroa.

– Konsekvensen av innføringa kan bli lengre ventetider for pasientane, noko som også kan bety auka lidingar og tapt helse, skriv Lykkebø Strand.

– Råkar eldre og multisjuke

Ordførar Håkon Lykkebø Strand minner Helse Midt-Noreg om at Helseplattforma langt frå er ferdig og klar til bruk.

– Trass i feilretting og forsøk på å forbetre systemet er ingen av dei fire områda som Statens helsetilsyn har kravd korrigert lukka per fjerde mars 2024, skriv Lykkebø Strand.

Han fryktar at Helseplattforma skal føre til at sjukehusa kjem til å behandle færre pasientar og at problema ved sjukehusa skal forplante seg nedover til kommunehelsetenesta.

– Om spesialisthelsetenesta ikkje har kapasitet til å handtere pasientane vil kommunane i heile fylket kunne få auka press på tenestene, noko som særleg kan råke eldre og multisjuke pasientar, skriv han.

Les også Må låne hundre legar for å innføre omstridt datasystem

Olav Lødemel direktør i Helse Møre og Romsdal

Tilsyn ferdige først etter innføringa

Ordføraren i Ålesund er ikkje åleine om å uroe seg over kvaliteten på Helseplattforma.

Ei rekkje tilsyn og offentlege organ skal granske Helseplattforma. Datatilsynet, Helsetilsynet, Direktoratet for strålevern, Statsforvaltaren, Kripos og Riksrevisjonen skal alle granske forskjellige sider ved dette datasystemet.

Rapportane ligg ikkje på bordet før etter at Helse Møre og Romsdal etter planen tek i bruk systemet.

– Når det er varsla denne typen tilsyn inneber dette at det kan ligge føre brot på lover og forskrifter. Og det er alvorleg om vi seier ja til å innføre eit system før vi fått svaret på dette, sa styremedlem Torgeir Sand Aas under styremøtet i Helse Møre og Romsdal onsdag.

Annette Lekve Torgeir Sand Aas og Torgeir Schytte - tilsettrepresentantar i styret i Helse Møre og Romsdal

Tilsetterepresentant i styret Torgeir Sand Aas strekar under at tilsynsrapportar ikkje er klare før til hausten. I styremøte onsdag fronta han eit forslag om å utsetje innføringa av Helseplattforma i Møre og Romsdal.

Foto: Remi Sagen / NRK

Les også Helse Møre og Romsdal vurderer framleis utsetjing av Helseplattforma

Opplæring i Helseplattforma i Ålesund 9. februar 2024. Vi ser frå bak i lokalet fram mot læraren. Det lyser frå mange dataskjermar og vi ser ryggane til 7 elevar som sit konsentrert og får opplæring i Helseplattforma

– Forbetringar av systemet om få dagar

Under eit styremøte i Helse Møre og Romsdal onsdag la konstituert direktør i Helseplattforma AS, Siri Berg, fram ei omfattande liste over utbetringar som kjem i ei oppgradering av systemet 11. mars.

Oppgraderinga tek for seg både dokumentasjon og styringsdata, systemet tek opp i seg nokre av krava om at systemet skal bli enklare å bruke, systemet for handtering av legemiddel blir endra og meldingsflyten blir betre.

Helse Møre og Romsdal har konkludert med at oppgraderinga ikkje reduserer risikoen på alle område.

Siri Berg konsituert direktør i Helseplattformen Helseplattforma orienterer om oppgradering i datasystemet som kjem 11. mars 2024. Frå styremøte i Helse Møre og Romsdal

Konstituert direktør i Helseplattforma AS, Siri Berg, orienterte styret om oppgraderingane som kjem i Helseplattforma 11. mars.

Foto: Remi Sagen / NRK

Les også Håper ny rapport kan stoppe innføringa av omstridd journalsystem

Helseplattformen sykepleiere

– Vent på risikovurderinga

I byrjinga av april skal Helse Møre og Romsdal gjennomføre ei ny risikovurdering som er knytt til innføringa av Helseplattforma. Føretaket har sett i verk ein prosess for å auke bemanninga, og krev å få tilført 100 legar og 140 sjukepleiarar, i hovudsak frå dei andre sjukehusa i Midt-Noreg.

Målet er å kunne handtere ein risiko som er på raudt nivå.

Ordførar Håkon Lykkebø Strand skriv at han er svært uroa. Han fryktar at helsetenestene skal få vanskar med rekrutteringa og at helsetenestene skal bli svekka.

– Som ordførar i Ålesund bed eg på det sterkaste om at innføringa av Helseplattforma i Helse Møre og Romsdal blir utsett til ny risikovurdering tilseier at dette er forsvarleg, skriv han i brevet til Helse Midt-Noreg.