Hopp til innhold

I natt tok Helse Møre og Romsdal i bruk Helseplattforma

Natt til laurdag blei det omstridde journalsystemet Helseplattforma tatt i bruk ved dei fire sjukehusa i Møre og Romsdal.

Ålesund sjukehus dagen Helseplattforma vart innført.

ÅLESUND: I dag var Helseplattforma innført i Helse Møre og Romsdal. Natt til laurdag skrudde fire sjukehus i fylket av sine gamle system.

Foto: Remi Sagen / NRK

Det har lenge vore omdiskutert, men i dag var dagen her. Natt til laurdag tok alle dei fire sjukehusa og institusjonane til Helse Møre og Romsdal i bruk Helseplattforma.

– Dei første pasientane som kom inn på morgonkvisten er tekne vel imot i nytt system, seier administrerande direktør Olav Lødemel.

Bekymra for innføringa

I forkant av innføringa har fleire tilsette i Møre og Romsdal uttrykt bekymring.

Enkelte er redde for at innføringa av journalsystemet kan gå utover pasientsikkerheita, koste liv og øydelegge arbeidsmiljøet. Helsepersonell har også demonstrert for å vise motstand mot innføringa.

Systemet blei innført på St. Olavs for halvanna år sidan og Helsetilsynet har avdekt ei rekkje alvorlege hendingar.

Les også Svært bekymret for Helseplattformen: – Folk kommer til å dø

Alexander Bergseth Borgen, lege ved spesialisering i ortopedi ved Volda sjukehus.

Tidlegare denne veka blei det endeleg bestemt at Helseplattforma skulle bli innført i Helse Møre og Romsdal.

I eit ekstraordinært styremøte stemte styret for å innføre journalsystemet, med fem mot tre stemmer.

– Ingen alvorlege saker så langt

Henrik Erdal, fagsjef for Helseplattforma i Helse Møre og Romsdal, var spent i forkant på korleis dette skulle gå.

– Eg er både glad og litt letta og trur at dette skal Helse Møre og Romsdal få til, seier han.

Henrik Erdal, sjef for innføring av Helseplattformen i Møre og Romsdal.

Henrik Erdal, fagsjef for Helseplattforma i Helse Møre og Romsdal, seier han er letta for at innføringa så lang har gått bra.

Foto: Remi Sagen / NRK

Det er mange folk som er på plass for hjelpe til med innføringa. Eigne tilsette som er opplært som superbrukarar, folk frå leverandøren Epic, frå Helseplattforma og frå St. Olavs.

Erdal seier at innføringa så langt stort sett har gått bra. Men det har også vore enkelte feil, noko som også var forventa, seier han.

– Det er litt forskjellig over heile fjøla, men det er ikkje nokon store alvorlege saker som har dukka opp så langt, seier Erdal.

Fått mykje kritikk

Systemet har fått mykje kritikk i forkant av innføringa. Administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Olav Lødemel, seier at dette ikkje er noko dei har fokus på i dag.

Målet er at dei tilsette skal lære seg systemet så fort som mogleg.

– Eg har snakka med mange som har vore heilt ueinige i at vi skulle innføre systemet, men som er på jobb her i helga og gjer jobben sin. Dei får til noko og synest noko av det er vanskeleg, seier Lødemel.

Olav Lødemel, direktør i Helse Møre og Romsdal

I dag var Lødemel på Ålesund sjukehus. Men han skal også reise rundt til dei tre andre sjukehusa i fylket for å sjå korleis det går med innføringa der.

Foto: Remi Sagen / NRK

Men den verkelege testen blir når helseføretaket er godt i gang med å bruke systemet.

– No er det helg, så det er veldig stille samanlikna med ein vanleg arbeidsdag. Så måndag blir ein spennande dag. Det vil kome ting etter kvart som vi må rette på når vi får tatt dette skikkeleg i bruk.

Innføringa vil også påverke helseføretaket økonomisk. Lødemel seier at det har kosta ein god del, men at dei ikkje har oversikt over den endelege kostnaden endå.

– Vi veit at vi kjem til å bruke meir pengar enn vi har i budsjettet for å få dette innført.

– Kor mykje meir?

– Det har vi ikkje heilt oversikt over enno, men det skal vi finne ut.

Helse Nord-Trøndelag er nestemann ut

Dei neste som står for tur er Helse Nord-Trøndelag, og fagleg leiar for innføringa der, Kathinka Meirik, har vore på plass i Ålesund i dag for å følgje prosessen.

Kathinka Meirik er fagleg leiar for Helseplattforma i Nord Trøndelag.

Kathinka Meirik har vore i Ålesund i dag for å følge prosessen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Helse Møre og Romsdal er meir lik Helse Nord-Trøndelag i størrelse, så ho trur dei vil kunne ta med seg mange nyttige erfaringar frå innføringa i dag.

Eg er veldig imponert over kva kollegaene mine her i Møre og Romsdal har fått til av både førebuingar og korleis dei har handtert smått og stort som har kome inn både i natt og i løpet av morgonen, seier ho.