Hopp til innhold

Helsetilsynet fryktar pasientskadar når Helseplattforma blir rulla ut

Helsetilsynet fryktar det skal gå ut over pasientane når fleire sjukehus blir pålagt å ta i bruk eit journalsystem med store manglar. No krev dei dokumentasjon på at alvorlege feil blir retta.

TWFiWk7ppW4 Statens Helsetilsyn

I eit brev Helsetilsynet har sendt til Helse Midt-Noreg uttrykker dei bekymring over om tiltaka helseføretaket planlegg i samband med innføringa av Helseplattforma i Helse Møre og Romsdal i april, er gode nok til å vareta pasientsikkerheita.

Foto: NTB

Det omstridde journalsystemet Helseplattforma er allereie innført på St. Olavs hospital i Trondheim, og har ført til store protestar frå dei tilsette. Likevel skal systemet etter planen takast i bruk også for alle pasientar i Helse Møre og Romsdal i slutten av april.

Bruken av systemet på St. Olavs hospital har avslørt store feil og manglar:

  • Viktige dokument med kritisk helseinformasjon om enkeltpasientar har forsvunne i systemet.
  • Pasientar har fått strålebehandling som dei kanskje ikkje har hatt behov for, på grunn av svikt i nformasjonsflyten i systemet.

Dette førte til at styret i Helse Møre og Romsdal nyleg ville utsetje innføringa av systemet. Men det regionale styret i Helse Midt-Noreg overstyrte det lokale føretaket, og krev at systemet blir innført i slutten av april.

Les også Innfører Helseplattforma som planlagt: – Fryktar folk vil seie opp

Igor Jokic

– Svekka pasienttryggleik

No slår Helsetilsynet alarm og ber Helse Midt-Noreg svare på ei rekkje konkrete spørsmål. I eit nytt brev står det at Helsetilsynet er uroa for om feilrettinga er konkret nok og realistisk å gjennomføre slik at systemet er trygt nok for pasientane.

– Vi oppfattar framleis situasjonen som krevjande trass i eit omfattande forbetringsarbeid med gjennomført og planlagt feilretting, heiter det i brevet som er sendt til Helse Midt og signert av juridisk direktør Anders Haugland og seniorrådgjevar Tone Blørstad.

I brevet skriv Helsetilsynet at dei er særleg uroa over desse punkta:

  • Det blir svekka kapasitet for feilretting ved St. Olavs hospital om systemet også blir innført i Møre og Romsdal.
  • Heile regionen får redusert behandlingskapasitet om både St. Olavs og Helse Møre og Romsdal ikkje blir i stand til å oppretthalde ordinær drift samstundes.
  • Forbetringsarbeidet er forseinka. Det vil framleis vere feil i systemet når det blir innført i Møre og Romsdal i april.
  • Det er risiko knytte til vidare utrulling av ei løysing som framleis har kjende, alvorlege feil.

Les også Legane bad om hjelp til å stoppe Helseplattforma

Tillitsvalde for legane i Møre og Romsdal møter Mørebenken

Les også Gir Helseplattformen skylda for at folk fikk unødvendig stråling

St. Olavs Hospital i Trondheim ved vinterstid.

Spør om utsetjings-alternativ

Helsetilsynet krev no svar frå Helse Midt-Noreg om kva tiltak som blir sett i verk for å sikre tryggleiken for pasientane om Helseplattforma blir innført i april.

Tilsynet spør også om kva som er alternativet om Helseplattforma ikkje blir innført i Møre og Romsdal på dette tidspunktet. Vidare krev Helsetilsynet ein rapport som viser kor langt feilrettinga har kome, og om det framleis står att uløyste utfordringar.

I tillegg til dette vil Helsetilsynet vite kva som er gjort for å gjere systemet meir brukarvenleg for dei som skal arbeide med systemet.

Foretakstillitsvalgt deler bekymring

Igor Jokic, føretakstillitsvalt for overlegane i Helse Møre og Romsdal, meiner det er på tide at Helsetilsynet krev svar frå Helse- Midt Noreg. Han seier at dette er dei same spørsmåla som dei tilsette har forsøkt å få svar på gong etter gong.

Han viser til at Helse Møre og Romsdal denne veka sende ut ei pressemelding der dei åtvara om at føretaket vil få redusert kapasitet i månadane framover på grunn av innføringa av Helseplatformen.

Igor Jokic

Igor Jokic er føretakstillitsvalt for overlegane i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– I løpet av det siste året har det ikkje skjedd forbetringar. Dei tilsette rapporterer at det er like tungvint og like usikkert å jobbe i systemet som det var like etter oppstarten, hevdar han.

– Gjer fortløpande vurderingar av risiko

Fagdirektør Björn Gustafsson skriv i ein e-post til NRK at Helse Midt-Noreg har hatt fleire møte med Helse Møre og Romsdal i det siste.

– Vidare innføringsløp krev målretta innsats og samarbeid for å redusere pasientrisiko og gjennomføre opplæringstiltak og andre førebuingar. Dette betyr også at vi gjer kontinuerlege vurderingar av risikoen framover mot «GoLive» i slutten av april saman.

Helseføretaket har fått ein frist på to veker til å svare Helsetilsynet.