Hopp til innhold

Håper ny rapport kan stoppe innføringa av omstridd journalsystem

Legeforeininga er kritisk til tala som blei brukt som argument for å halde fram med innføringa av den omstridde Helseplattforma. No får dei støtte i ein ny rapport dei sjølve har bestilt.

Helseplattformen sykepleiere

HELSEPLATTFORMA: Det har vore ein rekke utfordringar knytt til journalsystemet Helseplattforma etter at det blei innført ved St. Olavs hospital i Trondheim.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Saka er måndag ettermiddag oppdatert med svar frå Helse Midt-Norge.

Rett før jul bestemte styret i Helse Midt-Norge at utrullinga av Helseplattforma skulle halde fram som planlagt, trass i sterke protestar mot journalsystemet. Eitt av argumenta var at utsettinga kunne kome til å koste så mykje som 600 millionar.

– Det reknestykket har vi ikkje trudd på. Vi meiner at det ikkje har vore dokumentert godt nok kvar det talet kom frå, seier Tom Willy Christiansen i Møre og Romsdal legeforeining.

Les også Utsetting av Helseplattforma kan koste 600 millionar kroner

Kristiansund sjukehus

Har undersøkt saksgrunnlaget

No får dei støtte i ein rapport legeforeininga har bestilt og betalt for hos rådgjevingsfirmaet Oslo Economics.

I rapporten skriv selskapet at saksframlegget verkar svært mangelfullt dokumentert og lite grundig, særleg med tanke på at vedtaket har konsekvensar for mange.

Dei meiner mellom anna at meirkostnaden på 600 millionar kroner er for dårleg dokumentert:

«Dette gjelder særlig for omtalen av økonomiske konsekvensar, som synes å være tungt vektlagt i vurderingene som leder frem til administrerende direktørs anbefaling. Det pekes på en rekke kostnader, uten noen form for beskrivelse av hvordan kostnadene er beregnet, og mulige positive økonomiske virkninger av en utsatt innføring omtales i liten grad».

I tillegg peiker Oslo Economics på at risikoen ved ulike innføringstidspunkt burde ha blitt vurdert betre, saman med risiko- og sårbarheitsanalysar som var gjort.

Dei vektlegg også at grunnlaget for avgjerda bør vere langt grundigare før saka på nytt skal opp i styret i Helse Midt seinare i februar.

Les også Vurderte å gå: – I verste fall kunne vi stått utan styre

Helsestyremøte november 2023 Ingve Theodorsen

Håper innføringa blir stoppa

Igor Jokic er hovudtillitsvalt for overlegane i Helse Møre og Romsdal. Han håper den vidare innføringa no blir stoppa.

Igor Jokic

Igor Jokic, hovudtillitsvalt for overlegane i Helse Møre og Romsdal, meiner rapporten støtter dei bekymringane som dei har hatt for innføringa av Helseplattforma.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– Ut ifrå det som står i rapporten, så sit eg med den opplevinga av at vi har fått ei unyansert framstilling, som ikkje tek omsyn til pasientsikkerheita eller dei tilsette.

3. januar starta dei over 5000 tilsette i Møre og Romsdal med opplæringa i Helseplattforma.

Jokic meiner at dette ikkje er avgjerande. No håper han at ein stopp kan gi ei moglegheit til å sjå på saka grundigare.

– Vi godtek at vi må ha eit nytt system og forstår at det alltid er krevjande med slike innføringar. Men når vi er på kurs no får vi beskjed om at vi blir opplært i eit uferdig system og at det ikkje er dette vi skal ta i bruk på dei fire sjukehusa her i fylket.

Kristiansund sjukehus

Helseplattforma skal etter planen bli tatt i bruk ved dei fire sjukehusa i Møre og Romsdal i april i år.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Fryktar konsekvensane

Helse Møre og Romsdal har varsla at det blir redusert kapasitet i planlagde behandlingar, som følgje av opplæringa.

Han som er hovudtillitsvald er overtydd om at ei innføring i april vil få dramatiske konsekvensar for sjukehustilbodet.

– Vi fryktar at fleire seier opp og at vi får ein redusert kapasitet som ikkje berre varer ut 2024, med vil vare over lang tid. Og at dersom ein øydelegg fagmiljøet, så vil ein aldri vere i stand til å bygge desse opp igjen på nytt.

– Du er ikkje redd for at ei utsetting vil føre til økonomiske konsekvensar for Helse Møre og Romsdal?

– Nei. Eg er sikker på at ei innføring i april vil ha betydeleg større konsekvensar, seier Jocik.

Les også Vil innføre Helseplattforma som planlagt

Frå venstre: Stig Slørdahl, adm. dir. i Helse Midt-Norge, Odd Inge Mjøen, styreleiar i Helse Midt-Norge og styresekretær Rita Bjørgan Holand

Fleire problem

Journalsystemet blei tatt i bruk ved St. Olavs hospital i Trondheim i 2022, og det har blitt oppdaga mange alvorlege feil etter det.

For å sikre liv og helse har St. Olav fleire gonger brukt «naudrett» for å få tilgang til akutte pasientopplysningar i Helseplattforma.

Administrerende direktør i Helse Midt-Norge, Stig Slørdahl, meiner at ekstrakostnadene ved ei eventuell utsetting av Helseplattformen i Møre og Romsdal kan komme opp i ein milliard kroner.

Han tek utgangspunkt i at kontrakter med fagekspertar må bli forlenga, det same må bruken av noverende system og forhold rundt innflyttingen i SNR må leggast om.I tillegg kan det kome andre kostnader som ikkje er talfesta.

Han skriver også at det kan påløpe andre kostnader som ennå ikke er tallfestet om innføringen ikke skjer i slutten av april.