Hopp til innhold

Helse Møre og Romsdal vurderer framleis utsetjing av Helseplattforma

Leiinga i Helse Møre og Romsdal fryktar at pasientane skal hope seg opp i akuttmottaket om Helseplattforma blir teken i bruk. Alvorlege feil og manglar blir ikkje retta opp før innføringa i april.

Opplæring i Helseplattforma i Ålesund 9. februar 2024. Vi ser frå bak i lokalet fram mot læraren. Det lyser frå mange dataskjermar og vi ser ryggane til 7 elevar som sit konsentrert og får opplæring i Helseplattforma

Opplæringa går føre seg for fullt i Helse Møre og Romsdal. Til no har over 3000 tilsette fått opplæring og eit tilsvarande tal tilsette står i kø for å få opplæring. Samstundes har behandlingskapasiteten ved sjukehusa blitt redusert medan opplæringa går føre seg.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Det omstridde systemet Helseplattforma skal etter planen verte innført i Møre og Romsdal om nokre veker.

Sakspapira til styremøtet i helseføretaket onsdag fløymer over av uro og åtvaringar.

Nokre er så sterke at også utsetjing av innføringa av Helseplattforma blir skissert som eit alternativ:

No innfører sjukehusa eit bonussystem for å få tak i meir folk. Nye tal viser at dette kan bli svært dyrt.

Om tiltaka ikkje løyser problema kan innføringa av Helseplattforma bli utsett.

– Det er heilt avgjerande med eksterne ressursar for å drifte forsvarleg, skriv direktøren i eit dokument til styret.

Planen er å hente tilsette frå St. Olavs hospital og Helse Nord-Trøndelag.

Sjukehus

90–95 prosent av pasientane på medisinsk avdeling blir lagde inn som hastepasientar. Her går det ikkje an å redusere aktiviteten. Dermed ønskjer Helse Møre og Romsdal å auke bemanninga her under innføringa av Helseplattforma.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Alvorlege feil er ikkje retta

11. mars skal det kome ei omfattande oppgradering der det ligg både feilrettingar og tiltak som skal gjere systemet lettare å bruke.

Men innan for eksempel radiologi ser det ut til å bli ei rekkje krav om utbetringar som ikkje får noka løysing før Helse Møre og Romsdal skal ta i bruk systemet 27. april.

– Vurderinga er at tiltaka ikkje i vesentleg grad reduserer risikoen før «go live», heiter det i eit dokument som blir lagt fram for styret onsdag.

Det er særleg løysingar rundt CT- og MR-undersøkingar som no ligg langt bak skjema. Ifølgje dokumentet er det på dette feltet 285 uløyste saker.

– Det er svært utfordrande arbeidsbelastning for fagekspertar innan radiologi, heiter det i dokumentet.

Ambulanse

Helse Møre og Romsdal fryktar at det kan hope seg opp med pasientar i akuttmottaka, særleg i Ålesund og Molde. Slik Helseplattforma står fram no er det svært tidkrevjande å ta imot nye pasientar. Eit kompenserande tiltak er å auke bemanninga, blant anna i akuttmottaket.

Foto: NRK

Les også Helseplattforma: – Systemet hadde neppe blitt valt om det skulle kjøpast i dag

Opplæring i Helseplattforma i Ålesund 9. februar 2024. Vi ser frå bak i lokalet fram mot læraren. Det lyser frå mange dataskjermar og vi ser ryggane til 7 elevar som sit konsentrert og får opplæring i Helseplattforma

– Krev betydeleg meir arbeid

Innan handtering av legemiddel er det definert 15 område som krev utbetringar. 12 av desse skal vere løyst i oppgraderinga som kjem 11. mars.

– Men ei større forbetring krev meir arbeid. Helseføretaket krev at Helseplattforma AS intensiverer arbeidet med desse områda etter 11. mars, heiter det i styredokumenta.

Det står fram også som ei utfordring at den omfattande oppdateringa, som mange har sett si lit til, kjem berre ein dryg månad før systemet etter planen skal innførast i Møre og Romsdal.

– Sidan tiltaka først blir levert 11. mars står det framleis att å evaluere effekten av dei samla tiltaka.

Akuttmottaket er eitt av områda som det er stor uro rundt. Her skal pasientane registrerast og undersøkast før dei blir sende vidare. I Helseplattforma skal det vere særleg tidkrevjande å få oversikt over riktig medisinbruk for kvar pasient.

– Det mest effektive tiltaket er å auke bemanninga, endre arbeidsflyten og tilpasse arbeidsprosessane til løysinga, står det i dokumenta.

Les også Håper ny rapport kan stoppe innføringa av omstridd journalsystem

Helseplattformen sykepleiere

Innfører bonussystem

Frå 11. mars blir det ikkje nye oppgraderingar før etter at innføringsperioden er gjennomført. Dermed handlar tiltak for å redusere risiko no først og fremst om å sikre at sjukehusa har nok folk til å kunne gje pasientane riktig og rask nok behandling.

Dermed har Helse Møre og Romsdal no innført eit regelverk for tilleggsavlønning for eigne og eksterne tilsette som utfører ekstra arbeid i samband med innføringa av Helseplattforma.

– Vi gjer dette for å auke sjansen for ekstra kapasitet blant eigne tilsette, står det i saksutgreiinga.

Det same regelverket skal brukast for å lokke tilsette ved St. Olavs hospital og Helse Nord-Trøndelag til å ta vakter ved sjukehusa i Møre og Romsdal.

Les også Helsetilsynet fryktar pasientskadar når Helseplattforma blir rulla ut

TWFiWk7ppW4 Statens Helsetilsyn

Dyrt

Alt tyder på at forsøka på å auke bemanninga ved sjukehusa kjem til å koste Helse Møre og Romsdal millionar.

Eit reknestykke viser at det kjem til å koste 37 millionar kroner berre å få tak i nok sjukepleiarar.

Andre grupper kjem i tillegg.

Les også – Mogleg å skrote Helseplattforma på visse vilkår

Fakkeltog mot Helseplattformen

Drøftar utsetjing

No drøftar direktøren om det er mogleg å utsetje innføringa av Helseplattforma. Ei kort utsetjing vil innebere å utsetje innføringa til hausten. Blir det ei meir langvarig utsetjinga kan det bli minst til våren 2026.

Utfordringa med ei kort utsetjing er at innføringa av Helseplattforma vil kollidere med ei krevjande innflytting til sjukehuset på Hjelset.

Utfordringa med ei lang utsetjing er at det nye sjukehuset på Hjelset må tilpassast bruk av dei gamle datasystema.

– Helse Møre og Romsdal ventar med å vurdere totalrisikoen knytt til om det er forsvarleg å innføre løysinga i april. Direktøren understrekar at tryggleiken til pasientane alltid vil vege tyngst, heiter det i dokumenta som blir lagt fram for styret onsdag.