– Vi manglar jo masse fagfolk her, seier tillitsvald på St. Olavs.
Om få veker skal det omstridde datasystemet Helseplattforma verte innført i Møre og Romsdal. For å få hjelp i oppstarten, må 240 helsearbeidarane bussast inn til dei fire sjukehusa i fylket i den mest hektiske veka.
Og helsepersonellet kan dei berre hente den eine staden der dei har erfaring med Helseplattforma – sjukehusa i Trøndelag.
Mannskapsmangel og sårbare, små fagmiljø er den viktigaste utfordringa.
Får ikkje Helse Møre og Romsdal påfyll av trønderar kan heile innføringa av datasystemet bli utsett, kom det fram på styremøte i helseføretaket onsdag.
Når dei tilsette i føretaket skal lære seg journalsystemet, manglar Helse Møre og Romsdal rett og slett folk til å behandle pasientar.
- Skjønar du ikkje heilt greia med Helseplattforma og kvifor eit datasystem er so kontroversielt? Du kan lese deg opp her.
Slik ser behovet for innleige av ekstrapersonell ut. Behovet er størst dei dagane Helseplattforma blir innført. Men mannskapsmangelen byrjar før påske og strekkjer seg gjennom sommaren og ut i august.
Grafikk: Helse Møre og RomsdalKompetansen er å finne på St. Olavs
Direktør i Helse Møre og Romsdal, Olav Lødemel, er klinkande klar i at dei treng hjelp om Helseplattforma skal verte innført. Og han er klar på kvar hjelpa må kome frå.
– Dei som kan hjelpe oss arbeider på St. Olavs hospital. Det er dei som har kompetanse i Helseplattforma, sa Lødemel.
Konklusjonen er at risikoen kan verte handtert om Helse Møre og Romsdal får tak i dei ekstra legane og sjukepleiarane dei treng.
Direktør i Helse Møre og Romsdal, Olav Lødemel, er heilt klar på at Helse Møre og Romsdal treng hjelp frå Helse Nord-Trøndelag og St. Olavs hospital for at risikoen ved innføringa av Helseplattforma skal vere akseptabel.
Foto: Remi Sagen / NRKUsikkert om St. Olavs vil hjelpe
Det er enno ikkje kome klare signal på korleis tilsette ved St. Olavs hospital kan kome til å hjelpe Helse Møre og Romsdal med innføringa av Helseplattforma. Datasystemet er innført ved dette sjukehuset i Trondheim og prosessen har vore svært konfliktfylt.
Føretakstillitsvalt i overlegeforeininga ved St. Olavs, Vivi Bakkeheim, seier at mange legar allereie jobbar mykje, men at ein ikkje kan utelukke at nokre vil kunne stille opp.
– Trur du det er folk som kjem til å gjere det?
– Her på St. Olavs no er folk ganske slitne allereie, so at ein skal reise til eit anna fylke og jobbe der ... Det høyrast jo ikkje veldig lukrativt ut, men vi får no vente og sjå, seier Bakkenheim.
Vivi Bakkeheim er føretakstillitsvald i overlegeforeininga ved St. Olavs hospital i Trondheim.
Foto: Bent Lindsetmo / NRKFøretakstillitsvalt for Yngre legars foreining ved St. Olavs, Kathrine Wågø, seier dei allereie er i ein pressa situasjon på sine eigne sjukehus for tida.
– I tillegg er det store innsparingar og kutt her og fare for nedbemanning. Vi manglar jo masse fagfolk her og har problem med å fylle linja på jobb, spesielt for legar, seier Wågø.
– Eg føler det er ei byrde som vert plassert på tilsette, både i Møre og Romsdal og på St. Olavs. Det vert opplevd veldig feil, i staden for at Helse Midt-Noreg skal ta ansvaret sitt og utsette løysinga.
- Har du lyst til å sette deg endå grundigare inn i utfordringane med å ta i bruk Helseplattforma i Møre og Romsdal? Då kan du lese denne artikkelen.
Styret i Helse Møre og Romsdal hadde sett av to timar til å setje seg inn i saka om Helseplattforma. Dette viste seg å ikkje vere nok.
Foto: Remi Sagen / NRKBasert på frivilligheit
HR-direktør i Helse Møre og Romsdal, Kjetil Lundberg, seier at ordninga med at helsepersonell frå Trøndelag skal hjelpe Møre og Romsdal vert ei frivillig ordning.
Det vert innført ei bonusordning der tilsette ved St. Olavs hospital og Helse Nord-Trøndelag skal få ekstra godt betalt om dei ein periode arbeider i Møre og Romsdal.
– Det blir eit hardt arbeid for administrasjonane både i Helse Møre og Romsdal og ved St. Olavs hospital for å få dette til, seier styreleiar Ingve Theodorsen.
Og bonusane kjem til å koste. Berre innleige av sjukepleiarar i innføringsperioden er kostnadsrekna til 37 millionar kroner. Og då er ikkje legane med i reknestykket.
Fagdirektør Erik Solligård meiner det særleg er bemanninga i akuttmottaka ved dei fire sjukehusa i Møre og Romsdal som må aukast, då det her er mest kritisk.
Ville utsetje innføringa
Dei tilsette sine representantar i styret ønskte å vedta å utsetje innføringa av Helseplattforma no. Dei viste til at risikonivået ved innføringa av systemet er svært høgt.
– Det blir eit redusert helsetilbod. Dette går ut over pasientane. Vi er svært uroa, seier tilsetterepresentant Torgeir Sand Aas.
Han har ikkje tru på at Helse Møre og Romsdal klarer å rekruttere nok trønderar til at Helseplattforma kan innførast på ein forsvarleg måte.
– Vi får håpe at det går, seier Aas.
Men det er ikkje berre talet på legar og sjukepleiarar som uroar han. For ein lege er ikkje berre ein lege.
– Det hjelper ikkje med to nevrologar viss det er to gastrokirurgar vi treng, eller omvendt, seier Torgeir Sand Aas.
– Vi ser det er svært stor risiko ved å innføre Helseplattforma no
Torgeir Sand Aas
Tilsetterepresentant, Helse Møre og Romsdal
Dialog
Styret vedtok at Helse Møre og Romsdal no går i dialog med Helse Midt-Noreg, St. Olavs hospital og Helse Nord-Trøndelag for å sikre nok personell til pasientbehandling i innføringsfasen.