Omfattande vurdering av helsetilbodet for barn på Nordmøre og i Romsdal

Helse Møre og Romsdal set i gang ei omfattande evaluering av spesialisthelsetilbodet til barn på Nordmøre og i Romsdal. Arbeidet kan danne grunnlag for korleis tilbodet til barn skal bli på det nye sjukehuset på Hjelset.

Styret i Helse Møre og Romsdal

Styret i Helse Møre og Romsdal har møte i Ålesund onsdag.

Foto: Terje Reite / NRK

Det har storma rundt barneavdelinga ved sjukehuset i Kristiansund. I periodar har barneavdelinga vore stengd i helgane. Debatten kring barneavdelinga har pågått i mange år, og skaut ekstra stor fart i samband med at 10 månader gamle Sebastian G. Ødegaard døde under transport til St. Olavs hospital i Trondheim.

På styremøtet slo klinikksjef Henrik Erdal fast at det er heilt uaktuelt å gå tilbake til modellen der barneavdelinga i Kristiansund var open berre fem dagar i veka.

– Dette kom vi fram til alt i eigenvurderinga hausten 2015. Femdøgnsdrift er uaktuelt ved denne avdelinga, seier klinikksjef Henrik Erdal.

Redusert i helgane

Barneavdelinga i Kristiansund er i dag open heile tida, men med kraftig redusert sengekapasitet i helgane. Det er to stengingsperiodar, i påskene og åtte veker om sommaren.

Dette inneber at nokre barn må til Ålesund eller St.Olavs hosital. Helseføretaket presiserer likevel at det alltid skal vere ei seng på sjukehuset for sjuke barn.

No har Helse Møre og Romsdal sett i gang ei evaluering mellom anna for å kunne risikovurdere drifta ved avdelinga. Målet er å skape eit føreseieleg tilbod som skapar tryggleik blant brukarane. Det arbeidet som blir sett i gang no skal vere eit grunnlag for arbeidet med pediatritilbodet ved det nye felles sjukehuset for Nordmøre og Romsdal.

Sebastian-saka

I bakgrunnen ligg heile tida saka der Sebastian G. Ødegaard døde på veg til St.Olavs hospital i februar 2015. Guten var alvorleg sjuk og dødsfallet skjedde i ein periode då barneavdelinga i Kristiansund var stengd i helgane.

– Eg har sidan siste styremøte hatt eit møte med foreldra til Sebastian. Her fekk også foreldra til Sebastian leggje fram sin versjon av korleis dei opplevde behandlinga. Der gav eg dei den formelle orsakinga frå foretaket for det som skjedde då guten deira døydde, fortalde administrerande direktør Espen Remme under opninga av styremøtet onsdag.

Helse Møre og Romsdal sikta

Politiet sikta i vinter Helse Møre og Romsdal i samband med dødsfallet. Siktinga er send tilbake til politiet, og det er uklart kor lang tid det vil ta før Statsadvokaten eventuelt vil ta ut tiltale i saka.

– Vi kjenner ikkje til bakgrunnen for at saka er send tilbake til politiet, ut over at Statsadvokaten har nokre spørsmål til saka, sa Espen Remme under opninga av styremøtet.

I siktinga heiter det mellom anna at Helse Møre og Romsdal ikkje ytte forsvarleg helsehjelp til Sebastian G. Ødegaard i tida før han døydde i helikopteret på veg til St. Olavs hospital. Helseforetaket mangla kompenserande tiltak i samband med at barneavdelinga ved sjukehuset i Kristiansund var helgestengd, heiter det i siktinga.

– Uavklarte følgjer

Det var heller ikkje avklart kva følgjer overgangen til femdøgnspost ville få for andre aktørar som legevakt og for oppfølging av akutt sjuke barn under transport til Ålesund sjukehus. Ifølgje siktinga var heller ikkje samarbeidande aktørar informerte om kva følgjer val av transportordning ville få i samband med overflytting mellom avdelingane.

Ifølgje siktinga sørga heller ikkje Helse Møre og Romsdal for å innføre eintydige rutinar og felles praksis for transport av akutt sjuke barn med livstrugande sjukdom, eller rutinar under dårleg flyvêr.

I siktinga heiter det at Helse Møre og Romsdal ikkje hadde planlagt godt nok oppfølginga av denne pasientgruppa i forkant av overgangen frå sjudøgnspost til femdøgnspost.

Styret i Helse Møre og Romsdal blei orientert om siktinga på styremøtet onsdag.