Hopp til innhold

Omstilling har ført til ny optimisme

Satsing mot fiskeri og havbruk har gitt ny giv på skipsverftet til Vard på Aukra. På under eit år har verftet omstilt seg frå offshore til havbruk.

Vard Aukra

I løpet av det siste året har Vard Aukra utvikla ein heilt ny serie fartøy til fiskeri og havbruk.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Optimismen er tilbake ved Vard Aukra etter sjøsettinga av nytt eit havbruksfartøy. I løpet av det siste året har dei utvikla ein heilt ny serie fartøy til fiskeri og havbruk, og i dag kunne dei sjøsette den aller første forflåten.

Ifølge direktør ved Vard Aukra Hans Gunnar Hansen, er sjøsettinga starten på ein ny epoke ved verftet.

– Det er ein veldig stor milepæl for oss. Vi byrja å jobbe opp imot denne marknaden i fjor og no skal vi levere eit heilt nytt fartøy, seier han.

Dugnad

Krisa i offshorebransjen har ført til oppseiingar og permitteringar ved fleire reiarlag. Hansen trur omstillinga vil få stor betydning.

Hans Gunnar Hansen

Direktør ved Vard Aukra, Hans Gunnar Hansen, er svært fornøgd med omstillinga dei har gjort.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

– Vi merkar at det er mange som er uroa for korleis det går med verftet når vi er ute og snakkar med ulike folk. Fleire har merka at det er lågare aktivitet ved verfta enn det normalt har vore før, seier Hansen.

Han fortel at omstillinga har vore ein dugnad med fleire involverte partar.

– Med hjelp frå blant anna Aukra næringsforum har vi no klart å få ein oppsving, seier Hansen.

Ser framover

Vard konsernet vil at avdelinga i Aukra, som tidlegare bygde mellom anna supplyfartøy, no skal konsentrerer seg om å bygge fartøy retta mot fiskeri og havbruk.

Kåre Eivind Solem, røyrleggar ved Vard Aukra

Kåre Eivind Solem, røyrleggar ved Vard Aukra, håpar omstillinga vil gi dei meir arbeid i tida som kjem.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Den nye serien av fartøy har blitt utvikla i samarbeid med oppdrett- og fiskerinæringa. No skjer det nyutvikling for kvart fartøy dei bygg.

– Vi kan bruke mykje av den kunnskapen vi har frå offshorebransjen, samtidig som vi får mange nye impulsar og lærer ting vi kanskje ikkje hadde tenkt på før, seier Hansen.

– Det er ein fantastisk giv på verftet og folk synest det er spennande. Det er morosamt og heilt nytt for alle, held han fram.

Også dei tilsette ved Vard Aukra er fornøgd med omstillinga.

– Ja, vi håpar det blir ein suksess og at det vil gi mykje jobb framover. Det er det viktigaste, seier Kåre Eivind Solem, røyrleggar ved Vard Aukra.