Hopp til innhold

Noreg manglar plan for masseevakuering

Cruiseskipet «Viking Sky» var berre meter unna grunnstøyting. Hendinga har avdekt eit behov for betre planar når mange skal evakuerast.

Helikopter evakuerer passasjerar frå Viking Sky

Cruiseskipet «Viking Sky» var ei skipslenge frå å gå på grunn på Hustadvika då alle fire motorane stoppa opp. Fleire redningshelikopter vart tilkalla for å evakuere passasjerar.

Foto: Torgeir Are Sortehaug

1373 menneske om bord i «Viking Sky» var i livsfare då cruiseskipet fekk motorstans i full storm over det farlege havstykket Hustadvika 23. mars i fjor. Skipet var svært nær å gå på grunn og konsekvensane kunne blitt katastrofale, med mange døde og skadde. I siste liten fekk skipet start på ein av motorane og unngjekk grunnstøyting.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har evaluert handteringa av hendinga. Konklusjonen er at redningsarbeidet fungerte svært godt, men at det ein del kan gjerast betre.

– Havariet i mars gjekk fint og marginane var på vår side. Hadde skipet gått på grunn, hadde utfordringsbiletet sett annleis ut, seier Per K. Brekke. Han er fungerande direktør i DSB.

Per K. Brekke

Per K. Brekke er fungerande direktør i DSB. Han meiner redningsarbeidet under «Viking Sky»-dramaet fungerte svært godt.

Foto: Anita Andersen / DSB

Må øve

Direktoratet peikar på at Noreg manglar ein nasjonal plan for masseevakuering.

– Dersom desse scenarioa skjer på stader der det kanskje er meir krevjande å bringe folk i land og løfte menneske opp i helikopter og i tryggleik, må vi tenke gjennom korleis slike planar kan sjå ut og korleis vi kan øve på det, seier Brekke.

Direktoratet anbefaler å gjennomføre større øvingar der dei ulike aktørane får trent på samspel, slik at dei er betre førebudd til neste store hending.

Evakuerte hentes fra skipet med helikopter fraktes et mottak på land ved Brynhallen

Nesten 500 redningsmannskap og frivillige hjelpte dei evakuerte som kom til mottakssenteret i Brynhallen. DSB meiner denne måten å gjere det på,

Foto: Odd Roar Lange / NTB scanpix

Mangelfull kommunikasjon

Under hendinga med «Viking Sky» var meir enn 30 aktørar involverte. Fleire opplevde at det var mangelfull kommunikasjon og informasjonddeling.

466 cruisepassasjerar blei evakuerte med helikopter til mottakssenteret Brynhallen. Ein og ein blei heisa opp i helikopter og dette var tidkrevjande. Fleire var skadde fordi bord og stolar fauk rundt i dei høge bølgene.

Innsatsleiinga ved idrettshallen som skulle ta imot passasjerane visste ingenting om skadeomfanget på dei som skulle komme. Først då passasjerane landa, såg dei om dei evakuerte var friske eller om dei trengde behandling.

Det var også ei utfordring at dei som deltok i redningsaksjonen kommuniserte gjennom ulik teknologi, som naudnett, VHF radio, mobiltelefon og e-post.

Direktoratet foreslår å styrke kapasiteten i Hovedredningssentralen til kommunikasjon og informasjonsdeling og at kommunar og private redningshelikopter tek i bruk Naudnett.

– Naudnett er kanskje ein av dei viktigaste investeringane i beredskaps-Noreg. Det gjer at naud- og beredskapsetatar og kommunar kan snakke saman. Fleire må spør seg om dei har behov for å vere ein del av naudnettet, seier Brekke.

Lang læringsliste

DSB listar opp 22 læringspunkt etter nesten-ulykka. Direktoratet presiserer at desse punkta ikkje hadde nokon stor konsekvens for korleis redningsaksjonen på Hustadvika vart utført.

– Det som har eit forbetringspunkt er knytt til ei felles situasjonsforståing. At ein skjønar situasjonen akkurat likt på alle nivå, seier Brekke.

I rapporten blir det frivillige arbeidet trekt fram som positivt. Direktoratet meiner styresmaktene må vurdere om erfaringane frå mottakssenteret i Brynhallen skal settast i system, slik at ein kan bruke denne modellen til seinare hendingar.

– Vi ser det også frå passasjerane, som roste denne delen av redningsarbeidet, seier Brekke.

Monica Mæland

Justis- og beredskapsminister, Monica Mæland (H) seier at ho no vil sette seg grundig inn i rapporten.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Cruisetrafikken aukar

Rapporten blei i dag lagt fram for Justis- og beredskapsminister, Monica Mæland (H). Ho vil sjå kva ein kan ta lærdom av og betre.

– Vi veit jo at cruisetrafikk er ei aukande verksemd langs kysten og då er det viktig at vi både førebyggjer og handterer hendingar når dei oppstår, seier Mæland.

Etter «Viking Sky»-hendinga bestemte regjeringa at eit offentleg utval skal vurdere beredskapen med den auka cruisetrafikken i norske farvatn. Dette arbeidet er enno ikkje i gang.

I full storm på eitt av dei mest berykta havstykka langs norskekysten mister cruiseskipet med 1300 personar om bord all motorkraft. Redningsaksjon som følgjer balanserer på kanten av kva som er mogleg for å berge skipet og passasjerar.

I full storm på eitt av dei mest berykta havstykka langs norskekysten mister cruiseskipet med 1300 personar om bord all motorkraft. Redningsaksjon som følgjer balanserer på kanten av kva som er mogleg for å berge skipet og passasjerar.