Det er snart tre år sidan cruiseskipet Viking Sky med 1373 passasjerar havarerte på Hustadvika på Mørekysten. Cruiseskipet miste motorkrafta og var nær å hamne i fjøresteinane.
I dag kom rapporten frå regjeringa sitt cruiseutval. Dei meiner det er behov for tydelegare regulering av cruisetrafikken, fordi den norske beredskapen ikkje er dimensjonert for å kunne handtere dei mest alvorlege hendingane der det er naudsynt med masseevakuering.
– Ved aukande cruisetrafikk aukar også sannsynlegheita for at ei ulukke skjer, seier Kjerstin Askholt, som er leiar i cruiseutvalet.
Kjerstin Askholt overleverte NOU-rapporten om cruisenæringa til justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl.
Foto: Tore Ellingseter / NRKHøgare risiko for vintercruise
Utvalet oppnemnt av regjeringa Solberg har sett på tryggleiks- og beredskapsmessige utfordringar knytt til cruisetrafikken. Dei har 66 anbefalingar som skal redusere risikoen.
Dei foreslår mellom anna at skip over 150 meter bør kunne få ferdselsavgrensingar basert på vind og bølgehøgde.
– Det er slik vegsentralar gjer. Nokon gongar stenger dei fjellovergangar. Kanskje må vi nokon gong stenge delar av kysten vår fordi veret er for dårleg, seier Askholt.
Utvalet er også bekymra for vinterturismen, og ein aukande trend med cruise inn mot nordpolpunktet. Dess lengre nord ein kjem i landet, jo lavare er beredskapen. Dei foreslår difor at ein bør avgrense talet på cruisepassasjerar på Svalbard.
Viktig rapport
Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl mottok rapporten ikkje langt unna der dramaet skjedde i mars 2019.
– Dette er ein viktig rapport og no skal vi gå grundig inn i den og sjå på korleis vi kan førebygge alvorlege hendingar med cruiseskip langs kysten, seier Enger Mehl. Ho meiner det er viktig å jobbe på lag med cruisenæringa.
Bør ha krav om slepeutstyr
Utvalsleiar Kjerstin Askholt seier at det viktigaste er å førebygge alvorlege ulykker.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKUtvalsleiar Kjerstin Askholt seier det viktigaste for dei er at det ikkje er mogleg å dimensjonere ein offentleg redningsberedskap som tek høgde for ei verste fall-scenario innanfor cruise. Dei meiner det er behov for ein overordna plan for cruisetrafikken
– Det er utruleg viktig å jobbe førebyggande og næringa sjølv må ta ein stor del av ansvaret, seier Askholt. Utvalet foreslår også å styrke Hovedredningssentralen, men Askholt seier det må vere opp til politikarane å bestemme.
Dei legg vekt på at det trengst fleire øvingar med naudslep av cruisefartøy. Dei meiner også at det bør innførast internasjonale krav om slepeutstyr om bord i alle cruiseskip.