Hopp til innhold

Den dramatiske evakueringa frå Viking Sky – dette har skjedd

1373 var om bord på cruiseskipet Viking Sky som skulle frå Tromsø til Stavanger og fekk trøbbel utanfor Romsdal laurdag. 474 vart evakuerte i helikopter. Tre personar er alvorleg skadde. Skipet kom endeleg i hamn klokka 16.20 søndag.

  • Det var i 14.00-tida laurdag at cruiseskipet fekk motorproblem og sende ut eit mayday-signal ved Hustadvika i Møre og Romsdal. Hustadvika er eit ope havstykke i Fræna kommune, i skipsleia mellom Molde og Kristiansund. Farvatnet er grunt med mange mindre øyar og skjer. Mange forlis har skjedd i området opp gjennom åra.
  • Skipet dreiv mot land. Det var dårleg ver då skipet hamna i trøbbel.
Kart

Denne skjermdumpen vart tatt klokka 14.30. Viking Sky er merka med blå pil.

Foto: Skjermdump Marine Traffic
  • Like før klokka 15.00 kom beskjeden om at dei 1373 personane om bord skulle evakuerast.
  • Klokka 15.30 vart det opplyst at skipet hadde fått start på den eine av dei fire motorane.
  • Like før klokka 16.00 kom evakueringa i gang. Den skjedde med helikopter. Personane vart frakta frå Viking Sky til eit evakueringssenter på land. 10–15 personar vart frakta i gongen.
  • Dei fleste evakuerte vart frakta til hotell i Molde og Kristiansund.
  • Klokka 16.30 hadde dei første 100 personane kome i land.
  • – Eg vart redd. Eg har aldri opplevd noko så skremmande. Eg begynte å be, eg bad for sikkerheita til alle om bord, fortalde Janet Jacob, ein av passasjerane, til NRK.
  • Klokka 17.15 vart det meldt om fem skadde personar blant dei evakuerte. Klokka 18.30 vart det meldt at åtte personar var lettare skadde.
  • Klokka 19.15 vart det også meldt at eit frakteskip hadde fått problem ved Hustadvika. Denne situasjonen er no avklara. Ni personar vart berga ut med helikopter.
  • Klokka 21.20 melde NRK at tre av passasjerane på cruiseskipet var alvorleg skadde.
  • Samtidig hadde talet på evakuerte stige til 139.
  • Klokka 23.40 hadde 166 personar blitt evakuerte.
  • Evakueringa heldt fram gjennom natta. Klokka 04.00 var det meldt om 16 skadde personar.
  • Klokka 05.00 var tre av dei fire motorane på Viking Sky i gang igjen. Skipet hadde per søndag morgon retning vest.
    Viking Sky kl 05 søndag morgen

    «Viking Sky» sin posisjon søndag morgon. Skjermdumpen vart tatt klokka 05.00.

    Foto: Skjermdump Marine Traffic
  • Ifølgje ekspertar var ikkje skipet langt unna ei grunnstøyting laurdag.
  • Klokka 08.00 søndag er talet på evakuerte 397. Av desse er 17 meldt skadde, tre alvorleg.
  • Per søndag klokka 08.00 har Viking Sky fått om bord sleparane, slik at dei førebur seg på å setje kursen mot land. Evakuering via helikopter skjer uansett parallelt.
  • Klokka 09.30 melde Hovudredningssentralen at det er like før Viking Sky kan gå mot land. Evakueringa av passasjerar blir derfor sett på vent inntil vidare. Båten ligg no om lag fire mil frå land.
  • Like seinare vart det stadfesta at skipet er på veg mot land. Klokka 10.00 er talet på evakuerte 479.
    Viking Sky

    Evakueringa kom i gang med helikopter litt før klokka 16.00 laurdag og varte til skipet vende kursen mot Molde i 10-tida søndag.

    Foto: Åse Grete Farstad
  • Klokka 11.00 sende Viking Ocean Cruises ei pressemelding der dei skriv at det er 20 skadde personar. Enkelte har allereie blitt skrivne ut. Det blir også jobba med å ordne transport for dei 479 som er komne på land.
  • På ein pressekonferanse klokka 12.30 sa fungerande ordførar i Fræna, Jan Arve Dyrnes, at skipet er venta inn i 15-tida. Dyrnes sa også at dei vurderer å trappe ned evakueringa, sidan resten av personane er venta inn til land med skipet.
  • I 12-tida begynte også skipet å gå for eiga maskin.
  • – Dette var ei svært alvorleg hending med stort potensial med omsyn til skadde og omkomne. No er situasjonen stabil. Heldigvis har det gått bra. Men det var svært kritisk og alvorleg laurdag ettermiddag og kveld. I verste fall kunne skipet gått mot land og på grunn, sa Hans Vik på ein pressekonferanse klokka 13.30. Vik er politimeister i Sør-Vest politidistrikt og ansvarleg for Hovudredningssentralen på Sola.
    viking sky

    Viking Sky på veg mot Molde.

    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix
  • Det har vore stor interesse for Viking Sky si ferd tilbake til Molde. Politiets sende derfor ut melding om at skodelystne må halde seg vekke frå sentrum når skipet kjem i land.
  • Viking Sky kom endeleg i hamn klokka 16.20.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL