Viking Sky
Foto: Frank Einar Vatne / NTB scanpix

Den enorme redningsaksjonen

Då naudsignalet kom frå cruiseskipet «Viking Sky», mobiliserte heile Noreg.

Dei har sett nordlyset, køyrt hundesledar, ribbåtar og snøskuter i Tromsø. No er 1373 personar, om bord i cruiseskipet Viking Sky, på veg sørover i grov sjø og full storm, utan å vite at liva deira er i fare.

Dramatisk melding

23. mars klokka 14:05: Det er forseinka frukost på basen til redningsmannskapet til CHC Helikopter Service i Florø. Ikkje fordi dei to pilotane, redningsmannen, heisoperatøren, systemoperatøren og legen har forsove seg. Dei har vore vakne i timevis, men det første forsøket på ete frukost i dag tidleg, vart avbrote av ein hjartestans. Redningsmannskapet forlèt bordet for å frakte pasienten frå Fedje til Haukeland sjukehus. No er det nytt forsøk på å få i seg mat. Bordet er pådekt med brødskiver, kokte egg, juice og kaffi. Fartøysjef Rune Meyer Amundsen (58) har ikkje ete mange tuggene, før den talestyrte alarmen kjem over radio.

«Dette er Hovedredningssentralen på Sola. Vi har ein båt som heiter Viking Sky som har mist motorkrafta og driv inn mot land i Hustadvika. Det er 1300 personar om bord.»

Piloten frå Bergen har 32 års erfaring og hans første tanke er at skipet mest truleg kjem til å få i gang motorane att, slik at det kjem seg bort frå land.

– Ofte verkar dei første meldingane meir dramatisk enn situasjonen eigentleg er, seier Rune Meyer Amundsen.

Klokka 14:19 er Amundsen og mannskapet om bord i R-8 i lufta, på veg til Hustadvika. Dei har tømt helikopteret for unødvendig utstyr, slik at dei skal få plass til flest mogleg personar frå cruiseskipet.

Helikopteret flyg i ei rett linje mot Viking Sky på Hustadvika.

Rune Meyer Amundsen er fartysjef i helikopteret som er stasjonert i Florø. Han og mannskapet var dei første som kom fram til Hustadvika og starta evakueringa av passasjerar.

Sekund unna grunnstøyting

På Hustadvika er situasjonen mykje meir dramatisk enn fartøysjef Amundsen kan førestille seg. Motorane på det 2 år gamle cruiseskipet har fått blackout. Det betyr at alle fire motorane er ute av spel og skipet har kurs mot land. Bølgene er opp mot 15 meter høge og inne i skipet seglar lause bord, stolar, tallerkenar og dekorasjonar veggimellom.

Hustadvika er ingen spøk, sjølv for erfarne sjøfolk. Det er holmar og skjær overalt. Mannskapet jobbar febrilsk med å få i gang motorane. Begge ankerkjettingane blir sleppt ut, men dei finn ikkje feste.

På Hovedredningssentralen på Sola ser dei Viking Sky som ein liten prikk på eit kart, på ein enorm dataskjerm i kontrollrommet. No gjeld det å sende så mange ressursar dei berre kan til havaristen. Båtane i nærleiken får beskjed på VHF-radio. Helikopter vert sendt mot Hustadvika.

Prikken bevegar seg stadig nærare land.

Klokka er 13.51, og motorane på det 2 år gamle cruiseskipet har fått blackout. Det betyr at alle fire motorane er ute av spel og skipet har kurs mot land.

Kart viser posisjonen Viking Sky hadde kl. 13.51 (ca. 5 km fra land)

Klokka 14.00 er skipet i drift innover mot land utan eiga motorkraft. Kapteinen melder mayday over radioen.

Kart viser posisjonen Viking Sky hadde kl. 14.00 da de sendte ut mayday (ca. 5 km fra land)

Klokka 14.36 får Viking Sky til slutta stoppa drifta inn mot land. Då er det mellom 100 og 200 meter til næraste grunne område.

Kart som viser Viking Skys posisjon kl. 14.36 når de endelig får ankerfeste og stopper opp driften.

Alle mann til pumpene

På øya Midsund i Romsdal bles det så kraftig at det knirkar i tyrolarhuset til Kolbjørn Ove Stølen (58). Til vanleg jobbar han som heisoperatør og teknikar på redningshelikopteret på Florø, men no har han gått av vakt for to dagar sidan. På fritida står han i bresjen for å bygge steintrapper i Midsundfjella, og no har han akkurat kome heim frå ein forblåst fjelltur. På stova står tv-en på, og kona har skrudd lyden ekstra høgt, fordi vinden ular slik.

Stølen har berre fått av seg skoa då han får beskjed om å henge i å komme og sjå. På nyhendene ser han bilete av cruiseskipet som ligg faretruande nært land.

Kjensla i magen er ikkje god. I årevis har han drive med havrafting og han er lokalkjend i Hustadvika. Han veit kor alle holmar og skjær er.

– Då eg høyrde talet på folk, tenkte eg at dette kunne bli dramatisk, seier Stølen.

Sjølv om han har fri, melder han seg til teneste for arbeidsgivaren CHC, for å bidra der han kan. Dugnad er noko han er god på.

Kolbjørn Stølen

Heisoperatør Kolbjørn Ove Stølen kom frå fjelltur då han fekk med seg dramaet på Hustadvika. Han hadde fri, men melde seg til teneste.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Livbåtane kan ikkje brukast

Klokka 14:44: På Hustadvika får cruiseskipet i gang ein motor og dei klarer halde posisjonen. Nøyaktig 20 minutt etterpå, klokka 15.04, er helikopteret frå Florø framme. Fartøysjef Rune Meyer Amundsen ser kraftig vind, grov sjø og det store skipet som rullar fram og tilbake i bølgene.

Den einaste måten å få passasjerane ut av cruiseskipet på, er å heise dei om bord i helikopteret. Dei høge bølgene gjer at det ikkje er trygt å bruke livbåtane. Livbåtane er absolutt det siste alternativet kapteinen på Viking Sky har.

Heller ikkje redningsskøyta og dei andre båtane, som ligg i området, kan hjelpe. Det er livsfarleg, om ikkje umogleg, for passasjerane å gå frå skip til skip under desse vertilhøva. Det kan vere snakk om 15 meters høgdeforskjell når skipa beveger seg i bølgene.

Redningsmannskapet frå Florø er drilla i å hente passasjerar frå båtar. I dag må Amundsen ta omsyn både til vindkasta og båten som bevegar seg, og nærast løftar seg opp av sjøen.

– Det er om å gjere å finne ein god rytme, seier Amundsen. Når han finn rytmen er det trygt for redningsmannen å fire seg ned på cruiseskipet, og hente dei som står på dekk i redningsvestar. 

Det går ikkje fort

Helikopteret står ei heil stund over skipet, før cruisepassasjerane er klare til å bli heist opp. Den eine passasjeren er skadd og ligg på båre.

Klokka 15.41 er ni passasjerar på veg til mottakssenteret i idrettshallen. Eit enormt hjelpeapparat med naudetatar og frivillige, står parate til å ta imot skadde, traumatiserte, kalde og våte turistar, i Brynhallen.

Amundsen veit at han ikkje kan byrje å tenke på talet på passasjerar og kor lang tid dette vil ta.

– Det viktig er å halde stemninga og humøret oppe, seier Amundsen. Han og den andre piloten sit skjerma frå resten av crewet i cockpiten, men mellom flygingane frå båten og idrettshallen, passar han på at alle kollegaene har det bra. Dei får klapp på skuldra og skryt for jobben. Den erfarne piloten veit også at det er viktig å halde blodsukkeret oppe i ein så tidkrevjande redningsoperasjon. Hans hemmelege våpen er cola og snickers.

Teknisk undersøking av helikoptera som deltok i Viking Sky redningsoperasjon

Mellom turane frå cruiseskipet og Brynhallen blei helikoptera inspiserte. Kolbjørn Ove Stølen melde seg til teneste laurdag ettermiddag.

Foto: privat

Oljeindustrien trår til

Det er ikkje fort gjort å heise turistane opp frå båten. Nokre av dei er svært gamle og sit i rullestol. Det er også for mykje turbulens til at to helikopter kan jobbe samstundes. Dei må heise passasjerane kvar sine gongar.

Helikopter som vanlegvis er tilknytt oljeindustrien og stasjonert på plattformer, blir bedt om å hjelpe.

På bakken på Hustad har det blitt oppretta eit teknisk vedlikehaldssenter for helikoptera. Der fylgjer teknikar Kolbjørn Støylen med på gangtida og utfører inspeksjonar kvar gong helikoptera fyller drivstoff.

– Eg rekna ut at det vil ta 43 timar å heise ut alle passasjerane frå cruiseskipet dersom ein brukar berre to minutt på kvar, seier Stølen.

Evakuerte hentes fra skipet med helikopter fraktes et mottak på land ved Brynhallen

Dei evakuerte passasjerane vart møtt av helsepersonell då dei landa ved Brynhallen.

Foto: Odd Roar Lange / NTB scanpix

Svenskar og danskar må hjelpe

Også svenske, danske og britiske redningssentralane blir involverte i dramaet på Hustadvika.

På Hovedredningssentralen må redningsleiarane tenke fleire tankar samstundes. Kva om noko dramatisk skjer ein annan plass i landet? Er beredskapen god nok, når seks helikopter er sendt i same retning og to til står klare til å flyge til Hustadvika på kort varsel?

Løysinga blir å kontakte gode naboar. Eit dansk helikopter flyg til Kristiansand og er parat til å rykke ut på andre hendingar. Under dei dramatiske timane tar Danmark og Sverige dessutan eit ekstra ansvar for å passe på Skagerak.

Storbritannia har også fått telefon og står klare dersom det blir behov for meir assistanse.

På full fart mot grunnen

18:55: I rorhuset på frakteskuta Hagland captain er mannskapet på ni samla for å sjå på cruiseskipet Viking Sky. Det ligg i den frodande sjøen, med redningshelikopter hengande over. Frakteskipet er lasta med tømmer og på veg til Skogn i Trøndelag. Mannskapet er vande med dårleg ver og kapteinen tenker aldri at dei bør vente med å gå over Hustadvika, til stormen har lagt seg. Denne laurdagen har fleire båtar trafikkert strekninga, medan nordgåande og sørgåande hurtigrute ligg til kai i uveret.

Ein av mannskapet i Hagland captain filmar redningsaksjonen med mobilen sin, då det plutseleg bygg seg opp ei enorm bølge, som skyl over båten og kjem heilt opp i rorhusvindauget. Kort tid etter stansar motoren, straumen går og båten driv rett mot eit skjer.

Kaptein Nils Kristiansen veit inderleg godt at redningsfolka har fullt opp å gjere med cruisepassasjerane, men han har ikkje anna val enn å sende ut mayday-melding. Skuta er om lag 40 meter frå ei grunne.


Rescue helicopter, Hagland Captain
We have lost our engine
So we are, we are in a bad situation

Skal ikkje vere mogleg

18:56: Fartøysjef Rune Meyer Amundsen på R-8 trur nesten ikkje det han høyrer. Kva er oddsen for at to skip skal havarere på same stad, på same dag til same tid?

– Det er som om det skulle vore ein film. Det skal ikkje vere mogleg, seier Amundsen.

Han set kursen mot Hagland Captain og ser frakteskuta ligge med sterk slagside fordi tømmeret har flytta seg til den eine sida. Han tenker at båten kjem til å gå ned. Dette blir ein mykje vanskelegare redningsoperasjon enn å hente passasjerar frå Viking Sky.

Klokka 18.56 må fartøysjefen på Hagland Captain (i svart) melde mayday over radioen.

Allereie klokka 18.58 har det første helikopteret plassert seg over Hagland Captain. Helikopteret var i lufta for å arbeide med cruiseskipet Viking Sky (i raudt), og følgjer lasteskipet medan det driv mot land.

Klokka 21.30 har ikkje mannskapet på Hagland Captain anna val enn å hoppe i sjøen. Dei skal evakuerast med helikopter, og lasteskipet ligg faretruande nær land.

Om bord i Hagland Captain får dei ut ankera og båten stoppar å drifte. Kanskje kan dei unngå evakuering likevel?

Etter ei lita stund slepp ankera taket og båten er i drift att. Dei ni må ut av båten fort, men det er ikkje trygt at ein redningsmann frå helikopteret skal firast ned på båtdekket for å hente dei. Skipet kan plutseleg gå rundt.

Hoppar på sjøen

Kaptein Nils Kristiansen om bord Hagland Captain

Nils Kristiansen er kaptein på frakteskuta Hagland Captain. Han er takksam for at han redningsfolka var så nær, då skipet hans stod i fare for å gå på grunn.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Mannskapet og kaptein Nils Kristiansen har ikkje anna utveg enn å hoppe på sjøen. Det er mørkt og kaldt der dei står og ventar på at båten skal bevege seg til sida, slik at avstanden ned til sjøen ikkje blir så høg. For nokre blir det likevel fire meter ned.

– Du må berre stole på at redningsmannskapet kan berge deg, seier kaptein Nils Kristiansen.

Over frakteskuta heng helikopteret R-8 og Rune Meyer Amundsen, medan mannskapet hoppar ein og ein på sjøen i dei høge bølgene. For redningsmannen er det krevjande å symje bort og feste slynga i overlevingsdrakta. Sikta er dårleg på grunn av mørket, og bølgene er så høge at dei skyl over han. I tur og orden blir mennene heisa om bord i helikopteret.

Det er ikkje mange minutta dei har vore i vatnet, men med så grov sjø, svelg dei likevel vatn. Heilt til slutt blir kaptein Nils Kristiansen heist inn i eit av helikoptera.

– Det var ei god kjensle då redningsmannen kom ned og tok over kommandoen. Det var ein utruleg proff redningsaksjon, seier Nils Kristiansen.

Hagland Captain i havsnaud

Ni personar var om bord i frakteskipet Hagland Captain. Mannskapet måtte til slutt hoppe på sjøen.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Jobbar heile natta

Klokka 20.29: Viking Sky ligg no i djupare farvatn og alle passasjerar som er skadde og treng båre har blitt sendt til sjukehus. Evakueringa held likevel fram i same tempo, men snart treng redningsfolka som kom først, kvile.

Ved midnatt trer Rune Meyer Amundsen av vakt. Han kjenner seg ikkje sliten etter 10 timar intens jobbing.

– Du har så mykje adrenalin i kroppen og er så gira, at eg følte meg tipp topp, seier Amundsen.

For Kolbjørn Ove Stølen er det meir jobb i vente. Det er plutseleg behov for han i lufta. Frå klokka 01.30 om natta gjer heisoperatøren og teknikaren det han kan aller best. Heise folk opp i helikopteret. Enkelte av turistane er så letta og glade at dei jublar. Denne natta blir det mange klemmar og handtrykk for Stølen. Det er vanskeleg å prate i helikopteret på grunn av høg støy, men heisoperatøren forstår veldig godt kroppsspråket.

I 9-tida søndag morgon stansar evakueringa og då er 460 personar frakta ut av cruiseskipet. Til saman 26 personar har blitt sendt til sjukehus for behandling. Resten av passasjerane blir med når Viking Sky set kursen inn mot Molde kai, for eiga maskin.

Klokka 15.11 blir Mayday kansellert og ein av dei største redningsaksjonane i Noreg i nyare tid er over, med ein lukkeleg slutt.

– Enkelte turistar seier at vi redningsfolka risikerte våre eigne liv. Det er berre tull. Vi har gjort jobbane våre, men aldri risikert livet. Dei ekte heltane er alle frivillige som stilte opp, seier Rune Meyer Amundsen.

Viking Sky til Molde

Dagen etter dramatikken, gjekk Viking Sky til Molde for eiga maskin.

Foto: Remi Sagen / NRK