Hopp til innhold

Havarikommisjonen: Cruiseskipet Viking Sky burde ikkje ha segla frå Tromsø

Cruiseskipet var nær ved å grunnstøyte og 1373 personar var i livsfare. Fem år etter er rapporten til Havarikommisjonen klar. Dei meiner skipet ikkje burde ha forlate Tromsø med tekniske problem.

Viking Sky

Helikoptera gjekk i skytteltrafikk med passasjerar mellom Viking Sky og land under redningsaksjonen. Skipet skulle segle frå Tromsø til Stavanger.

Foto: Odd Roar Lange

23. mars 2019 fekk cruiseskipet stans på alle motorane i full storm over det vêrharde havstykket Hustadvika i Romsdal. Skipet var berre sekund unna å gå på grunn.

Dei 915 passasjerane og mannskapet på 458 var i livsfare, før dei fekk i gang att maskineriet.

Det blei sett i gang ein enorm redningsaksjon med helikopter for å hente ut flest mogleg, fordi det var for farleg å sette ut livbåtane. TV-bileta av dramaet blei vist verda rundt.

Den dramatiske videoen skal være fra en Viking Sky-passasjer som venter på evakuering. (Alexus Sheppard/Twitter)

Den dramatiske videoen skal vere frå ein Viking Sky-passasjer som ventar på evakuering. (Alexus Sheppard/Twitter)

Skulle ikkje reist frå Tromsø

Ulykka kunne ha blitt ei av dei verste katastrofane til sjøs i moderne tid.

Ei stor internasjonal gruppe med ekspertar frå amerikansk, britisk, australsk, italiensk og norsk Havarikommisjon har jobba med å finne årsaka til at det nye norske cruiseskipet kunne få black-out på alle fire motorane samstundes.

Avdelingsdirektør Dag S. Liseth i Statens havarikommisjon for transport

Dag Liseth er avdelingssjef og leiar for Sjøfartsavdelinga i Havarikommisjonen.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Mange år forseinka er no rapporten klar. Havarikommisjonen meiner at skipet aldri burde ha lagt ut på ruta fordi dei hadde ein dieselgenerator som ikkje fungerte då dei la frå kai i Tromsø.

Både mannskap og passasjerar var då uvitande om at dei var utsett for ein auka risiko, skriv kommisjonen i rapporten.

– Du har eit regelverk som heiter Safe return to port. Det krev at du skal kunne slå ut eitt av to maskinrom. I Viking Sky var dei allereie utan eit av framdriftsmaskineria. Det betydde at under dei vêrforholda hadde dei ikkje nok maskinkraft til å forlate Tromsø og gå inn i Hustadvika, seier Dag Liseth.

Han er avdelingssjef og leiar for Sjøfartsavdelinga i Havarikommisjonen.

Den utløysande årsaka til havariet var at det var for lite smørjeolje på tankane og tankane var heller ikkje designa i samsvar med motorfabrikken si anbefaling, hevdar Havarikommisjonen.

Passasjerar på "Viking Sky" gjer seg klar til evakuering

Passasjerane gjorde seg klare til evakuering. Det var for dårleg ver til at livbåtane kunne brukast.

Hadde ikkje tilstrekkeleg opplæring

Undersøkinga har avdekka både operasjonelle, tekniske og organisatoriske tryggleiksproblem som på ulike måtar bidrog til at skipet fekk dei ein kalla blackout, altså at motorane stansa.

Dei tilsette hadde heller ikkje fått tilstrekkeleg opplæring blir det konkludert med.

Dei hadde aldri trent på fullskala black out, utan nokon form for back up. Maskinistane blei difor stilt overfor ein situasjon dei ikkje var trente på å handtere. Situasjonen var stressande og kontrollsystemet komplekst, ifylgje rapporten.

Den utilstrekkelege opplæringa bidrog mest truleg til at gjenopprettinga av motorkrafta blei tidkrevjande, heiter det i rapporten. Det gjekk 39 minutt frå black out til begge framdriftsmotorane var i drift igjen.

Viking Sky

Viking Sky var berre om lag ei skipslengde frå å grunnstøyte. Ulykka hadde potensial til å bli ei av dei verste katastrofane til sjøs i moderne tid, skriv Havarikommisjonen i rapporten.

Foto: Åse Grete Farstad

Må gjennomgå andre skip

William John Bertheussen, som er direktør i Statens Havarikommisjon seier at undersøkingane har vore svært krevjande.

– Vi har brukt mykje tid og mykje ressursar på å kome til botns i saka. Det har vore mange internasjonale involverte, mange aktørar, kompliserte tekniske anlegg og vanskeleg internasjonalt regelverk, seier Bertheussen.

William John Bertheussen er administrerende direktør i Statens Havarikommisjon

William John Bertheussen, som er administrerande direktør i Statens Havarikommisjon, seier at det er brukt store ressursar på rapporten.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Eitt av tiltaka som Havarikommisjonen kjem med er at den italienske verftsgruppa Fincantieri må undersøke om andre skip bygd ved same verft kan ha smørjeoljetankar som ikkje oppfyller gjeldande regelkrav, og eventuelt sette i verk nødvendige tiltak.

Havarikommisjonen har også vanskar med å forstå kvifor det tok så lang tid for mannskapet å fylle på olje og kvifor dei strevde med å gjenopprette styring og framdrift.

Dei foreslår difor å endre standarden slik at det blir gjort lydopptak får maskinrommet.

Meiner smørjeoljetankane er innanfor kravet

Sjøfartsdirektoratet meiner det er bra at det har kome ei grundig gransking av hendinga, men dei er ikkje samd i alle vurderingane til Havarikommisjonen.

Dei meiner at designen av smørjeoljetankane er klart innanfor regelverket. Dei meiner at for lite olje på tanken var årsaka til ulykka og at dersom det er høgare nivå av olje på tanken, skjer det ikkje black out eller oljetrykkfall.

Knut Arild Hareide på veg frå Aukra til Hollingsholmen.

Sjøfartsdirektør Knut Arild Hareide meiner at utforminga av smørjeoljetankane er innanfor regelverket.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

– Hadde vi ikkje vore sikre på dette, ville både Viking Sky og fartøy med tilsvarande løysingar, blitt lagt til kai av oss. Vi tar sikkerheita på alvor, noko vi også har gjort i oppfølginga av Viking Sky. Kommisjonen skal sjølvsagt få lov til å vere ueinig, men det påverkar ikkje vår sterke faglege vurdering på dette punktet, påpeikar sjøfartsdirektør Knut Arild Hareide i ei pressemelding.

Dei meiner at det dermed ikkje er relevant at den eine generatoren var ute av drift då skipet forlét Tromsø, fordi blackouten uansett ville ha skjedd på grunn av det låge oljenivået.

I etterkant av nestenulykka sette regjeringa ned eit offentleg utval som vurderte beredskapen med den auka cruisetrafikken i norske farvatn. Dei har mellom anna foreslått å gi cruiseskip avgrensingar når det er dårleg ver.

Ankeret på Viking Sky knakk rett av da kapteinen prøvde å avverge at skipet skulle grunnstøte

Ankeret på Viking Sky knakk rett av da kapteinen prøvde å avverje at skipet skulle grunnstøyte.

Foto: Ann Eli Nøsen
I full storm på eitt av dei mest berykta havstykka langs norskekysten mister cruiseskipet med 1300 personar om bord all motorkraft. Redningsaksjon som følgjer balanserer på kanten av kva som er mogleg for å berge skipet og passasjerar.

I full storm på eitt av dei mest berykta havstykka langs norskekysten mister cruiseskipet med 1300 personar om bord all motorkraft. Redningsaksjon som følgjer balanserer på kanten av kva som er mogleg for å berge skipet og passasjerar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Fredag gjekk det eit steinras i Trollstigen. Foto: Dag Christian Ugseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Steinras i Trollstigen – kjem ikkje til å påverke opninga