Hopp til innhold

Kanalkaos under Viking Sky

Helsepersonell på land fekk ikkje nok pasientinformasjon under Viking Sky-aksjonen. Kanalkaos gjer store redningsaksjonar til sjøs vanskelegare å styre etter at naudnettet til seks milliardar blei innført.

Helikopter evakuerer passasjerar frå Viking Sky

SKYTTEL: Helikoptera gjekk i skytteltrafikk med passasjerar mellom Viking Sky og land under redningsaksjonen.

Foto: Torgeir Are Sortehaug

Redninga av Viking Sky og Hagland Captain på Hustadvika 23. mars i år er ein av dei mest utfordrande redningsaksjonane i Noregshistoria.

Det er ei suksesshistorie.

Men no kjem evalueringsrapportane som også peikar på det som ikkje gjekk bra.

Hektisk

Ved Hovudredningssentralen for Sør-Noreg fekk dei ein svært hektisk laurdag på jobb. Dei styrte den store redningsaksjonen der kommunikasjonen gjekk føre seg på mange forskjellige kanalar.

Før naudnettet vart innført, kunne alle snakke saman via VHF-radio (Veldig Høy Frekvens), men no er det fleire naudnettkanalar på land, medan det er VHF til sjøs. Dei private offshorehelikoptera som deltok i Viking Sky, bruker også VHF – medan dei offentlege redningshelikoptera er på naudnettet.

Ståle Jamtli, Hovedredningssentralen

Ståle Jamtli ved Hovudredningssentralen Sør Noreg

Foto: Thomas Ystrøm

– Naudnettet har gjort ting mykje betre på landsaksjonar. Det er når vi må kommunisere med både land og sjø ved aksjonar nært kysten at dette blir noko komplekst, seier Ståle Jamtli, operativ redningsinspektør ved Hovudredningssentralen Sør-Noreg.

Mangla informasjon

Helse Møre og Romsdal skriv i si evaluering at dei ikkje fekk nok informasjon om passasjerane som blei frakta i skytteltrafikk med helikopter mellom cruiseskipet Viking Sky og land.

Hans Olav Ose

Beredskapsleiar Hans-Olav Ose i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Aksjonen blei handtert veldig bra. Men når vi no skal evaluere, er det viktig å få fram det som kan bli betre. For vår del var eit av momenta at vi fekk for lite informasjon. Dei på bakken visste ikkje om det var skadde i helikoptera som landa, eller berre uskadde, seier Hans-Olav Ose som er beredskapsreiar i Helse Møre og Romsdal.

Informasjon fra HRS oppleves som ufullstendig. Ulempe i forhold til felles forståelse mellom maritime enheter og landbasert redningstjeneste.

Evalueringsrapporten til Helse Møre og Romsdal etter Viking Sky-havariet

Dermed måtte Helse Møre og Romsdal vere klare til å takle alt kvar gong eit helikopter landa.

Hovudredningssentralen vedgår at det var fleire enn Helse Møre og Romsdal som følte at dei ikkje fekk den informasjonen dei trengde under aksjonen.

– Dette er ei samansett utfordring, men vi har ikkje eit samband som gjer at land og sjø kan snakke saman, seier Jamtli.

Helikopter evakuerer passasjerar frå Viking Sky

NÆR KATASTROFE: Evalueringsrapportar har vist at Viking sky berre var to minutt unna å gå på grunn i full storm på Hustadvika i mars.

Foto: Torgeir Are Sortehaug

Tungvint system

Det er heller ikkje eit sentralt system i Noreg for å dele informasjon digitalt ved store aksjonar. Dermed sit det folk på forskjellige operasjonssentralar, og alle loggar kvar sine informasjonsbitar basert på det dei snakkar med den andre sentralen om.

– Dersom dei hadde hatt eit digitalt system, så kunne dei utveksla denne informasjonen ved eit tastetrykk. Mykje tid hadde vore spart på det, seier Ståle Jamtli ved Hovudredningssentralen.

Viking Sky til Molde

PÅ SLEP: Viking Sky blir slept trygt i hamn i Molde dagen etter havariet på Hustadvika.

Foto: Remi Sagen / NRK

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap har starta eit prosjekt som skal sjå på korleis naudetatane og HRS skal kunne dele meir informasjon på tvers mellom kontrollromma.

– Dette vil vere eit tiltak for å betre kommunikasjonen, seier Sigurd Heier, avdelingsdirektør for nød- og beredskapskommunikasjon i DSB.

Han er klar over at alle dei forskjellige kanalane blei ei utfordring under Viking Sky.

Sigurd Heier, DSB

Sigurd Heier, i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Foto: Anita Andersen / DSB

– Naudnettet fungerte som det skulle under heile operasjonen, og er eit stort løft for beredskapen. Men det blei likevel krevjande å få eit felles situasjonsbilde for alle involverte på både land, sjø og i lufta, seier Heier.

Det er venta at Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal legge fram ein rapport om Viking Sky-havariet innan november, og Havarikommisjonen skal etter planen publisere sin rapport seinast i mars 2020.

I full storm på eitt av dei mest berykta havstykka langs norskekysten mister cruiseskipet med 1300 personar om bord all motorkraft. Redningsaksjon som følgjer balanserer på kanten av kva som er mogleg for å berge skipet og passasjerar.

I full storm på eitt av dei mest berykta havstykka langs norskekysten mister cruiseskipet med 1300 personar om bord all motorkraft. Redningsaksjon som følgjer balanserer på kanten av kva som er mogleg for å berge skipet og passasjerar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL